Vil bryte ned tabu knytt til psykisk helse: – Shit, det er flaks at eg er i live

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 01.10.2021 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det starta for fire år sidan, då eg hadde eit sjølvmordsforsøk.

Petter Aaberg var då 24 år gammal, og studerte ved Nordland kunst- og filmhøgskole i Kabelvåg. Han hadde slite med suicidale tankar lenge, men det hadde aldri gått så langt at han hadde freista ta sitt eige liv før denne dagen.

Heldigvis rakk politi og ambulanse fram i tide.

– Eg er glad for det i dag. Men då var eg så langt nede, og eg kjende på ei frykt i vekene etterpå: «Shit, det er flaks at eg er i live». Det kjendest ganske nært. Det var ei traumatisk oppleving og ei ekkel kjensle, som var jævleg vanskeleg å verte kvitt, fortel han.

Men kameraten Sverre Kvamme visste råd.

Veka etter han henta Aaberg på legevakta, starta dei to å lage dokumentar saman. Dei visste ikkje kva dei ville ende opp med, då kameraet rulla medan dei gjekk gateslangs i Oslo på nattestid, men etter fire år er Nattebarn klar for å sjå dagens lys.

Nattebarn er produsert av Indie Film. Foto: Stillbilete frå dokumentaren.

Nattebarn

Framtida.no møter Petter Aaberg (28) og Sverre Kvamme (26) på eit bakeri i Oslo sentrum. Dokumentaren deira debuterte på storskjemen under Den norske filmfestivalen i Haugesund, der dei òg mottok den prestisjetunge Publikumsprisen.

– Vi trur ikkje slike historier har vorte fortalde så rått og direkte før. Ofte, når ein snakkar om psykisk helse, så er det etter ein har vorte frisk. Her ser ein personar stå i det, fortel Kvamme.

Nattebarn følgjer Petter Aaberg og eit knippe andre unge som slit med angst og psykiske lidingar. Sjåaren får sjå dei kaotiske augeblikka, når psykose eller rus har teke over, men òg korleis personane kjempar for å overvinne utfordringane sine.

– Å lage ein film saman med Sverre og få møte folk som er i same situasjon som meg, var fantastisk. Det var akkurat det eg trong då, seier Aaberg.

Petter Aaberg (t.v.) og Sverre Kvamme har hatt nær dialog med dei andre som òg deler sine historier i Nattebarn. Foto: Bente Kjøllesdal

Prosjektet starta mest som ein kreativ distraksjon, men etter kvart som månadane gjekk byrja potensialet å openberre seg.

– Eg lurer på om det var i desember 2017, då hadde vi filma i nokre månadar, at Petter sa «Dette her er jævleg bra. Dette må på kino». Hugsar du det? spør Kvamme.

Han ser bort på Aaberg, som nikkar. Sjølv trudde Kvamme det var tidleg å proklamere eit så hårete mål.

– Men no kjem det på kino til slutt. Det viser berre at har ein store ambisjonar som ein følgjer av heile sitt hjarte, og så skjer det til slutt.

Petter Aaberg fortel at det er med skrekkblanda fryd filmen no vert gjeven ut.

– Det er ei personleg historie, og det kan vere krevjande å skilje filmen frå livet mitt. Kritiserer dei filmen eller kritiserer dei livet mitt òg?

Dokumentaren kjem på kino 24. september. Sjå trailer her: 

Visste ikkje kor gale det var

Petter Aaberg og Sverre Kvamme møtte kvarandre i Lofoten, der dei begge studerte dokumentarfilm. Dei diskuterte dokumentarar på klipperommet, var like i veremåte og humor og vart gradvis betre kjent då dei byrja ete middag saman.

– Siste året på skulen budde Petter rett ved sidan av meg, og det var ofte dessertfest hjå han, minnest Kvamme og flirer.

– Kvar veke sikkert, skyt Aaberg inn. 

– Vi åt mykje dessert, som vaniljeis med strø. Det vart mykje sukker. Vi var gode vennar før det og, men då vart vi veldig gode vennar, fortel Kvamme.

Tidvis har det vore utfordrande å vere vennar og regissørar på same tid: – Men det er slik eit bra prosjekt og vi hadde vore gjennom så mykje, at vi visste vi måtte sy det saman til ein film, fortel Sverre Kvamme (t.h).Foto: Bente Kjøllesdal

Før den dagen i 2017, hadde dei to karane prata om psykisk helse og korleis dei hadde det, men Aaberg fortel at han nok ikkje hadde vore fullstendig open om kor mørkt det faktisk var.

Då han i 3. klasse fortalde på skulen at han var diagnostisert med ADHD, vart han i etterkant mobba. Aaberg skildrar tida som «eit mørkt helvete, der det ikkje fantest håp». Denne erfaringa gjorde at han i fleire år heldt meir stilt med kva som føregjekk på innsida. Det kunne gå tid mellom kvar gong han opna seg litt.

– Eg visste ikkje kor gale det var inne i hovudet ditt. Eg trur eg skjønte at du hadde nokre problem, men ikkje at det var så gale, seier Kvamme og legg til:

– I etterkant av sjølvmordsforsøket var du jo 110 prosent open om alt. 

