Gløymde kriser og sterke møte med ungdom – desse sakene gjorde inntrykk på redaksjonen i 2021

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Bente Kjøllesdal, nyheitsleiar:

 

Terrorlova på Filippinane

Tidlegare i år intervjua eg dei to filippinske aktivistane Mitzi Jonelle Tan (23) og Joe Bonifacio (23), om korleis det er å heve stemma i eit land der det kan koste deg livet. Etter at statsleiar Duterte vedtok ei ny antiterrorisme-lov i fjor sommar, risikerer dei å verte stempla som terroristar fordi dei krev klimahandling.

Mitzi Jonelle Tan er ein av dei fleire hundre unge klimaaktivistane som arrangerer eit eige klimatoppmøte, når FN utsette sitt. Foto: AC Dimatatac

Tan fortalde om mora som gret om ho ikkje svarar tidsnok på ei melding, at hjartet slår fortare i brystkassa om ho ser politiet, og om valdtektstrugslar og dødstrugslar på direktemeldingane.

– Den konstante frykta og uroa for at ein gong, ein dag, så bankar nokon på di dør og tek deg med vekk utan at du veit kvifor.

Likevel held dei fram, og nektar å late seg stille.

Pressefoto.

Nattebarn

Etter at Petter Aaberg som 24-åring prøvde å avslutte livet, føreslo kameraten Sverre Kvamme at dei to kunne lage ein dokumentar saman. Fire år seinare opna Nattebarn på kinoane og henta heim den prestisjetunge Publikumsprisen.

Dei to filmskaparane håpar dokumentaren kan hjelpe til med å bryte tabuet kring psykisk helse.

– Eg trur det er eit idealbilete av at folk skal ha god sjølvtillit og ha kontroll på livet sitt. Samfunnet legg jo opp til at du skal ha eit vellukka liv, og det å slite psykisk er ikkje ein del av det vellukka livet, fortalde Aaberg.


Birgitte Vågnes Bakken, journalist

I starten av januar 2021 arbeidde eg i NTB før eg byrja som journalist i Framtida.no. Leirskredet i Gjerdrum og dekninga av det er difor eit av dei sterkaste nyheitsminna eg har frå året som har gått.

Haiti – jordskjelv, politisk uro og kvinnekamp

Av saker eg har jobba med for Framtida.no gjorde intervjua eg gjorde til prosjektet vårt «Gløymde kriser» inntrykk. Det var også kjekt å få nytte fransken min litt i sakene, då eg var i kontakt med kjelder i fransktalande Haiti og Burundi.

Blant artiklane eg skreiv til prosjektet var saker om det kraftige jordskjelvet som skaka Haiti 12. januar 2010. På litt under eit minutt vart store delar av hovudstaden Port-au-Prince øydelagt.

– Eg prøvde å springe, men eg fall. Mursteinsblokker fall rundt meg og eg såg mange øydelagde hus rundt meg, fortalde 29 år gamle Claude Bonet meg i eit videointervju. Minna stod framleis heilt klare for han.

Huset hans var øydelagt, og han fortalde at han høyrde folk rope etter hjelp i ruinane i byen. Skadde og daude folk låg overalt i gatene. Ein reknar med at mellom 200 000 og 300 000 menneske mista livet. Samfunnet der er framleis prega av naturkatastrofen for snart 12 år sidan.

– Ein klok kinesar seier: Viss du vil øydeleggje eit land, er det berre å øydeleggje utdanningssystemet, seier Claude Bonet. Foto: Privat

Claude Bonet fortalde òg om uroa og den ustabile politiske situasjonen i landet, og kva han meiner må til for å få landet på rett kjøl. Stikkord: utdanning! Stoffana og Jeff-Anie drøymde på si side om ei kvinne ved makta, og fortalde om situasjonen for kvinner og moglegheitene dei har i Haiti.

Situasjonen på Haiti blei òg (desverre) svært dagsaktuell då øystaten i løpet av 2021 både blei ramma av enda eit kraftig jordskjelv og president Jovenel Moïse blei drepen.

