Årets nyord er «falske nyheiter»

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet meiner årets nyord er omgrepet «falske nyheiter».

– Ordet er ikkje heilt nytt, men bruken har eksplodert det siste året, seier seniorforskar Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Omgrepa «plastkval», «lynladar» og «imamsleikar» var også med i vurderinga, men nådde ikkje opp mot falske nyheiter.

Politikk og media

Kvart år kårar Språkrådet og Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH), årets ord. Det kan vere eit nyord eller ord av nyare dato som har prega året. Lista i år er prega særleg av ord og frasar frå ordskiftet i politikk og media. Samtidig viser lista at språket vårt får påfyll av nyord frå ny teknologi og andre nyvinningar.

– Bruken av frasen falske nyheiter har eksplodert det siste året, og det er det mest brukte nyordet blant kandidatane i år. Frasen speglar kampen om sannferdige nyheiter i den offentlege debatten på ein heilt ny måte, både i Noreg og elles i verda, seier Ole Våge.

Ole Våge. Foto: Språkrådet

Politisk debatt i høgare gir

– Lista er elles prega av stortingsvalkampen, og fleire av orda, som imamsleiking og svenske tilstandar, viser at norsk politisk debatt har gått over i eit høgare gir, der spissformuleringar og negative karakteristikkar blir stadig vanlegare, seier Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH).

I kåringa av årets ord har Språkrådet blant anna brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå mange store riks- og regionaviser. Kriteria for å velje ut årets ord er at dei skal vere aktuelle og mykje brukt i år. Orda skal helst vere levedyktige, kreative og ha gode språklege kvalitetar.

Fakta om årets ord

1. Falske nyheiter. Mykje brukt i kampen om sannferdige nyheiter. Særleg mykje brukt i USA. Tilsvarar det engelske uttrykket fake news.

2. Lillaveljar. Ein veljar som vandrar mellom raude og blå parti.

3. Plastkval. Kvalen som vart funnen utanfor Sotra med magen full av plast.

4. Imamsleiking. Sylvi Listhaug sa i valkampen at Knut Arild Hareide og andre sleikte imamar oppetter ryggen.

5. Spinner. Sommarfarsotta blant barn. Ein gjenstand som snurrar rundt seg sjølv.

6. Svenske tilstandar. Først og fremst brukt av innvandringskritiske stemmer som eit retorisk verkemiddel i debatten om innvandringspolitikk her heime.

7. Lynladar. Hurtigladar for elbilar.

8. Ekkokammer. Den sjølvforsterkande effekten når ein kommuniserer med likesinna. Blir forsterka ved at Facebook og Twitter foreslår lenker frå folk som likar dei same tinga som vi sjølv.

9. Datarulling. Omgrepet erstattar det engelske data rollover, som inneber at teleselskapa tilbyr overføring av datamengde frå ein månad til ein annan.

10. Oktober-barn. Mykje brukt i debatten om skjebnen til ei gruppe einslege mindreårige asylsøkarar som kom til Noreg frå Afghanistan i 2015. Mange fylte 18 år i haust og skulle då ifølgje UDIs regelverk sendast ut av landet.

FÅ OGSÅ MED DEG: Journaliststudent: – Kjeldekritikk blir nemnt i kvar førelesing