Her er alt du ikkje visste, men burde vite om BH, om du har feil storleik og korleis du finn og prøver på din rette BH-storleik.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

12 kjappe fakta:

Du bør byte BH annankvar dag.

  • For å få BH-en til å vare lengst mogleg og bevara elastikken, bør ein bruke BH-en éin dag, og gi han pause éin dag før ein brukar han igjen. Ein bør dimed ha minst to BH-ar i bruk samstundes og byte på dei.

Du burde sjekke BH-storleiken din 1-2 gonger i året

  • Me forandrar oss kontinuerleg, og BH-storleiken må følgje kroppen.

Du skal bruke den ytste hekta når du prøver ny BH.

  • Hekte-nivåa innanfor er der for å kunne stramme etterkvart som BH-en blir eldre og elastikken blir slappare.

Ein BH varar om lag eitt år.

  • Om ein BH pleidde å vere komfortabel, men no gjer vondt, er det på tide å kassere han.
  • Om han er for laus på inste hakk, kast han.
  • Han kan vare noko lenger om du tek godt vare på han: bruk han annankvar dag, handvask eller bruk mildt vaskeprogram – aldri tørketrommel.

Du får ikkje hengepuppar av å verken gå med eller utan BH.

  • Det er alder, graviditet, gen og anna som speler inn.

Det er bandet rundt ryggen som skal gi støtte og bere vekta.

  • Ikkje skulderstroppane! Det betyr at bandet rundt ryggen kanskje skal vere litt strammare enn du er vand med, og at stroppane ikkje skal gnage seg inn i skuldrene.

Du treng ikkje justere BH-stroppane likt på kvar side.

  • Dei fleste har ei skulder som er litt høgare enn den andre, så det er heilt vanleg om ein stropp må vere litt strammare enn den andre.

80 prosent går med feil BH-storleik.

  • Dei fleste med ein storleik for stor bandvidde og ein storleik for liten i cup. I ein amerikansk studie, kom det fram at 70 prosent av kvinnene som var med i undersøkinga brukte for liten BH, og 10 prosent brukte for stor BH.

Ein cup-storleik er ikkje same cup-storleik.

  • Går du ned ein storleik i bandvidde, må du truleg opp ein storleik i cup.

Bandvidda du bør ha er ikkje det same som målet ditt i cm under bysten.

  • Truleg bør du trekke frå 5-10 cm for å finne rett bandvidde til deg.

Målguiden til (om lag) alle kjedebutikkar gir deg feil storleik.

  • Dei fleste butikkar gir folk to bandstorleikar for mykje, og for liten cup-storleik.

Du burde aldri bruke tørketrommel på BH.

  • Varme øydelegg elastikken og gjer at BH-en gir mindre og mindre støtte.

Går du med feil storleik?

Ein perfekt BH bør liggje tett inntil huda mellom brysta, gå i ei vassrett linje langs ryggen, og sitje perfekt på det ytste festet når BH-en er heilt ny.

Om du berre vil rive av deg BH-en når du kjem heim, går du med feil BH-storleik.

Her kjem ei sjekkliste for å sjå andre teikn på at du har feil storleik:

Feil bandvidde:

  • Det er vondt og ubehageleg rundt ribbeina, bandet grev seg inn i huda. Då er bandstorleiken truleg for liten.
    • Eit tips om du ikkje vil kjøpe ny BH, er å prøve ein BH-forlengar for å få lengre bandstorleik.
  • Skulderstroppar som gjer vondt eller sklir av.
  • Band som sklir opp på ryggen. Stroppane er strama for mykje, eller bandstorleiken er for stor.
  • Du kan ta vidda av handa di mellom ryggen og BH-stroppen utan problem (anten for stor eller for gamal)
  • Det er plass til meir enn to fingrar mellom kroppen og BH-en, midt mellom puppane.

Obs: Om feitt bular litt ut rundt bandet, treng ikkje det bety feil storleik. Kanskje blir det mindre tydeleg med eit større band, men om du då mister støtta er det nok ikkje verdt det. Du kan heller prøve eit breiare band eller ein BH som også går lenger nedover på overkroppen.

