Historisk klimasøksmål i Oslo tingrett.
mm
Miljøparagrafen i Grunnlova (§ 112)
  1. Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.
  2. Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.
  3. Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det som skjedde i dag var ganske historisk, fordi advokatane våre hadde eit hovudinnlegg der dei gjekk gjennom grunnlaget for miljøparagrafen i Grunnlova og korleis den kan brukast. Det er upløygd mark. Me er dei første som prøver å bruka den paragrafen til å ta vare på retten vår til miljø, seier Gaute Eiterjord, 1. nestleiar i Natur og Ungdom.

Sidan tysdag har Eiterjord følgt rettsforhandlingane i Oslo tingrett, der Natur og Ungdom saman med Greenpeace no fører sak mot staten. Striden gjeld den 23. konsesjonsrunden på norsk sokkel, der oljeindustrien har fått løyve til å utvinna olje i Barentshavet, lenger nord enn nokon gong før. Det meiner saksøkarane er i strid med den såkalla miljøparagrafen i Grunnlova, § 112.

Etter to dagar med innleiingar frå partane og vitneforklaringar frå forskarar på klima og økonomi, har no advokatane byrja på sine hovudinnlegg der dei går grundig gjennom dei ulike sidene av saka.

– Det var eit viktig poeng for oss å få fram at vedtaket som er gjort, vil føra til utvinning av olje som er skadeleg for klimaet og som me meiner bryt med Grunnlova. Det finst så godt som ingen døme på at utvinningsløyve som er delte ut blir trekte tilbake, seier Gaute Eiterjord.

Amerikanske tilstandar

Staten, representert i retten av regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, har på si side argumentert for at miljøpolitikken høyrer heime i Stortinget og regjeringa, ikkje i retten. Sejersted har kalla søksmålet ei rettsleggjering og «amerikanisering» av politikken, fordi det er meir vanleg i USA at domstolane slår ned politiske vedtak.

– Kva seier du til den kritikken?

Gaute Eiterjord er 1. nestleiar i Natur og Ungdom.
Gaute Eiterjord er 1. nestleiar i Natur og Ungdom. Foto: NU

– Eg er ikkje jurist, men me har brei støtte i det juridiske miljøet for at det ikkje er noko unormalt å ta opp slike rettigheitsspørsmål i domstolen. Det skjer med mange andre rettar som står i grunnlova, og me meiner at retten til miljø er ein av dei viktigaste me har. Då blir det veldig snodig om du ikkje skal ha også den typen rettigheiter i domstolen, seier Eiterjord, og minnar om at det er Stortinget som også har vedtatt Grunnlova.

– I vår rettsstat er det domstolane som skal passa på at vedtaka som politikarane fattar er innanfor dei lovene som Stortinget har gitt.

Les også: Klimaforskar åtvarar om villare og våtare vêr

Grunnlaust lovbrott

Eiterjord forklarer at Natur og Ungdom og Greenpeace meiner oljelisensane som er delte ut i 23. konsesjonsrunde bryt med retten til miljø på to måtar:

– Det eine er risikoen for det lokale miljøet i Barentshavet ved oljeutslepp. Dei miljøfaglege råda gjekk imot at oljeselskapa skulle få lov til å leita etter olje så langt nord. Det andre er klimaet. No har me hatt klimaforskarar i retten som har forklart er at viss me skal hindra skadeleg oppvarming, er det ikkje plass til å brenna den olja og gassen som finst i Barentshavet, seier NU-nestleiaren.

I tillegg til dette meiner saksøkarane at avgjerda er tatt på sviktande grunnlag, fordi det er gjort fleire feil når ein har rekna på kva ein kan tena på oljeutvinninga. I realiteten meiner fleire økonomar no at staten kan tapa pengar på heile prosjektet. Det svekkjer saka til staten, meiner Eiterjord:

– Skal du bryta miljøparagrafen i grunnlova, må du liksom ha ein skikkeleg god grunn for det, til dømes at du kan tena milliardar av kroner. Men når det ikkje er sikkert det vil bli lønsamt, har du ingen grunn lenger.

Store skadar

– Veit ein eigentleg at det vil auka klimagassutsleppa å utvinna denne olja? Kan det ikkje berre erstatta andre kjelder i staden?

– Det finst forsking frå Statistisk sentralbyrå som viser at norsk oljeutvinning har ein samanheng med globale utslepp. Dei seier i sin rapport at viss ein reduserer norsk oljeproduksjon, vil òg utsleppa globalt gå ned. Det er ikkje sånn at nokon andre berre vil produsera den same olja viss ikkje me gjer det.

Ingrid Skjoldvær i retten. Foto: NU
Ingrid Skjoldvær i retten. Foto: Natur og Ungdom

– Og så er det eit poeng at dette er olje som vil bli produsert meir enn ti år inn i framtida. Dette handlar ikkje om oljeproduksjon som skjer i dag, det handlar om produksjon inn i framtida.

– Kva slags lokale miljøproblem er det snakk om i Barentshavet?

– Staten har gitt løyve til å leita etter olje på område som ligg innanfor iskantsona, som er eit veldig sårbart område som delar av året er dekka av is. Viss det skjer oljeutslepp her, har du ingen måte å fjerna utsleppa på, og det vil gi veldig store skadar på miljøet.

Vil setja ned foten

– Har du tru på at de vinn rettssaka?

– Me pleier å seia at me ikkje hadde prøvd om det ikkje hadde vore mogleg å vinna. Me har også støtte i det juridiske miljøet for at det kan vera mogleg. Sjølv dersom me ikkje får fullt gjennomslag for at oljelisensane må trekkjast tilbake, kan me likevel få gjennomslag for nokon ting.

– Nokon fryktar at viss de tapar denne rettssaka, vil det bli vanskelegare å bruka miljøparagrafen seinare.

– Viss det viser seg at miljøparagrafen ikkje kan brukast i ei slik sak, så er paragrafen for svak. Då har politikarane vedtatt ei grunnlov som ikkje kan beskytta miljøet vårt. Når me prøver miljøparagrafen no, vil det gi erfaring som kan vera nyttig uansett.

– Kva er konsekvensen om de vinn?

– Då vil me kunna setja foten ned for at oljeindustrien får sleppa til i sårbare område i Barentshavet, og me får slått fast at klimapolitikken set grenser for oljepolitikken i Noreg. Det vil også vera eit viktig signal for andre land i verda.

Rettssaka skal etter planen gå til torsdag 23. november. Dommen er venta på nyåret.

 

Oppdatert: sundag 13. mai 2018 15.36

Kommentarar

ANNONSE