Slutt på «hjerte/smerte» i norske dikt

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slutt på rim i norske dikt

Kulturrådet må ta sin del av skulda for at norske diktarar nesten heilt har slutta å rime i løpet av dei siste 50 åra, meiner litteraturvitar Bjørn Jonssønn Berge. 25-åringen har sett nærare på rimet si stilling i norsk lyrikk i ei fersk masteroppgåve ved Universitetet i Oslo, og funne ut at talet på diktsamlingar med rim har stupt sidan Kulturrådet blei oppretta i 1965.

Ei av oppgåvene Kulturrådet har, er å kjøpe inn bøker av høg litterær kvalitet til biblioteka i landet (sjå faktaboks). I 1966 kjøpte dei inn 47 diktsamlingar. 20 av desse – nesten halvparten – inneheldt i hovudsak dikt med enderim. Resten hadde for det meste fri form.

Derifrå har andelen diktsamlingar med rim i innkjøpsordninga falle til ein firedel i 1975, ein åttedel i 1985 og ein fjortandedel i 1995. Både i 2005 og 2014 kjøpte Kulturrådet berre inn éi diktsamling på rim.

Kritikarroste diktsamlingar med rim som Jon Jakob Tønseths Muntre dødsdikt og andre dikt og Åsmund Bjørnstads Kvit stein har dei siste åra blitt avviste eller «nulla» av vurderingsutvalet.

Her fortel Berge om masteroppgåva si, og samanliknar OnkelP med Petter Dass: – Rappen har redda rimet

rim-graf2a
Rimet blir skvisa ut av norsk lyrikk. Tal på diktsamlingar med overvekt av rim (blå stolpe) som har blitt kjøpt inn av Kulturrådet samanlikna med samlingar med hovudsakleg fri form (grøn stolpe) dei siste femti åra. Kjelde: Bjørn Jonssønn Berge, «Rimets aktualitet»

Høna eller egget?
Ved å nedvurdere rima dikt kan Kulturrådet ha «bidratt til rimets fall», skriv Berge i oppgåva. Den påstanden blir «litt for valdsam» for seksjonsleiar for litteratur i Kulturrådet, Arne Vestbø.

– Det trur eg er å gi innkjøpsordninga mykje meir makt enn ho har, sjølv om me er klare over at ho har ganske mykje makt. Eg tviler på at det sit lyrikarar rundt i landet og tenkjer mykje på kva Kulturrådet godtar når dei skriv sine dikt.

Når ei bok blir nulla, taper forlaget inntektene for sal av 773 bøker. Vestbø vedgår at dette i nokre tilfelle kan vere det som avgjer om ei bok går i pluss eller minus, særleg for diktbøker som har ein liten kommersiell marknad.

– Som ein viktig kulturell aktør som bestemmer kva som blir kjøpt inn og kva som blir nulla ut, så sender dei signal til forlaga om kva slags bøker dei vil ha, seier litteraturvitar Berge.

I tillegg til tala som viser at Kulturrådet gradvis har kjøpt inn færre og færre rima diktsamlingar, trekk han fram uttalar i media frå folk i vurderingsutvala som har vore negative til tradisjonell lyrikk og rim.

– Men det tyder ikkje at dei har hovudskulda for at rima dikt forsvinn, understrekar han.

I masteroppgåva forklarer han at trenden har bakgrunn i modernismen og oppgjeret med kulturelle tradisjonar etter 2. verdskrigen, men meiner likevel Kulturrådet med sin innkjøpspolitikk har forsterka utviklinga. Det synet deler ikkje seksjonsleiar Vestbø.

– Eg trur heller det som har skjedd i innkjøpsordninga er ein konsekvens av utviklinga, meir enn at det er ei årsak, seier han.

LES OGSÅ: – Dikta mine er ikkje så kompliserte, eigentleg, seier poet Ruth Lillegraven

rimbjorn1
– Eg er i utgangspunktet positiv til innkjøpsordninga, seier Bjørn Jonssønn Berge, som har bladd seg gjennom alle diktbøkene Kulturrådet kjøpte inn i seks utvalde år for å telja rim.

– Bør ha mangfald
Berge meiner at det ikkje er «superproblematisk» i seg sjølv at Kulturrådet kjøper inn færre bøker på rim, men minner om at litteratursynet til dei som sit i vurderingsutvalet har mykje å seie.

– Det er ganske få som sit i vurderingsutvalet, og viss dei har ein veldig klar litterær smak, så kan det vere problematisk. Det gjeld ikkje berre rim, men også andre ting, seier han.

Dette er eit poeng som går att i debatten om innkjøpsordninga for skjønnlitteratur, som har blussa opp med jamne mellomrom dei siste åra. I fjor vekte det oppsikt at Kulturrådet «nulla» populære bøker som Linnea Myhres Hver gang du forlater meg og Hans Olav Lahlums Sporvekslingsmordet.

Nyleg skreiv også Klassekampen om at ei handfull kritikarroste poetar på etablerte forlag blei nulla i 2016, noko fleire forfattarar reagerte på. Oddmund Hagen, Helge Torvund og Per Olav Kaldestad skreiv i eit lesarinnlegg at vurderingsutvalet «representerer eit heller smalt litterært spektrum».

Litteraturvitar Berge er samd med dei røynde poetane.

– Det har vore teikn tidlegare til at det er ein fire-fem folk som deler dei same ideane om kva litteratur er og bør vere, og eg tenkjer at ein bør ha større mangfald, seier han.

LES OGSÅ: Linnéa Myhre skreiv Årets bok i 2016

– Ikkje personleg smak
Arne Vestbø i Kulturrådet deler ikkje oppfatninga om at det har vore ein konsentrasjon av folk med likt litteratursyn i vurderingsutvala. Han peikar på at medlemene i utvala blir bytta ut kvart andre eller fjerde år, og at dei er sette saman for å sikre ei breidde i bakgrunn og kompetanse.

Samstundes peikar han på at litterær kvalitet aldri kan definerast éin gong for alle.

– Når me driv med estetikk og skjønnsvurderingar, må me leve med at viss det sat fire andre personar der, så ville dei kunne dei ha landa på andre vedtak i nokre tilfelle. Likevel må me tru at dei i dei fleste tilfelle ha landa på det same med dette systemet, seier Vestbø.

– Så dei vurderer ikkje berre ut frå sin personlege smak?

– Nei, det skal ikkje vere det. Skjønnsutøving og litterær kompetanse er eit fag, seier Vestbø.

Les også om dei fire unge, danske poetane som nyleg er omsette til norsk: – Det handlar om å opne grensene mellom nabolanda

Faktaboks

Norsk kulturråd er eit offentleg organ som ligg under Kulturdepartementet. Dei forvaltar ei rekkje støtteordningar til kunst og kultur i Noreg.

Kulturrådet kjøper inn bøker og tidsskrift til norske bibliotek gjennom seks innkjøpsordningar.

I innkjøpsordninga  for ny norsk skjønnlitteratur blir bøker for vaksne kjøpte inn i 773 eksemplar, og bøker for barn og unge i 1480 eksemplar.

Eigne vurderingsutval med fire medlemer vurderer om bøkene som blir påmelde til ordninga held høg nok kvalitet til å bli kjøpte inn.

Viss ei bok blir avvist eller «nulla» av vurderingsutvalet, taper forlaget store inntekter. Eit avslag blir ikkje grunngitt, og kan ikkje ankast.

Tidlegare kunne forlaga anke viss ei bok blei nulla. Den moglegheita blei fjerna i 2015, samstundes som utvalet blei utvida frå tre til fire medlemer.