Farleg å halde tankane inne

Før dei tok til på prosjektet, kjende ikkje Petter Aaberg så mange andre som sleit psykisk og han kjende seg åleine. 28-åringen fortel at det største bodskapet i fimen er å oppfordre andre til å vere opne: 

– Om ein held alle tankene for seg sjølv, så kan dei eksplodere i hovudet og tankane vert så farlege. Om ein luftar dei med ein god venn eller familie, så kan du kanskje få nye perspektiv på ting.

Petter Aaberg har opplevd at det er viktig å vere open om korleis ein har det på innsida, om ikkje kan tankane verte skumle.

Aaberg peikar på at ein høyrer historier om sjølvmord, der familien sit att utan å skjøne kva som hende fordi dei ikkje har høyrt at noko er gale.

I Noreg har kring 600 menneske teke sitt eige liv kvart einaste år dei siste ti åra. Menn er overrepresentere på statistikken, og kring 2 av 3 som gjer sjølvmord er menn. I fjor la regjeringa fram sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord, og innførte ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.

– Vi har gjeve oss sjølv teieplikt om noko av det vondaste i livet. Mange som strevar trur dei er åleine om å streve, men vi kan alle streve med å leve. Så det er på tide å bryte teieplikta vi har gjeve oss sjølv, sa helseminister Bent Høie (H) då handlingsplanen vart presentert.

«Det vellukka livet»

Petter Aaberg meiner det framleis er tabu å slite psykisk og at folk synest det er flautt å snakke om det.

– Eg trur det er eit idealbilete av at folk skal ha god sjølvtilitt og ha kontroll på livet sitt. Samfunnet legg jo opp til at du skal ha eit vellukka liv, og det å slite psykisk er ikkje ein del av det vellukka livet, seier han.

Begge dei to filmskaparane trur det framleis finst fordommar om at personar som slit psykisk er tiltakslause og at problema er sjølvforskylt. At ein berre kan «ta seg saman».

– Om du brekker beinet, så treng du så og så lang tid på å gro og så vert det betre, men psykiske lidingar er meir komplekse, seier Aaberg.

Håpet er at Nattebarn kan bryte ned tabu knytt til psykisk helse – at dokumentaren på same tid kan skape meir forståing og hjelpe andre som slit ved å syne at det er lys på den andre sida av tunnelen.

På TikTok deler dei små klipp, der dei freister snakke om psykisk helse på ein avslappa og ærleg måte. Målet er å normalisere det å snakke om korleis ein har det. 

@nattebarn Petter har fått en diagnose ? Les mer om diagnoser i kommentarfeltet #4you #foryoupage #diagnose #psykiskhelse #mentalhealth @petteraaberg ♬ original sound – nattebarn

Frykta for å ikkje vere bra nok

For livet og kvardagen til Petter Aaberg kjennest heilt annleis ut i dag, enn han gjorde for fire år sidan. Sjølv skildrar han det som «heilt sjuke forandringar».

– På den tida var eg veldig usikker på meg sjølv og hadde eit ekstremt dårleg sjølvbilete. Eg hadde aldri vore i eit forhold før, og sleit med frykta for at ingen skulle verte tiltrekt meg eller forelska i meg. At eg ikkje var bra nok, fortel Aaberg og legg til:

– Men medan vi filma fekk eg meg ein kjærast, og opplevde at desse fine tinga som skjer andre òg kan skje med meg trass i mine diagnosar og kva eg slit med. 

Petter Aaberg fann kjærleiken med Miriam, medan han filma Nattebarn. Foto: Stillbilete frå Nattebarn.

28-åringen fortel at gjennom dokumentarprosjektet, kjærleiken, behandling og terapi, så har han vorte tryggare på seg sjølv og fått betre sjølvtilit. No kan han tenke fine tankar om seg sjølv, ikkje berre stygge.

– Frå det mørkret som hende for fire år sidan, til at eg ser at lyset kjem i den andre enden. Hadde eg teke livet mitt den gongen, så hadde eg ikkje opplevd dei fine tinga etterpå.

Sverre Kvamme fortel at òg han har vorte mykje meir ærleg og open, noko han trur har smitta over frå kameraten:

– Eg ser at viss ein deler sine personlege problem, så trur ein kanskje ein syner svakheit, men eigentleg syner ein styrke. Er ein ærleg og open om problema sine kan ein verte sterkare.


Treng du nokon å snakke med?

Hjelpetelefon for mental helse
(heile døgnet) – 116 123
Nettside: Sidetmedord.no.

Kirkens SOS
(heile døgnet) – 22 40 00 40
Chat: www.soschat.no kvar dag frå 18.30-22.30

Angstringen
(man-tor 10 – 13) – 22 22 35 30

Barneombudet
(man – fre 8-15) – 22 99 39 50

Kors på halsen (Røde Kors)
(man – fre 14-22) – 800 331 21

SnakkOmPsyken (Blå Kors)
Chat-teneste for ungdom frå 9-19 år: søndag – fredag kl. 15:00 – 21:00
Nettside: www.snakkompsyken.no

Sjå fleire ressursar her: Hjelpetelefonar og nettstadar – Rådet for psykisk helse og her: Hjelp for barn og unge – Helsenorge