Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Agnes Ravatn: – Eg likar hyggetyranniet i Oslo

– Viss eg hadde visst då eg var 15 at eg skulle bu i Valevåg då eg var 34, ville eg ha tatt livet av meg, seier Agnes Ravatn.

Den populære forfattaren frå Ølen i Sunnhordland har budd i Bergen og Oslo i til saman 15 år. Like lenge har ho tenkt at ho aldri skulle flytta til bygda igjen – heilt til ho plutseleg gjorde det. For to år sidan tok Ravatn med seg sambuar og barn og flytta frå leilegheita på Frogner i Oslo til eit småbruk på Valevåg i Sveio, ein knapp times køyretur frå bygda der ho vaks opp.

Denne reisa over geografiske, sosiale og mentale avstandar har ho no dokumentert i Verda er ein skandale ei bok om livet på landet. Og når ein gir ut bok, må ein på lanseringsarrangement og visa seg fram, og då må ein plutseleg til hovudstaden att. Vekkjer det den indre urbanisten som har blitt gøymt under bygdekvinne-skalet?

SV-sjokket

– Eg køyrte ei lang gjennom byen i går etter eit intervju på Sagene, og såg att gater der eg både har budd og gått mykje, og det var veldig fint vêr og folk ute i gatene. Då tenkte eg at herregud, det er jo så fint i Oslo – og eg saknar det ikkje i det heile tatt, likevel, seier Ravatn, som fortel at ho har funne den berømte freden og roen på landet.

– Alle dei naive og romantiske førestillingane om bygda har slått til. Me flytta dit eigentleg for å bli kvitt dei førestillingane, slik at me kunne reisa tilbake til Oslo når permisjonen var ferdig og slutta å drøyma om bygda. Men sånn gjekk det ikkje.

– Korleis ser eigentleg Oslo ut frå Valevåg?

– Hehe. No har vel Senterpartiet begynt å dala litt igjen, men eg forstår at dei gjer det godt. Eg forstår at Oslo framstår som arrogant sett frå distriktet, meir enn kva eg gjorde då eg budde der sjølv. Eg ser også at sjølv om Oslo var ein mangfaldig by, så levde eg livet mitt der i ein veldig snever krins.

Noko av det beste med å veksa opp på bygda jo er den store gleda det er å kunna flytta til byen i studieåra.

Ravatn omtalar miljøet ho vanka i vekselvis som «ekkokammeret», «andedammen» og «skravleklassen». Det gav lite henne å bryna seg på.

– Kvar gong det var val og eg snakka med vener om kva ein skulle røysta, tenkte eg «Herregud, i år kjem SV til å gjera det bra». Det var ei like stor sjokk kvar gong det var stortingsval og SV framleis fekk 4 prosent.

– Kjem du i forsvarsposisjon når folk snakkar om Oslo, eller har du blitt ein del av bygdeopprøret?

– Eg har eit veldig varmt hjarte for Oslo. Eg synest det er ein fin by, og eg håper ungane mine flyttar til Oslo når dei blir større. Noko av det beste med å veksa opp på bygda jo er den store gleda det er å kunna flytta til byen i studieåra.

No er det alvor

– Du har fullført reisa frå bygda til byen og tilbake til bygda. Har du bevart identiteten din gjennom den reisa?

– Eg trur at eg har ein ganske formbar identitet, sjølv om eg etter kvart byrjar å bli eit vakse menneske. Eg er skremmande tilpassingsdyktig, på nippet til å vera utan kjerne. No er eg opptatt av traktorar og gravemaskinar og sauer, og det var eg ikkje då eg budde i Oslo, seier Ravatn, og fortel om vendepunktet som inntrefte då ho sat i ein bil for nokre månader sidan:

– Eg høyrte på P2, som eg har gjort i 20 år, og midt i ein lang reportasje frå ei kunstutstilling i Berlin så slo eg over på P1, for eg gadd berre ikkje høyra meir om den kunstutstillinga. Eg skifta ikkje til P3 eller P13 ein gong, men til P1. Då tenkte eg at no er det alvor, no har eg mista meg sjølv. Far vel, kultureliten.

– Men så har du funne deg sjølv att?

– Eg har vel den same innsikta som Einar Økland (forfattarkollega og nabo i Valevåg, journ.mrk.): Eit menneske er ikkje éin ting, ein er ei lang rekkje av personar i éin person. Ein fornyar seg sjølv heile tida, utan at det tyder at ein ikkje er tru mot seg sjølv.

