Det karibiske landet Haiti er prega av fattigdom og ustabilitet. Claude Bonet meiner betre utdanning kan snu situasjonen.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje lett å bli advokat. Utdanning her er veldig dyrt. For å bli advokat må du gå på college, og då må du betale mykje pengar. 

Claude Bonet er 29 år gamal og jobbar som advokat i Haiti. Han snakkar med Framtida.no om situasjonen til unge i landet på videochat via Whatsapp.

– For å vere ærleg, unge har ikkje så mange moglegheiter til å gå på skule.

Bonet forklarar at foreldra ofrar det dei kan for å sende ungane sine på skulen, dei ofrar seg sjølv. Og i eit fattig land er nokre skular betre enn andre.

– Dei beste er dyrare. Så om foreldra har mykje pengar kan borna gå på ein bra skule, viss ikkje, ein dårlegare. Om foreldra ikkje har pengar, får dei heller ikkje gå på skule.

Fattigaste land i Latin-Amerika

I 2021 er Haiti, som utgjer den vestlege delen av øya Hispaniola i Antillane i Karibia, det fattigaste landet i Latin-Amerika, etter mange år med utnytting, vald, ustabilitet og svært brutale regime. Det er det fattigaste landet på den vestlege halvkule, og forskjellane mellom rik og fattig i landet er stor.

Problema i landet går langt tilbake. Kristoffer Columbus koloniserte øya Hispaniola i 1492. Urbefolkinga som budde der blei rakst utrydda som ein konsekvens av europeiske sjukdommar, krig og tvangsarbeid. Spania overgav i 1697 den vestlege delen av øya til Frankrike.

Haiti var sidan ein fransk koloni, og opp mot tre millionar slavar blei frakta frå Afrika til plantasjeverksemdene der, som gjorde Haiti til ein av Frankrike sine rikaste koloniar.

Marianne Tøraasen er forskar ved det samfunnsvitskapelege forskingsinstituttet Chr. Michelsens Institutt (CMI) i Bergen og jobbar med prosjektet ‘Women on the Bench’. Foto: CMI

– Det var ekstremt brutalt. På eit tidspunkt fann franskmennene ut at det var billegare å sende nye slavar frå Afrika enn å halde dei som var der i live.

Det fortel Marianne Tøraasen på telefon til Framtida.no. Ho er forskar ved Chr. Michelsen Institutt og har vore på feltarbeid i Haiti.

– Det som skjedde var at slavane gjorde opprør, og dei vann. Den haitiske hæren slo faktisk Napoleon. Dei fekk sjølvstende i 1804 og blei den første svarte republikken, utdjupar ho.

Vanskeleg start

Men det skulle ikkje bli enkelt for Haiti. Etter dei fekk sjølvstende, måtte landet betale ei stor gjeld til Frankrike. Frankrike anerkjente Haiti sitt sjølvstende først i 1825, mot at dei betalte plantasjeeigarane 150 millionar franc i kompensasjon. Dette blei seinare redusert til 90 millionar franc, og bidrog til at den nye staten var tyngd av gjeld.  

– Dei hadde eit veldig dårleg utgangspunkt, og årsakene til fattigdom og ustabilitet går langt tilbake. Det er vanskeleg å seie korleis situasjonen hadde vore utan gjelda, seier Tøraasen.

– Claude Bonet arbeider som advokat i Haiti og er ein del av den norsk-haitiske organisasjonen Project Haiti, som mellom anna driv skule for fattige barn. Foto: Privat

Claude Bonet fortel at Frankrike og andre stormakter framleis speler ei stor rolle i Haiti.

– Vi må framleis betale, dei veit kva dei gjer. Problemet vårt er dei, dei er supermakta. Frankrike og stormaktene si makt, kontroll og innblanding i Haiti bidreg til problema i landet, seier den engasjerte advokaten.

Han erkjenner at landet slik situasjonen er i dag er avhengig av utlandet, men meiner at dei ikkje treng å ta avgjerder for haitiarane.

«Kjøpt og betalt»

Nesten heile Haiti si historie etter sjøvstendet har vore prega av politisk kaos, med autoritære styre, kupp og militære intervensjonar.

Mellom anna styrte diktatorane François Duvalier («Papa Doc») og Jean-Claude Duvalier («Baby Doc»), som var far og son, landet med jernhand frå 1957-1986.

Fleire gongar har USA gripe inn, og mellom 1915 og 1934 okkuperte dei landet.

I 2010 blei òg Haiti råka av eit kraftig jordskjelv, som seinka utviklinga i landet.

Marianne Tøraasen byrja å reise til Haiti i 2018, og fortel at situasjonen sidan det har vore meir kaotisk enn på lenge.