Om du brukar BH med lukking framme, er det ekstra viktig å få bandstorleiken rett, og heller litt for stram enn litt for laus, sidan det ikkje er justeringsmoglegheiter etter kvart som han mister elastikk.

Ser BH-en din slik ut? Prøv mindre band og større cup, er rådet frå Linn Emilia Olsen. Foto: @SourceDuMal/Twitter

Feil cup til brystet:

  • Om puppane bular ut over kanten på BH-en, er cup-en truleg for liten. Veldig mange passar ikkje i cup-ane i kjedebutikkane, men det finst faktisk cup-ar opp til norsk storleik T i britiske merke. I Canada finst det eit merke der storleikane går rundt og har starta på alfabetet på nytt (ZA, ZB).
  • Om bandet følest for stramt, kan det også vere du har for liten cup-storleik (test med å prøve på BH-en opp-ned slik at det berre er bandvidda du prøver.)
  • Om det er tomrom i toppen av cupen har du truleg ein cup-storleik for stor, eller feil BH-type for dine bryst. Kanskje har du fyldigare bryst på botnen enn i toppen, og passar kanskje betre i ein balcony- eller demi-BH.
  • Om stoffet i toppen av cup-en rynkar seg eller ikkje ligg flatt, kan det vere du har for stor cup.
  • Om cup-en passa før, og du ikkje har gått ned i vekt, kan det vere BH-en er blitt for gamal og slitt. Særleg om det er ein cup med stretch.

Illustrasjon over korleis huden og brysta vil sjå ut, dersom BH-en ikkje er i vegen. Til venstre ser me ein BH med for liten cup, der cup-en dyttar puppen mot overkroppen. Til høgre har brystet nok plass i cup-en. Illustrasjon: @linnlikesbras

Stroppar:

  • Har du justert dei? Dei treng ikkje vere likt justert på begge sider.
  • Om du ikkje greier å justere stroppane til rett lengde, kan det vere han er for gamal og elastikken slitt.
  • Om det er ein ny BH, kan det vere feil BH-type for deg. Nokre BH-ar har stroppar langt i frå kvarandre, eller veldig breie stroppar. Om ein er petit eller har runde skuldrer må ein kanskje ha stroppar som er litt nærare kvarandre. Ei anna løysing kan vere stroppar som kan kryssast bak.
  • Om ein har store bryst, kan sjølv rett BH-storleik gi skulderplager om ein går lenge med BH. Det kan hjelpe med breie stroppar, og nokre har til og med litt meir polstring i stroppane eller ein kan kjøpe skulderputer å legge inn.
  • Om stroppane gjer vondt kan det vere så enkelt at du har stramma dei for mykje – i trua på at det er stroppane og ikkje bandet som skal bere vekta.

Spiler:

  • Stikk spilene under brysta utover, i staden for å ligge flatt mot huda mellom brysta kan du ha både for stor eller for liten cup-storleik.
    • Om cup-en er for stor, er bøylane for store for overkroppen din og bøylen stikk ut der han kan.
    • Om cup-en er for liten er det umogleg for bøylen å ligge flatt mot brystet. I staden vil han legge seg oppå brystet.
  • Om du har rett storleik, men spilene framleis ikkje ligg flatt, kan det vere du må ha ein annan type BH. Ikkje alle bryst er like i forma som ein standard bøyle.
  • Om du har rett storleik i band og cup, men framleis får vondt av spilene under brysta kan det vere du har høge ribbein.
  • Nokre medisinske diagnosar, til dømes mellomgolvsbrokk, kan også gjere det ubehageleg med spiler.

Puppane heng:

  • Om brysta peikar nedover i BH-en, kan det vere du har feil storleik. Sjølv om ein kan få litt hengepuppar med alderen, skal ein BH som passar bra gi deg litt løft.
  • Brystvorta skal vere midt i mellom skulder og olboge, når du ser deg sjølv i profil.

Korleis måle rett storleik?

Du kan bruke kalkulatoren til A bra that fits – der er det seks mål. Trykk på European standard på Sizing system.

