Lærer ikkje nasjonalsongen i skulen

Berre kring halvparten av norske born syng kvar dag i barneskulen, og dei færraste kan syngja meir enn første verset av «Ja, vi elsker».

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 6 av 10 kan «Ja, vi elsker»

Det viser ei undersøking utført av Framtida.no og Pirion der 300 kontaktlærarar på barnetrinnet over heile Noreg har svart.

Ifølgje lærarane som svarer, er det berre kring 60 prosent av elevane som kan første verset av «Ja, vi elsker dette landet». Langt færre klarer fleire vers.

Første vers av «Norge i rødt, hvitt og blått» og «Nordmannen» er det òg berre brøkdelar av barneskuleelevane som kan.

– Songen held oss saman
Professor i musikkvitskap Jan-Roar Bjørkvold er fortvila over tala.

– For meg som har brukt over 30 år av livet mitt på å fortelja om kor viktig songen er for oss, er dette fortvilande, seier professoren ved Universitetet i Oslo.

– Dette fortener overskrifter i landets største aviser, legg han til.

Bjørkvold meiner skulen og lærarane har eit stort ansvar for å halda på songen.

– Det er songen som held oss saman som nasjon i krisetider, både under og etter krigen og etter 22. juli, er det songen som har samla oss. Songen gjev oss glede, fellesskap, vemod og minner.

LES OGSÅ: Vil ha «Nordmannen» inn i skulen

– Mykje opp til læraren
Éin av tre elevar syng fleire gonger om dagen, mens éin tredel berre syng éin gong i veka.

– Det kan verka som om mykje avheng av interessa for musikk og song hos den enkelte lærar, seier Bjarne Dæhli (bildet), generalsekretær i Norsk Musikkråd.

Han meiner det burde vore klare mål i læreplanen for omfanget av bruk av song i undervisninga.

– Forskinga er jo klar på at barn som opplever song i undervisninga både hugsar betre, lærer meir og får større sosial tilhørsle, så akkurat det burde eigentlig ikkje vera så vanskeleg, meiner han. 

LES OGSÅ: – Syng lyst og sakte for å få med borna

– Må prioritera song
I undersøkinga kjem lærarane sjølv med svar på kva som må gjerast for å få meir song i skulen. Her er mange av dei som går igjen:

• lærarane må prioritera å synga meir i timane.

• vera bevisst på at song og songglede skaper gode læringsmiljø, og at song er ein god metode å læra på.

• laga til informasjonsbankar på nett med undervisingsopplegg og songar

• ikkje nedprioritera songskatten vår til fordel for moderne trendar/musikk.

Dette svarar kontaktlærarane på kor ofte elevane deira syng i løpet av ei vanleg veke:

Kor mange av elevane i klassen kan syngja første verset av «Ja, vi elsker»?


Kor mange av elevane i klassen kan syngja fleire vers av «Ja, vi elsker»?


Kor mange av elevane i klassen kan syngja første verset av «Norge i rødt, hvitt og blått»?


Kor mange av elevane i klassen kan syngja første verset av «Nordmannen»?


Faktaboks

Så mange elevar syng minst éin gong kvar dag i skulen:

Vestlandet: 69 %
Nord-Noreg: 62 %
Agder: 52 %
Austlandet: 46 %
Trøndelag: 33 %

Så mange kontaktlærarar seier at klassen deira har fleire enn 60 prosent elevar som kan første verset av «Ja, vil elsker»:

Agder: 74 %
Nord-Noreg: 72%
Austlandet: 56 %
Vestlandet: 51 %
Trøndelag: 50 %

Desse tala må tolkast forsiktig med ein feilmargin på kring 6-12 prosent.
Undersøkinga blei gjennomført i veke 17 til 18.