OnkelP er vår tids Petter Dass, meiner Bjørn Jonssønn Berge (25), som har analysert rima i «Styggen på ryggen» i masteroppgåva si.

mm
Faktaboks

Eit rim kan definerast som «en klanglig overensstemmelse mellom to eller flere elementer i fattelig avstand i en språklig kjede», skriv Berge i masteroppgåva.

Det kan vere rim mellom bokstavar (vokal- eller konsonantrim) eller stavingar («styggen/ryggen»). Den mest kjende forma for rim er enderim, stavingsrim som kjem på slutten av ei line.

Bjørn identifiserer tre funksjonar rim kan ha i eit dikt:

Ein strukturell funksjon: Rima deler inn teksten («Styggen på ryggen» har til dømes fire og fire liner som rimar)

Ein semantisk funksjon: Rima understrekar samanheng eller kontrast mellom ulike ord.

Ein estetisk funksjon: Rima skapar harmoni og gjer teksten vakker, kul og så vidare.

I tillegg har diktet ein annan, meir praktisk funksjon: Det gjer teksten lettare å hugse (difor hugsereglar som «uten mat og drikke duger helten ikke»).

LES FAKTALUKK FAKTA

– Bortsett frå i barnelyrikken og songlyrikken, har rim blitt nedvurdert. I poesien med stor P har det stort sett forsvunne, og blant poetar i dag blir rim oppfatta som litt komisk og oppstylta, seier Bjørn J. Berge (25).

I fjor sommar leverte han masteroppgåva si i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Der tar han opp rimet som poetisk verkemiddel – eit tema som har vore så neglisjert i akademiske krinsar at Berge aldri hadde lært noko om det etter fire år med litteraturstudium.

Les meir om funna Berge gjorde i masteroppgåva: Slutt på «hjerte/smerte» i norske dikt

Rima som forsvann
Like sikkert som at «bake» rimar på «kake» er det at dei fleste diktarar i dag droppar enderima og skriv vers med fri form. Her til lands byrja utviklinga alt på slutten av 1800-talet, då Sigbjørn Obstfelder braut med alle tradisjonar i modernistiske dikt som «Jeg ser».

Fram til 2. verdskrigen bidrog likevel sterke diktarar som Arnulf Øverland og Inger Hagerup til at den tradisjonelle forma med rim og rytme heldt si dominerande stilling. Frå 1950- og 60-talet vann modernistane fram, og rimet blei meir og meir trengt bort.

– Det har bakgrunn i brotet med den tradisjonelle lyrikken etter ein verdskrig som gjorde at ein byrja å tvila på tradisjonar i det heile tatt. Ein ville dikta om verda på ein ny måte, forklarer Berge.

Han spekulerer også i om diktarane på eit tidspunkt gjekk lei enderima og ønskte seg ein større fridom.

– På ein måte er rimet eit avgrensande verkemiddel; det finst berre så og så mange ord som rimar. «Hjerte» kan ikkje rime på «kake», men det kan rime på «smerte», til dømes. Ein kan tenke seg at rima etter kvart blei «brukte opp».

Berge meiner trenda har blitt forsterka av politikken til den mektigaste aktøren i norsk kulturpolitikk etter krigen: Kulturrådet. Sidan starten i 1965 har dei bestemt kva bøker som skal kjøpast inn til norske bibliotek, og gjennom innkjøpsordninga påverkar dei kva forlaga prioriterer å gi ut.

Som ein del av arbeidet med masteroppgåva har Bjørn samla inn tal som viser at delen av norske diktsamlingar som er på rim har stupt mot nesten null dei siste femti åra. Nylege unntak, som Jon Jakob Tønseths kritikarroste Muntre dødsdikt frå 2015, fekk tommel ned av Kulturrådet.

I fjor haust blei «Det er den draumen» av Olav H. Hauge kåra til Noregs beste diktHøyr Hauge lesa fem dikt i videoen under:

Nytt liv i rappen
Men sjølv om rimet er så godt som borte frå bøkene, har det levd vidare i den lyrikken folk flest møter desidert oftast – og som i minst grad er styrt av litteraturpolitiske føringar. I populærmusikken har rimet aldri gått av moten, og særleg i rappen blømer det.

Ein av dei seks tekstane Berge analyserer i masteroppgåva si, er «Styggen på ryggen» av OnkelP & De Fjerne Slektningene – ein tekst han meiner representerer ei revitalisering av rimet som har funne stad i norsk raplyrikk dei siste 15 åra.

– Rapparane har begynt å rime på nye måtar, som ikkje er vanlege i tradisjonell lyrikk, seier Berge, og peikar særleg på det som heiter multisyllabiske rim eller fleirstavingsrim: rim som går over fleire stavingar. «Multis», kallar ein det i amerikanske rapmiljø.