Avkolonisering av akademia

Ei anna sak eg brukte mykje tid på og som eg hugsar godt, er saka om Piniel Demisse og Sigrid Tviberg som tok eit oppgjer med det dei meiner er manglande representasjon i norsk akademia.

Sigrid Tviberg (26) hadde i haust fått plass på bachelorstudiet i sosialantropologi på Universitetet i Oslo. Men, etter å ha sett nærmare på innhaldet i studiet, valde ho å seie ifrå seg plassen.

– Det er hovudsakleg eldre, kvite menn som er førelesarar, og som har valt eit pensum der deira likemenn er overrepresenterte. Samstundes er det rørsler i samfunnet og på UiO som forsøker å presse for dekolonisering av akademia, men som aktivt blir motarbeidde, sa ho. 

Piniel Demisse blei så provosert over at det ikkje var med nokon svarte, afrikanske stemmer når det handla om afrikansk politikk og politikk i det globale sør på studiet hennar, at ho slutta å gå på førelesingane.

– Eg får ikkje noko ut av å sitje der og diskutere omgrep og konsept som Vesten har funne opp for å kategorisere Afrika, medan dei som faktisk lever i realiteten, dei som det handlar om, blir ikkje inkludert i samtalen, fortalde ho til Framtida.no.

Dei tok til orde for at avkoloniseringa må skje over alt – i media, i skulen, i kvardagen.

Sigrid Tviberg og Piniel Demisse meiner det er på tide med ei avkolonisering av akademia. Foto: privat, Benjamin A. Ward/OsloMet, Bente Kjøllesdal/Framtida.no kollasj Framtida.no


Ingvild Eide Leirfall, journalist

Store delar har gått med til mammapermisjon, så det hugsar eg sjølvsagt godt. Men det har også blitt tid til nokre fine saker som eg også hugsar ekstra godt.

Bilete: NTB Kommunikasjon/statsministerens kontor. Kollasj: Framtida.no

CV-ane til nye statsrådar

Me har fått ny regjering, og med det også ein haug med nye statsrådar. Men kva har dei gjort på elles i arbeidslivet? Me tok saka, og eg tråla alle CV-ane deira så du slapp å gjere det.

Kven har vore DJ, kven har vore au pair og kven er FN-veteran? Sjekk saka her.

BH

Medan eg var i permisjon oppdaga eg @Linnlikesbras på Twitter. Eit BH-orakel som delte av kunnskapen ho sjølv hadde måtte grave for å finne om BH og BH-storleik. Eg bestemte meg for at dette skulle bli ei av mine første saker når eg var tilbake.

Linn Emilia Olsen (24) er truleg Noregs einaste BH-påverkar, og jobbar frivillig med å gi tips og triks til norske BH-brukarar gjennom sosiale medium. Hovudmotivajonen er at fleire skal finne sin rette storleik, og sleppe å ha det vondt og ubehageleg med BH. Det er gjort studiar på at så mange som 80 prosent kan gå med feil storleik. Les saka her og sjekk tipsa til når du skal shoppe BH.

Tolgart/Canva


 

Eirik Dyrøy Lotsberg, journalist:

Dei siste fire åra har eg budd i ei nynorskboble der folk sladrar om deg på den lokale kaféen viss du skriv «bokmålsforma» «å komme» i staden for «å koma». Det vart difor eit lite kultursjokk då eg flytta til Oslo i haust. Plutseleg må eg igjen forsvare min eigen nynorskbruk og krangle med folka rundt meg om språket mitt sin generelle eksistens.

Eg har det ikkje vondt, altså. Men eg tok nok perspektivet med meg inn då eg skreiv saka om teiknspråkopplæringa på Nydalen vidaregåande skule – utan samanlikning for øvrig.

For språk er politikk, og språkpolitikk har faktiske konsekvensar for kvardagen til menneske. Særleg om du er ein liten minoritet som historisk sett har vorte oversett og undertrykt.

