Difor må feminisme inn i pensum


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På ungdomsskulen hadde eg ein mannleg kontaktlærar som også underviste i blant anna naturfag og gym. Han var ein flink lærar, men dei fleste jentene i klassen syntest han var ubehageleg. «Ekkel» var ordet me brukte.

Det var fleire ting som gjorde han «ekkel». Han brukte til dømes kjælenamn som «pus» til utvalde jenter i klassen. I 10. klasse skulle han ha seksualundervisning med oss, og starta timen med spørsmålet, «er det nokon som veit kvifor menn liker kvinner med store lepper?». Ein elev rakk opp handa. «Dei syg betre,» svara han, og fekk ros av læraren for å ha svara rett.

I ein gymtime skulle ei gruppe jenter vise fram sin sjølvkomponerte koreografi til klassen. Læraren stilte seg bak jentene. Han ville vurdere dansen bakfra, sa han.

Ein dag fortalte læraren at han skulle slutte på skulen vår. Dei fleste av oss tenkte oss fram til kva me trudde var grunnen til det. Heilt fram til eit par veker seinare, då nyheita kom om at han hadde begynt som lærar på ein annan ungdomsskule.

Han kunne kome inn i garderoben før eller etter gymtimen utan å banke på

Ein av dei nye elevane hans var ei bekjent av meg. Ho fortalte han kunne kome inn i garderoben deira før eller etter gymtimen utan å banke på. Ein gong skulle dei lære om salsa i gymtimen, og læraren dansa med henne for å vise stega for dei andre.

– Han var litt for nær. Han levde seg ganske inn i det, for å seie det sånn, fortalte ho.

Me snakka om læraren sin oppførsel oss elevar mellom, men me kimsa av det. Eg kan hugse ei kjensle av aksept. Slik var det berre, tenkte eg. Slikt måtte me berre finne oss i.

Ikkje før me diskuterte #MeToo-kampanjen her ein dag innsåg eg at det læraren på ungdomsskulen gjorde var seksuell trakassering.

I likestillingslova er seksuell trakassering definert som «uønsket seksuell oppmerksomhet som er plagsam for den oppmerksomheten rammer». Maktubalanse er ofte ein stor komponent i tilfelle av seksuell trakassering, til dømes mellom leiar og tilsett eller mellom lærar og elev.

Saka frå i sommar då studentar ved Universitetet i Stavanger anklaga ein professor for å ha sendt dei grove tekstmeldingar er eit døme på eit slikt tilfelle. Men desse studentane var vaksne, ressurssterke kvinner. Yngre elevar er nødvendigvis ikkje det.

Hadde me visst meir om våre rettar, om likestilling, seksuell trakassering og feminisme på ungdomsskulen, hadde kanskje situasjonen vår utarta seg annleis. Kanskje jentene ikkje hadde funne seg i å bli kalt «pus». Kanskje me hadde fortalt til andre vaksne at læraren vår oppførte seg «ekkelt».

Seksuell trakassering skjer ikkje berre på arbeidsplassen. Det skjer i alle område av samfunnet, og er eit stort hinder for å oppnå full likestilling. Difor bør feminisme bli ein del av undervisninga tidlegast mogleg. Elevane kan bli bevisstgjort på kvinners underordna stilling i samfunnet og korleis det utartar seg i praksis.

For ein måte å få slutt på undertrykkinga er nettopp kunnskap og bevisstgjering. Bevisstgjering om kva som er grei og ugrei oppførsel. Kunnskap om kva ein skal gjere viss ein opplever det.

Til det er vel ingen arena betre enn skulen?