– Nesten alle amerikanske rapparar med respekt for seg sjølv bruker det, forklarer han, og nemner Eminem som ein meister i faget.

«Tar'kke en telefon, rører ikke post / Ikke prøv å ringe på, døra mi er låst» er berre eitt av dei mange døma på desse avanserte rima i «Styggen på ryggen».

– Det er først nyleg det har kome til Noreg; eldre norsk rap, som Klovner i Kamp, bruker nesten berre vanlege enderim. Men «Styggen på ryggen» er full av fleirstavingsrim, du finn det i nesten kvar line. Det er eit døme på høg estetisk verdi i ein norsk rap, seier Berge.

LES OGSÅ: Anna Kleiva skreiv i 2015 om rapparen Kendrick Lamar

Barokk rimkunst
– Det har først og fremst ein estetisk effekt. Eg trekk liner til barokken, då ein også brukte rimet som pynt eller ornament i stor grad. Etter kvart reagerte ein på det og gjekk vekk frå den måten å dikte på, men rappen har omfamna det igjen, seier Berge.

Frå norsktimane hugsar me at barokken i norsk dikting særleg er forbunde med Petter Dass. I salmen «Herre Gud ditt dyre navn og ære» lagar han rim som «De halte, lamme, mål-løse, stamme / gjør og det samme, de grumme, gramme / og grove».

– Så me kan seia at OnkelP er vår tids Petter Dass?

– OnkelP er vår tids Petter Dass, seier Berge stadfestande.

– «Styggen på ryggen» er ein personleg og utleverande tekst. Kan det ikkje vere ein kontrast mellom dette og ein oppstylta, estetisk bruk av rim?

– I utgangpunktet kunne ein tenkje seg at det var ein konflikt, men eg trur bruken av halvrim i stor grad oppløyser den konflikten, seier Berge, og viser til rim som «Kan’ke gjøre annet enn å høre på Styggen / der han jobber for å ødelegge kidden».

– Hadde det berre vore perfekte rim i teksten, ville det kanskje ha verka kunstig, men alle desse rima som er baserte på lydlikskap oppløyser kjensla av det kunstige.

LES OGSÅ: Rapparen Gyda (23) har fått beskjed om å slanka seg og vera meir sexy

Rim i verktøykassa
Dei uperfekte rima er typiske for måten rapparar i dag eksperimenterer med riming på ein måte som er fjern for dei litterære poetane, ifølgje Berge.

– Rim er som sagt avgrensa, og ein måte å koma bort frå det i rappen er å ikkje berre bruka perfekte rim. I tradisjonell lyrikk er det ofte sett som dårlege rim, men det drit rapparane litt i.

I masteroppgåva har Berge også analysert «Sola skinner» av Joachim «Jokke» Nielsen, men meiner rapparane generelt er mykje meir eksperimentelle i si tilnærming til rim enn kollegaene som driv med pop og rock.

– I rappen er rimet eit mykje meir grunnleggjande verkemiddel, fordi ein ikkje har alt dette andre som er i musikken. Utan melodien blir ein tvungen til å utforske rim og rytme.

Kanskje burde også poetane late seg inspirere av rapparane? Berge understrekar at han ikkje har noko imot dikting i fri form, men meiner det bør vere plass til rimet i den poetiske verktøykassa.

– Rim kan vere eit verkemiddel som er bra til å uttrykkje noko – og dårleg til å uttrykkje noko anna. Poetane bør vere medvitne om det, og ikkje berre avfeie det som noko gammalt.

LES OGSÅ: – Då eg laga dei første platene mine hata eg tekst, seier Hanne Kolstø

Pendelen svingar
Berge minner om korleis pendelen har svinga det siste hundreåret:

– I utgangspunktet var det dei som skreiv dikt med fri form som opponerte, og blei kritisert av dei som skreiv tradisjonelle dikt med bunden form. No har det snudd: no er det dei som har posisjonane og kan slå ned på poetane som er dumme nok til at dei gidd å rima.

No finst det teikn til at pendelen er på veg tilbake igjen, meiner Berge. Han har mellom anna funne ut at litteraturkritikarane er meir positive til rim i dag enn for 20 år sidan, då dikt på rim stort sett berre blei slakta i avisene.

– Nobelprisen i litteratur til Bob Dylan kan også tyde på det same, seier Berge, som håper masteroppgåva hans kan bidra til større medvit om kva rimet kan bidra med i lyrikken.

Få også med deg desse diktarintervjua:

Ruth Lillegraven: – Dikta mine er ikkje så kompliserte

Hans Sande: Kunsten å snikra, brodera og skriva dikt

Catherine Blaavinge Bjørnevog: Ei språkleg openberring

Endre Ruset: – Northug har ein poetisk råskap over seg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE