Kan ein telefon endre verda?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er ganske gamaldags når det kjem til teknologi, og var veldig nøgd med min gamle Nokia som berre kunne sende meldingar og ringe. Så eg visste at om eg skulle ta steget inn i smart-telefonverda, måtte det ein ekstra kul telefon til for at det skulle vere verdt det.

Det seier Mari Gjengedal, ei av mange som entusiastisk sver til Fairphone, den kanskje mest miljøvenlege og rettferdige telefonen på marknaden. Ho studerer samfunnsgeografi og er leiar av Spire, ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet. Når ho skulle få seg sin første smarttelefon var valet klart.

– Stas med produkt som gjer verda betre
Onsdag skreiv Framtida om Grønn Mobil, nettbutikken som freistar å gjere verda grønnare ved å få folk til å pante dei gamle telefonane sine og til å kjøpe brukte telefonar i staden for nye. Medan dei arbeider med telefonane som allereie finst, er det andre som går grundigare til verks for å skape ein grønare og meir rettvis mobilbransje.

LES OGSÅ: Berekraft skal erstatte tusenårsmåla

I løpet av få år har Fairphone gått frå å vere ein liten kampanje til  å vere både ein mobiltelefon og eit internasjonalt sosialt føretak som arbeider for å skape grønare og meir rettvise telefonar. Dei vil skape telefonar som både kan resirkulerast og som er frie for blodige konfliktmineral mange andre telefonar i seg.

Konfliktmineral er ulike mineral som gull, og råstoffa til å produsere tinn, wolfram og tantal. Desse utvinnast ofte på landsbygda i Kongo, gjerne under kontrollen til væpna styrkar. Fairphone arbeider målretta for å skape mobilar som er mest mogleg frie frå desse konfliktminerala, gjennom å spore kva gruve dei ulike råstoffa kjem frå.

Kjøp som gjer ein forskjell
Det er kanskje ikkje så mange som les seg opp på Apple som firma før dei kjøper Iphone, men for Gjengedal var det å undersøkje Fairphone sjølvsagt før ho bestemte seg for denne telefonen.

– Eg hadde lese ein god del om verdigrunnlaget og ideane bak Fairphone og kom fram til at det var det som skulle til. Det er stas med produkt som ikkje berre skal selje, men som òg har eit mål om å gjere folk medvitne og gjere verda til ein betre plass gjennom produksjonen, meiner ho.

LES OGSÅ: Her er Amazon sin smarttelefon

Dessutan er dei eit poeng at Fairphone gjev forbrukarane moglegheita til å gjere ein forskjell.

– Fairphone gir oss ei sjeldan moglegheit til å handle som medvitne forbrukarar. Slik kan vi faktisk gjere ein forskjell gjennom kjøpet, meiner ho.

– Fairphone tek sosialt ansvar
For Gjengedal er det ein stor skilnad mellom kjøpe ein Fairphone samanlikna med ein Iphone, både når det kjem til miljø og rettferd. 

– Der andre produsentar freistar å skjulte alt ved måten produkta er laga på, har Fairphone fullstendig openheit og seier på krona kor stor del av salet som går til kvart ledd i produksjonsskjeden. I tillegg har Fairphone freista å vere så miljøvenleg som mogleg, mellom anna ved å ha som mål å nytte så mykje resirkulert materiale som det let seg gjere og lage telefonar som er resirkulerbare, fortel ho. 

LES OGSÅ: Her er verdas «snillaste» land

Som namnet tilseier strevar dei òg etter å vere meir rettvise i produksjonen av telefonen sin, noko som er viktig for Gjengedal.

– I tillegg er dei ambisiøse når det kjem til sosial endring. Dei nyttar ikkje metall som kjem frå konfliktsone, og dei freistar å endre arbeidsstrukturen ved å gje arbeidarane gode lønningar, trygge arbeidsvilkår og få dei til å organisere seg, fortel ho.

– Kjøp Fairphone om du vil gjere verda betre
Ho meiner vi må løfte blikket frå produkta til prosessen bak dei dersom vi skal skape ei betre verd.

– For meg er ikkje ein telefon berre ein telefon, på same måte som at ingen andre produkt på marknaden ”berre” er produktet. Produkta representerer noko større, nemlig måten vi lagar ting på, konsumerer og lever, seier ho.

LES OGSÅ: Oljedominans i festival-Noreg

Til sjuande og sist handlar kva vi kjøper mykje om kven vi vil vere, meiner ho.

– Vil vi kjøpe ting som er laget på ein måte som øydelegg kloden og folka på han, eller vil gjere det motsette? Kvar gong eg kjøper noko vil eg at det eg kjøper skal bidra til å gjere verda betre, og eg har stor tru på kva vi samla sett kan få til når produsentane er etisk medvitne og forbrukarane får tilgang til informasjon.

Sjølv om Gjengedal, som har den første utgåva av telefonen, opplevde nokre buggs i starten er ho klar på at ho absolutt vil tilrå andre å kjøpe den rettferdige telefonen.

– Om du er ein av dei som òg vil nytte høvet til å gjere ei endring i verda gjennom kva du kjøper, så er Fairphone absolutt telefonen for deg, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd