Undersøking: Flest misnøgde med skulehelsetenesta i nord

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.01.2022 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdommen er blant dei som kjenner covid-stresset sterkast på kroppen, og det er derfor det er så utruleg viktig at dei har nokon å venda seg til, seier Eirik Walør Fagertun, leiar i Elevorganisasjonen i Troms og Finnmark til Framtida.no.

Han fryktar konsekvensane av dårleg psykisk helse og mangel på nokon og snakka med under koronapandemien.

Møre og Romsdal er det einaste fylket der alle elevrådsleiarane som har svart, seier skulen har ei skulehelseteneste som har vore godt nok tilgjengeleg i koronatida.

I landets nordlegaste fylke er halvparten av elevrådsleiarane ved vidaregåande skular misnøgde med tilgjengelegheita til skulehelsetenesta under koronatida.
Det viser ei landsomfattande undersøking Framtida.no har sendt ut til 340 vidaregåande skular i Noreg. 196 elevrådsleiarar over heile landet har svart.

Svar i prosent.

– Me synest dette er ein kjip situasjon, som viser ganske klart kor lågt prioritert den psykiske helsa til ungdom i skulen er. Betre helsesjukepleie på skulen er noko me og elevar over heile landet har slåst for dei siste fem åra, utan reell betring, seier Walør Fagertun.

Eirik Walør Fagertun er fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Troms og Finnmark. Foto: Elevorganisasjonen

– Skammeleg

Elevleiaren i Troms og Finnmark meiner det er eit klart teikn at halvparten av elevrådsleiarane ikkje er nøgde med tilgjengelegheita til skulehelsetenesta.

– Me må ikkje gløyma at elevar ikkje har moglegheit til å skriva sine eigne sjukedagar, og treng framleis legedokumentasjon for å få gyldig fråvær.

Han meiner helsesjukepleiarane er viktige for elevar som opplever ein tung kvardag.

– Dagens tilbod frå kommunane er ei mager trøyst. Det er rett og slett skammeleg, seier han.

– Mange har hatt ein vanskeleg kvardag

Nordkjosbotn vidaregåande skule har kring 250 elevar som har helsesjukepleiar til stades annankvar torsdag frå klokka 08.30 til klokka 13.

Thor Martin Nyland, elevrådsleiar ved Nordkjosbotn vidaregåande, meiner det er altfor dårleg.

– Mange elevar opplever ein vanskeleg kvardag, og at dei skulle hatt meir hjelp, seier elevrådsleiaren til Framtida.no på telefon.

Han understrekar at tida på vidaregåande er ei tid der ungdom går gjennom store overgangar.

Thor Martin Nyland er elevrådsleiar ved Nordkjosbotn vidaregåande. Han håpar skulehelsetenesta blir meir tilgjengeleg. Foto: sjølvi

Det er behov for nokon å snakka med og ein stad der ein kan få hjelp med mellom anna prevensjon.

– Me kan ikkje like godt setja inn p-stav på kvarandre, det treng me fagfolk til, slår Thor Martin Nyland fast.

Kjem med digitalt tilbod

– Det er leit å høyra at elevsrådleiarane ikkje er nøgde med tilgjengelegheita til skulehelsetenesta, seier seniorrådgjevar i Utdanningsetaten i Troms og Finnmark, Bjørn Martin Sivertsen på telefon til Framtida.no. Han fortel at fleire skular ligg under norma på éin helsesjukepleiar på 800 elevar.

– Økonomien i kommunane i Nord-Noreg er under stort press, seier Sivertsen. I tillegg til økonomi, er det òg fleire som opplever at det er vanskeleg å rekruttera helsesjukepleiarar.

Fylkeskommunen jobbar no med å laga eit digitalt tilbod med ei chatteteneste for å hjelpa elevar som slit. Dette skal vera klart til hausten.

Eirik Walør Fagertun i Elevorganisasjonen i Troms og Finnmark helsar tilbodet velkommen.

– Eit digitalt skulehelsetilbod er noko me sårt treng når ein har heimeskule. Det er den beste løysinga me kan sjå for oss, og me støttar ho fullt ut.

Men er skulen fysisk open, krev Elevorganisasjonen at helsesjukepleiar er fysisk til stades. Walør Fagertun understrekar at det er viktig å forsikra seg om at kvar einaste elev veit om dette tilbodet, når det blir rulla ut.

To elevar tok sitt eige liv – kommunen kutta i skulehelsetenesta

På Kongsbakken vidaregåande i Tromsø kommune har dei opplevd at to elevar tok livet sitt det siste året. Først ein i fjor vår, og no sist ein elev no i november, medan skulen var koronastengd.

Elevrådsleiar Elias Crogh ved Kongsbakken vidaregåande skole i Tromsø meiner tilgjengelegheita til skulehelsetenesta har vore alt for dårleg i koronapandemien. Foto: Privat

Elevrådsleiar Elias Crogh meiner tilgjengelegheita til skulehelsetenesta har vore alt for dårleg i koronapandemien.

– Kommunen har kutta i skulehelsetenesta, sjølv om me i det siste året har opplevd to sjølvmord på skulen vår, seier han til Framtida.no.

Han understrekar at helsesjukepleiarane gjer så godt dei kan, men at ei halv stilling på nesten 700 elevar er for lite.

– Me treng ei verkeleg endring, og meir pengar frå Tromsø kommune, seier elevrådsleiaren på Kongsbakken vidaregåande. Koronapandemien gjer at det er behov for meir oppfølging, meiner han.

Kjem i skvis

Rektor ved Kongsbakken vidaregåande skole, Tonje Holm, fortel at i haust blei ei stilling på 60 prosent kutta ned til 50 prosent av kommunen.

– Eg skulle ønskje at kommuneøkonomien var betre, seier rektoren, og etterlyser lågterskeltilbod for ungdom og at kommunen jobbar meir førebyggande.

– Me er veldig nøgd med jobba skulehelsesjukepleiaren vår gjer, men me skulle berre ønskt å ha ho meir, seier rektoren.

Ho seier skulen kjem i ein skvis, sidan skulehelsetenesta er eit kommunalt ansvar og ikkje den fylkeskommunale skulen sitt ansvar.

Skulen jobbar no med å omorganisera elevoppfølginga på skulen, og vurderer å tilsetja ei lågterskelteneste for elevane innanfor det fylkeskommunale mandatet.

– Men me er likevel avhengige av å styrka samarbeidet med skulehelsetenesta og det kommunale nivået, understrekar rektoren.


Steffen Tvedt Brekke (18) er elevrådsleiar ved Varafjell videregående skole i Haugesund, og meiner lærarane kan leggja meir opp til munnlege samtalar for å kompensera for at det sosiale livet til unge er sett på pause. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker