VG legg ned «Unge meninger»
Etter tre år legg VG ned satsinga si på ung debatt.

Førre veke melde Journalisten at VG legg ned satsinga si «Unge meninger».
Satsinga vart først lansert under namnet «25 under 25». Kommentator Selma Moren har hatt ei profilert rolle i prosjektet, men får ikkje forlenga prosjektstillinga si ut over dei tre åra.
Prosjektet vart først annonsert hausten 2022 og fekk midlar frå Stiftelsen Tinius, som no eig Schibsted Media åleine.
– Me har hatt gode resultat, men det er nok dårleg timing for å fortsetja eit sånt eksternt finansiert prosjekt, seier Moren til Journalisten.
Moren snakka om nedlegginga saman med VG-redaktør Gard Steiro og VG-journalist Anders Giæver under landsmøtet til Norsk Journalistlag i ein sceneversjon av VG-podkasten «Mediebobler».
– Satsingar på unge lesarar og talent er noko som blir snakka veldig varmt om når dei vert sette i gang, men så blir dei veldig ofte lagt ned. «Unge meninger» er det tredje debattprosjektet for ungdom som no blir lagt ned, og eg trur vi har vore det siste store, sa ho frå scena ifølgje Journalisten.