Slik står det til med likestillinga i Noreg

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I desse dagar gjer norske kvinneorganisasjonar ferdig skyggerapporten til FNs kvinnekonvensjonskomité.

Skyggerapporten, som blir gjort offentleg neste veke, er ein av tre rapporter som skal gi eit overblikk på korleis det står til med likestillinga i landet. I år har organisasjonen Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål (FOKUS) fått ansvaret for å koordinere rapporten.

– Me har samla ei arbeidsgruppe med representantar frå alle kvinneorganisasjonar som vil bidra, fortel dagleg leiar i FOKUS Gro Lindstad.

Kvinnefronten, LO, Norske Kvinners Sanitetsforeining og Utdanningsforbundet er nokon av bidragsytarane.

Har ikkje sørga for reelle endringar

I skyggerapporten skriv kvinneorganisasjonane at arbeidet med å fremje likestilling i Noreg har reversert eller stoppa opp etter regjeringsskiftet i 2013, og at innhaldet i førre rapport difor på mange måtar framleis er gyldig i år.

– I 2012 la Skjeie-utvalget ei utreiing på norsk likestillingspolitikk, men den nåverande regjeringa har i marginal grad følgt opp denne, utdjupar Lindstad.

– Dei har sjølvsagt ikkje sete heilt stille i båten heller, og har blant anna satt søkelyset på hatprat og vald mot kvinner. Dei har likevel ikkje følgt opp så godt at det har ført til reelle endringar, held ho fram.

Framtida.no har gått igjennom rapportane frå regjeringa, Ombodet og kvinneorganisasjonane som skal kvinnekonvensjonskomiteen skal gå gjennom. Me gir deg samandrag av nokre av områda der det manglar full likestilling.

Vald i nære relasjonar

Ei undersøking viser at rundt 8 prosent av norske kvinner var utsett for grov partnarvold i 2014.

I førre kommentar til Noreg tilrådde kvinnekonvensjonskomiteen å ratifisere Europarådets konvensjon som skal gi juridisk vern for kvinner mot vald. Dei meinte også at kvinner i Noreg ikkje er godt nok opplyst om vernet dei har mot valdtekt i ekteskapet. Komiteen rådde Noreg til å inkludera ein definisjon av valdtekt som ufrivillig samleie i lovgivinga, samt lære opp lekdommarar om fenomenet vald mot kvinner.

Regjeringa rapporterte tilbake at slik lova står i dag er det ikkje krav om bruk av makt for at det skal bli definert som valdtekt. Lekdommarar får per i dag ikkje opplæring om vald mot kvinner, og regjeringa meiner at fokuset på vald i samfunnet generelt samt ein kommande nasjonal strategi på korleis vald mot kvinner kan unngåas dekker det behovet.

Ombodet peikar på at Noreg endå ikkje har ratifisert Europarådets konvensjon om kvinner og vald som anbefalt i 2012. Dei legg også til at kvinner med midlertidig opphaldsløye er spesielt utsatt for langvarig partnarvald ettersom dei er avhengig av forholdet med partneren for å bli verande i Noreg.

Kvinneorganisasjonane ber regjeringa om å utarbeide ein handlingsplan for korleis dei skal kjempe mot negative kjønnsstereotypiar som kan leie til vald.

Seksuell trakassering

Seksuell trakassering er ulovleg ifølgje likestillingslova, men kan ikkje bli handheva av ombodet. I staden må personar som har vore utsettt for seksuell trakassering gå direkte til domstolane. Dette meinte kvinnekonvensjonskomiten var problematisk i kommentaren frå 2012.

Også kvinneorganisasjonane peikar på dette, og meiner at ombodet og Likestilling- og diskrimineringsnemnda må få kompetanse til å handtera slike sakar. Dei legg til at domstolar svært sjeldan handterer sakar om diskriminering eller seksuell trakassering, og mange vel å heller slutte i jobben enn å ta saka til retten.

Ombodet meiner at seksuell trakassering er svært underrapportert i Noreg, og ser med uro på den veksande trenden i spesielt russetida og fadderveka som fremjar ein kultur som promoterer seksuell vald og trakassering. Ombodet skriv at regjeringa ikkje gjer nok for å hindre dette.

I sin rapport viser regjeringa til eit høyringsnotat om ny likestillingslov. Der står det at regjeringa ikkje vil ta stilling til spørsmålet, men heller be høyringsinstansane om deira syn på saka.

Hatprat, digital trakassering og digital vald

At jenter og kvinner blir angripne med hatprat og digital trakassering hindrar dei i å delta i offentleg debatt. Jenter og kvinner med minoritetsbakgrunn er spesielt utsettt, skriv ombodet. Ombodet etterspør tiltak for å fjerne grunnårsaka til hatprat og digital vald, som inkluderer å motarbeide negative kjønnsstereotypiar. Ombodet rår også til å auke politiressursar til å arbeide med digital seksuell kriminalitet.