Emilie Waage (t.v.) og Marthe Halvorsen lærer teiknspråk som framandspråk på Nydalen vidaregåande skule. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Elevane lærer seg teiknspråk for å kunne kommunisere med søsken eller vener på deira premiss, eller berre fordi det er spanande og interessant, og noko annleis enn dei tradisjonelle framandspråka. Og døve fortel om tydinga av å møte nokon dei kan snakke med på sitt eige språk.

Eg synest også teiknspråk er eit spanande konsept i seg sjølv; ein måte å kommunisere på som bygger på heilt andre premiss enn dei vi er van med. I eit parallelt univers kan eg sjå for meg at det er i mykje meir omfattande bruk, også blant høyrande.

Right to repair

Midt i den enorme forbruksfesten vi kallar jul, fell tankane mine fort tilbake på saka om å reparere elektronikk kontra å kjøpe nytt. At elektronikkbransjen sjølv gjer det vanskeleg å ta val som er fornuftige for både lommeboka og planeten, er til å verte matt av.

Eg er ikkje noko førebilete sjølv; tvert imot kjøpte eg meg ny mobiltelefon i vår fordi den gamle hadde dårleg batteri – og det slo meg ikkje at eg kunne byte det. Og så hadde eg jo lyst på noko nytt og skinande.

Det er ofte vanskeleg å stå imot mektige aktørar og sterke marknadskrefter – men det er oppløftande å sjå at styresmakter kjem på banen, og at også bransjen sjølv kjem med hint om betring.

Etter at saka vart publisert, minna ein lesar meg dessutan om eit produkt Framtida har skrive om tidlegare, nemleg Fairphone.

Reparasjon er ofte dyrt og upraktisk, meiner Anine Dedekam Moldskred. Foto: Unsplash/Kilian Seiler


 

Svein Olav B. Langåker, redaktør:

Uroa for korleis koronatida påverkar framtida til unge

Koronatida har sett preg på nyheitsåret i 2021. Tidleg i år sende Framtida.no ut ei spørjeundersøking til elevrådsleiarane på vidaregåande skular i Noreg. Resultata gjev all grunn til uro. 9 av 10 elevrådsleiarar er uroa av kva koronatida gjer med framtida til unge. Undersøkinga fekk brei merksemd i norske media.

Kongsbakken vidaregåande skule i Tromsø fekk kutta i skulehelsetenesta si i haust. Foto: Bernt Rostad, CC BY 2.0-lisens og Elevorganisasjonen

Undersøkinga viste òg at flest var misnøgde med skulehelsetenesta i nord. Spesielt inntrykk gjorde det å snakka med elevrådsleiaren ved Kongsbakken vidaregåande i Tromsø. På skulen hadde to elevar tatt livet sitt det siste året. Likevel kutta kommunen i skulehelsetenesta ved skulen.

Kven skal snakka for framtida?

Cathrine Haga (19), Lina Håvik (22), Helene Karlsen (19) og Stina Heldal (19) har alle fagbrev som helsefagsarbeidarar. No tar dei påbygg for å ha høve til å ta ei annan utdanning og få seg høgare løn. Foto: Svein Olav B. Langåker

Eit spennande prosjekt å jobba med dette året, har vore artikkelserien som me kalla «Kven skal snakka framtida?». Her har eg og resten av redaksjonen laga undersøkande journalistikk som set ung representasjon på dagsorden.

Me har skrive om økonomisk politikk, skatt, offentleg forbruk og interessekonfliktar mellom generasjonane – og me har forsøkt å skapa debatt om lite debatterte tema som vil påverka framtida til dagens unge.

Spesielt godt hugsar eg møta med helsefagarbeidarane som no tar påbygg, og som har klare råd til kva som skal til for å få dei kring 110.000 fleire årsverka som det er trong for innan 2035.

Eg hugsar òg godt intervjuet mitt med unge meddommarar, og avsløringa vår av at godtgjersla for studentar ikkje har vore justert sidan 1983.

Kristine Volden (22) og Simen Ankervold (22) er dei yngste meddommarane i Stord. Her er dei utanfor tingretten på Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker