200 land vil ha nullutslepp av mikroplast

Miljøvernministrar frå heile verda samla til kamp mot forureining signerte avtale mot mikroplast i verdshava.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 22.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøvernministrar frå dei fleste landa i verda var samla i regi av SN i Nairobi for å bli einige om vegen vidare mot forureining både i luft, i hav og på land.

SN slo fast at kring ni millionar menneske døde i 2015 av forureining, og at sju millionar av desse kom av utslepp frå bilar, fabrikkar og dessutan os frå matlaging innandørs.

– Det betyr at vi må kunne vere i stand til å puste i byane våre, at vi sørgjer for å halde farlege stoff bort frå næringskjeda og hindrar at havet blir til ei plastsuppe, seier Erik Solheim, sjef for FNs miljøprogram, til nyheitsbyrået AFP.

– For meg er dette nett som røyking. Det er berre 13 år siden du kunne røyke på alle restaurantar i heile verda. Så vart det forbode i Irland det og så i Norge. No er det nesten umogleg å finne ein restaurant noko stad i heile verda der det er lov å røyke, seier Erik Solheim til NRK.

Erik Solheim, leiar for UNEP. Foto: UNIDO/Flickr/CC-lisens.

Drep vi hava, drep vi oss sjølve

Solheim er oppteken av at vi må slutte å handsama hava som ein søppelplass, og er skeptisk til einsidig fokus på strandopprydding og liknande.

– Utfordringa er at vi må stoppa plasten frå å kome i havet i utgangspunktet. Viss vi drep hava, drep vi oss sjølve, sa Solheim på konferansen.

Han meiner løysingane er enkle, sidan det er mange naturlege alternativ til plastperler i tannkrem, andletskrubbar og dei andre produkta der plast er i bruk.

Dette er ein del av Stillehavet. Foto: Juan Pablo Calderón/Flickr/CC-lisens.

– Noreg bør heilt klart gjere som Frankrike og andre land og forby eingongsplast ein gong for alle, seier Eirik Lindebjerg i WWF til NRK i ein kommentar.

WWF var først ute med idèen om nullutslepp av plast som over 200 land signerte avtalen om i dag. Tre av verdas største land, og aller verste forureinarar, India, Indonesia og USA, signerte òg avtalen som bind underskrivarane til å fjerne alt utslepp frå plast.