Slik blir det nye Stortinget
Tysdag sende finteljinga kandidatar inn og ut av Stortinget, men no ser det meste ut til å vere klart. Valdeltakinga ser ut til å ende på 77,7 prosent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arbeidarpartiet har bikka 800.000 stemmer, nær 70.000 fleire enn det nest største partiet, Høgre. Fleire enn 444.000 stemmer gjekk til Framstegspartiet, mens Senterpartiet har brote 300.000-grensa.
Med 99,8 prosent av stemmene talde opp, har KrF og Venstre onsdag formiddag noko over 120.000 stemmer. Det er nok til å bryte sperregrensa og partia får åtte mandat kvar. Miljøpartiet Dei Grøne har berre rundt 30.000 stemmer færre, men endar under sperregrensa og får altså berre éin stortingsrepresentant.
Av dei 19 utjamningsmandata går seks til SV, fem til KrF, fire til Venstre, tre til Høgre og eitt til Senterpartiet. Det gir denne mandatfordelinga: Ap 49, Høgre 45, Frp 27, Senterpartiet 19, SV 11, KrF 8, Venstre 8, Raudt 1 og MDG 1.
Størst framgang hadde Senterpartiet med 9 nye mandat, mens SV fekk 4 nye. Tilbakegangen var størst for Ap som mista 6. Høgre mista 3 og Frp 2. Venstres Sveinung Rotevatn mista sitt mandat i Sogn og Fjordane, mens dei to KrF-profilane Hans Olav Syversen og Line Henriette Hjemdal mista sine plassar på Oslo- og Østfold-benken.
Dei fire partia på borgarleg side har fleirtal med 88 mandat mot 81 for dei raudgrøne, om ein reknar med mandata til Raudt og MDG.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Forskar: Valet viser gryande generasjonskløft