BH-påverkar Linn Emilia Olsen (23) gir deg ein visuell guide til korleis du måler:

@linnlikesbrasSend DM på Twitter eller IG om du har spørsmål! @abrathatfits ##brafitting ##BRAvolution ##ABraThatFits ##brasize ##dialekter ##hjemmelaget ##vårrengjøring♬ Similar Sensation (Instrumental) – BLVKSHP

Ho har også brukt same system for å laga ein litt enklare variant der du berre treng to mål: under bystet og rundt bystet:

Kjelde: @linnlikesbras

Om du får sjokk over storleiken og tenker det umogleg kan stemme, gir det kanskje meir meining når du tenker på cup-storleik som volum.

– Veldig mange som brukar ABTF for første gong får ein større kopp enn dei har brukt tidlegare. Det høyrest kanskje ulogisk ut, men ein kopp som gapar kan vere teikn på at han er for liten, seier Linn Emilia Olsen.
Venstre pupp: cup-en passar rundt heile brystet og brua ligg flatt mot brystbeinet. Høgre pupp: cup-en er for liten og når ikkje rundt heile brystet. Brua ligg ikkje flatt mot brystet. Illustrasjon: @linnlikesbras

Elles kan du sjekke ut @theirishbralady på Instagram eller nettsida What bra sizes looks like. Dei har samla inn bilete så du kan sjå korleis ulike BH-storleikar faktisk ser ut på folk:

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av The Irish Bra Lady (@theirishbralady)

Korleis prøve BH på 1-2-3:

Først av alt: bandvidde og cup-storleik heng saman. Om du vil prøve ei bandvidde større, bør du truleg gå ned ein cup-storleik – og motsett. Om du allereie brukar A-cup, men vil opp i bandstorleik kan du prøve AA.

Når du prøver på BH-en, bruk dei ytste hektene. Bandvidda må passe på den lausaste justeringa, slik at du kan bruka hektene innanfor for å stramme meir etter kvart som BH-en mistar elastikk.

Her ser du døme på yttste hekter. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Bandet er det som ber vekta. Det skal ligge stramt, utan å vere ubehageleg, rundt overkroppen og heilt vassrett – parallelt med bakken. Om du trur bandvidda er rett, men ikkje cupen, kan du teste med å prøve på BH-en opp-ned slik at det berre er bandvidda du prøver.

Du skal ikkje få meir enn to fingrar mellom kroppen og bandet bak.

Løft armane over hovudet og sjekk. Sklir bandet oppover, er det truleg for stort, om det følest ubehageleg stramt er det for lite.

Stroppane skal ligge fint på, ikkje grave seg inn eller falle av.

Spilene skal ikkje vere ukomfortable, om du har rett storleik. Spilene skal ligge rundt heile brystet og ligge flatt mot kroppen din.

Spilene og midtdelen skal ikkje: henge i lufta framfor frå brystet, liggje på brystet eller gnege inn i sidene. Om dette er tilfellet bør du prøve ein cup-storleik større. Om spilene går heilt rundt brysta, skal midtdelen ligge flatt mellom brysta dine. Om han står utover må du truleg ha ein annan storleik, eller ein annan type BH.

Scoop and swoop: Løft brystet med handa frå sida, og legg det i cupen over spilene, og dytt eller stryk over toppen av brystvevet inn i cupen så det fell på plass.

@madisonxalexandraHow to put on a bra ? | #braschool #brasize #brafitting #cupsize♬ Sing, Sing, Sing – Benny Goodman and His Orchestra

Sjekk at brysta no ligg jamnt og fint i cupen, utan å bule ut på topp eller sider (for liten cup). Er det holrom i cupen eller rynker på cupen, er BH-en for stor.

Snu deg i profil og sjå i spegelen: Om BH-en gir god nok støtte skal brystvorta kome midt i mellom skulder og olboge.

Om du har rett storleik, men det likevel ikkje passar heilt, er det mogleg du må prøve ein annan type BH.

Om du har bryst med ulik storleik, prøv å få best mogleg passform på det største brystet så det ikkje bular ut. Om du då ynskjer å jamne det ut visuelt, kan du fylle ut med padding på det minste, bruke BH med skåler som skjular små ujamnheiter, eller ta ut vatteringa frå det største brystet. Eit anna alternativ er å sjå etter BH-ar med strectch i cupen, og justere meir med skulderstroppane.