– Eg hadde nok ikkje trivdest like godt bygda om eg ikkje hadde budd 15 år i byen først. No veit eg kva eg går glipp av, seier Agnes Ravatn, som har kome tilbake til Oslo for å lansera boka «Verda er ein skandale». Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Triveleg tyranni

– Kva var det største kultursjokket då du flytta til Oslo?

– At folk var veldig hyggjelege med kvarandre. Det er ein ting som eg verkeleg set pris på, faktisk, no som eg er tilbake på Vestlandet. Eg blir sur på at folk ikkje kan vera litt rause og gi kvarandre kompliment. Ein skal berre halda kvarandre nede og ironisera over alt; «Jaja, du er ute og brusar med fjæra igjen, ser eg». Det er ein del av vestlandslynnet eg verkeleg ikkje hadde sakna. Eg hadde trudd at eg skulle føretrekkja det, men der har faktisk Oslo klart å snu meg.

– I boka kallar du det «hyggetyranniet»?

– Ja, og eg likar hyggetyranniet. Det tok nokon år før eg lærte å svara med same mynt, og at det å vera venleg ikkje er å mista seg sjølv. Det å vera falskt hyggjeleg er framleis hyggjeleg.

Det å vera falskt hyggjeleg er framleis hyggjeleg.

Ravatn fortel at ho tidlegare kunne skryta til folk av kor negativ og pessimistisk ho var, fordi ho tenkte at det gjorde henne interessant.

– Eg sa det til Harald Eia ein gong, og då svarte han «Åja, de held på slik enno, ja? Er ikkje det litt utdatert?» Og så tenkte eg at jo, det er det kanskje. Meir skulle det ikkje til før eg syntest det var litt flautt og barnsleg å vera så negativ.

– Kva skal til for å få meir hyggetyranni i Valevåg?

– Meir innvandring frå byane, og gjerne frå utlandet òg. Viss ein har litt språkproblem som innvandrar, så vil alt bli mykje meir komplisert viss ein skal tvihalda på den vestlandske ironien. Det er nesten umogleg å integrera folk inn i det der.

«Verda er ein skandale» handlar om livet på landet og naboskapet med den eksentriske forfattaren Einar Økland. Det Norske Samlaget, 2017.

Prestasjonssamfunnet

– Kva med å henga opp lappar med positive bodskap?

– Nei, eg trur kanskje ikkje det ville ha bite på folk.

– I Oslo har me ein post-it-gerilja som henger opp lappar med «Du er vakker» og liknande.

– Uff, ja, men snakk om å berre sementera fokuset på utsjånad. Akkurat det der ønskjer eg meg ikkje til Valevåg. Suzanne Kaluza og Ulrikke Falch er jo bra folk, men det der var skuffande.

– Det er kanskje ikkje like mykje fokus på utsjånad i Valevåg?

– Eg har slutta å sminka meg på bygda, og eg kan gå ein heil dag utan å sjå meg i spegelen. Slik var det ikkje på Frogner. Berre det å kunna gå i støvlar og regnjakke og stygge klede er veldig frigjerande.

– Så her kan Oslo importera litt frå Valevåg.

– Ja. Då me flytta var eg akkurat blitt mor, og syntest det var meir og meir ubehageleg å skulla bringa eit barn inn i eit så sterkt konkurranse- og prestasjonssamfunn som det er på Oslo vest. Uansett kor eg snudde meg var det uendeleg med ressursar, og dermed inga orsaking for ikkje å gjera det veldig bra. Det syntest eg var ubehageleg, for lett påverkeleg som eg er, så visste eg at det var ein konkurranse eg sikkert ville ha blitt med på.

– Då ville du ha kjøpt merkeklede til ungane til første skuledag.

– Rett og slett. Det vil eg ha sagt om Valevåg: Det er ikkje noko prestasjonssamfunn. Det er eit passe fornuftig, passe traust og passe venleg samfunn.

VIDEO: Slik gjekk det då Agnes Ravatn var tilbake i Oslo-gatene, og dette saknar ho mest frå livet i hovudstaden!

Agnes Ravatn

  • Fødd 8. februar 1983 i Ølen i Sunnhordland
  • Debuterte i 2007 med romanen Veke 53
  • Kjend for romanen Fugletribunalet (2013) og sjølvhjelpsboka Operasjon sjølvdisiplin (2014)
  • Har arbeidd i vekeavisa Dag og Tid
  • Verda er ein skandale er ute no på Det norske samlaget