LES OGSÅ: Farlege ytringar

I sin rapport foreslår regjeringa å auke budsjettet til Barne- og Likestillingsdepartementet i deira arbeid mot hatefulle ytringar. I fjor haust la regjeringa fram ein strategi for å motarbeide hatprat, og dei ynskjer å framleis utvikle kunnskapen om fenomenet.

Kvinneorganisasjonane ber om å inkludere kjønn som diskrimineringsgrunnlag i rasismeparagrafen. I nåverande lov dekker rasismeparagrafen berre hatefylle ytringar basert på etnisitet, religion, homofil legning eller nedsett funksjonsevne.

LES OGSÅ: Rasismeparagrafen

Menneskehandel og au pair-ordninga

I 2012 tilrådde FNs kvinnekonvensjonskomité Noreg å utføra ein periodisk evaluering av menneskehandelen i landet, då dei såg med uro på aukinga av talet med registrerte ofre for menneskehandel.  Komiteen meinte òg at det mangla overvaking av au pair-ordninga.

Talet med ofre for menneskehandel har sokke sidan 2012. Ombodet  ber likevel regjeringa om å sikre ressursar til verksemdheiter som er relevante i samband med menneskehandel.

Regjeringa meiner at Noreg har blitt eit mindre attraktivt land for å drive pimping og prostitusjon,  og viser til reduksjonen av førespørjinga etter prostituerte etter innføringa av sexkjøpslova i 2009. Dei skriv også om Au Pair Center som blei oppretta i 2012.

Senteret blei derimot lagt ned i slutten av mars i år etter at regjeringa kutta støtta til ordninga.

– Vår rapport ble ferdigstilt før dette skjedde, men me kjem til å løfte det fram for komiteen i Genève i haust, seier Gro Lindstad i FOKUS. I skyggerapporten ber kvinneorganisasjonane om å avvikle au pair-ordninga.

Forskjellar i arbeidslivet

Arbeidsmarknaden er framleis sterkt vertikalt og horisontalt segregert. Fordi kvinnedominerte bransjar og lågare stillingane er mindre betalt, har det har ført til at kvinner tener mindre enn menn.

Kvinnekonvensjonskomiteen tilrådde regjeringa i 2012 å implementere regelverk som garanterer lik lønn for likt arbeid, og samtidig innføre tiltak som motarbeider diskriminering av gravide kvinner på arbeidsplassen og i tilsetjingsprosessen.

Regjeringa skriv at lønnsforhandlingar er ansvaret til dei involverte partane, og at dei ikkje ynskjer at regjeringa skal involvere seg i dei. Det er likevel eit mål å sikre at forhandlingane går føre seg så effektivt så mogleg.

Ombodet vil at arbeidsgivarar skal måtte dokumentere deira arbeid for å fremme likestilling på arbeidsplassen, og at fedrar ikkje skal vere avhengige av barnets mor for å få utbetalt pappaperm.

Kvinneorganisasjonane ynskjer å reversere endringane som blei gjort i Arbeidsmiljølova i 2015, som opnar opp for ny generell tilgjenge til midlertidig tilsetjing. Dei påpeika at gravide kvinner fortsett opplever stor grad av diskriminering på arbeidsplassen, og moglegheita for midlertidig tilsetjing gjer kvinnene i større grad utsatt for diskriminering. Dei ber også om betre informasjon retta mot minoritetskvinner om kva rettar dei har som arbeidstakarar.

Skal gi oppdatering på likestillinga

Kvinneorganisasjonane skal rapportere frå sivilsamfunnet til FNs kvinnekonvensjonskomité. Sidan Noreg ratifiserte FNs kvinnekonvensjon (sjå faktaboks) har staten vore forplikta til å rapportere til FNs kvinnekonvensjonskomiteen kvart fjerde år.

Regjeringa skal fortelje komiteen om dei har tatt i bruk dei tilrådingane komiteen gav i 2012. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ansvar for å overvake arbeidet til regjeringa og skal levere ein supplerande rapport til komiteen.

Kvinnekonvensjonskomiteen, som sit i Genève, skal så gå gjennom rapporten og sende tilbake kommentarar og anbefalingar til korleis staten  kan forbetre arbeidet mot å fremje rettane til kvinner. Noregs niande rapport til komiteen vil bli gjennomgått mellom 23. oktober til 17. november i år.

– Utvalte frå arbeidsgruppa vår reiser til Genève for å ha samtale med kvinnekomiteen før regjeringa og Ombodet legg fram sine rapportar, seier Lindstad.

FNs kvinnekonvensjon

  • FNs kvinnekonvensjon er ein internasjonal avtale som skal sikre kvinners rettar i medlemslanda.
  • Noreg ratifiserte konvensjonen i 1981, som inneberer at Noregs lover og regler skal endrast for å følgje opp det som står i konvensjonen. Du kan lese heile konvensjonen her.
  • Kvinnekonvensjonen gjeld som norsk lov. Er du diskriminert eller utsatt for trakassering kan du kontakte Likestilling- og Diskrimineringsombodet her