Ifølgje Tøraasen hender det at den politiske eliten betalar folk for å lage bråk. Ho fortel at dei haitiske venane hennar snakka om at alle som demonstrerer er «kjøpt og betalt», noko ho sjølv syntest var kynisk og ikkje heilt trudde kunne stemme. Likevel såg ho noko av dette med eigne auge:

– Eg hadde eit møte med ein opposisjonspolitikar. Vi sat i bilen og det var demonstrasjonar på gang i byen, og plutseleg rulla han ned vindauget og betalte ein fyr som køyrde forbi på moped pengar. Så fortalte han meg at han berre måtte betale han for å setje opp ei vegsperring for å lage litt trøbbel, seier ho og legg til:

– Det er eit samansurium av politiske krefter og kriminelle krefter, men også mange som demonstrerer fredeleg og faktisk har ei sak dei kjempar for. Så det er veldig komplisert.

Organisasjonen Transparency International lagar årleg ei liste over kor korrupte landa i verda blir rekna å vere. Haiti hamnar i 2020 på plass nummer 170, det vil seie sjette nedst på lista, saman med Nord-Korea og Kongo.

Kartet rangerer kor korrupte landa er. Dess mørkare farge på kartet, dess meir korrupt blir landet rekna å vere. Haiti er det nest mest korrupte landet på dei amerikanske kontinenta. Illustrasjon Transparency International

Nye urolegheiter

Meldingar om at opposisjonen i Haiti vil avsetje president Jovenel Moïse spreidde seg i media ved starten av 2021. Opposisjonen hevda presidentperioden hans var utløpt, og peika ut ein tidlegare dommar til mellombels president.

Marianne Tøraasen fortel at presidenten i landet er ekstremt upopulær, og at konflikten i det siste har eskalert etter fleire år med misnøye.

– Du har ein kombinasjon av at fleire og fleire ikkje får tak i mat, høg inflasjon, folk hadde problem med å få tak i bensin, som er veldig viktig for å kunne fungere i kvardagen i Haiti, og på toppen av det heile blei presidenten skulda for å vere korrupt. Så folk byrja å demonstrere mot det for eit par år sidan og det har vore mykje urolegheiter.

Ho fortel òg at det særlig i hovudstaden Port-au-Prince har blitt meir og meir utrygt, der talet på kidnappingar har auka.

Ein mann blir arrestert av politiet, anklaga for tjuveri av demonstrantar under ein protest for å krevje president Jovenel Moïse sin avgang og mot ei konstitusjonell folkeavstemning planlagt 27. juni i Port-au-Prince, Haiti, tysdag 18. mai 2021. Foto: AP Photo / Joseph Odelyn

At uroen i Haiti eskalerer i 2021 har òg med usemje om grunnlova og mandatet til presidenten å gjere. Moïse blei valt i 2016, men han tok ikkje til før i februar 2017. Nokre meiner at mandatet hans på fem år er over, medan andre meiner at mandatet ikkje er ferdig før om eitt år.

– Dei som meiner at han må gå fordi mandatet er over er sjølvsagt opposisjonen, og mellom anna The Higher Judicial Council, som er dei som tar den endelege avgjerda om korleis lover og reglar fungerer. Men han sjølv, FN og Biden-administrasjonen meiner at han har eitt år igjen, forklarar Tøraasen.

– Det som gjer det ekstra betent er at han har varsla at han skal endre grunnlova slik at presidenten kan få enda meir makt enn han allereie har, legg ho til.

Presidenten i Haiti, Jovenel Moïse, under ei markering av det var 215 år sidan revolusjonshelten Toussaint L´Ouverture døydde i 2018. Foto: AP Photo/Dieu Nalio Chery)

Utdanning er nøkkelen

Ifølgje Claude Bonet i Haiti tar folk til gatene for å demonstrere mot politikarane, og lagar kaos utan å vite kva dei vil eller utan å ha eit alternativ til politikken som blir ført.

– Flesteparten av dei som demonstrerer, gjer det berre for å få regjeringa til å gå. Etter det kjem ein ny president, tar det eit par år, og så startar dei å demonstrere att. Men det er mange kompliserte problem i Haiti som stikk djupt. Ein president kan ikkje fikse alt på nokre få år. Dei må gi dei tid, seier Bonet.

Han meiner det er fem hovudproblem i Haiti:

  1. Eit utdanningproblem – viss du vil øydeleggje eit land, er det berre å øydeleggje utdanningssystemet
  2. Eit statsborgarskapsproblem – mesteparten av det haitiske folket kjenner ikkje reglane for statsborgarar
  3. Eit samvitsproblem – folk tenkjer berre på seg sjølv og bryr seg ikkje om andre
  4. Dårleg styre – det viktigaste er makt, for med makt kan dei få alt dei vil
  5. Supermaktene – dei bryr seg eigentleg ikkje om fattige land, dess meir du er i trøbbel, dess betre for dei

Løysinga for mindre uro, meir stabilitet og utvikling ser Bonet i eit betre utdanningssystem. 

– Når folk får utdanning og kan lese og gjere seg opp si eiga meining, så kan dei ikkje lenger berre gi dei pengar for å demonstrere. Når folk får utdanning betyr pengane deira ingenting for dei. Viss folk deltar i demonstrasjonar vil det då vere frivillig.

Claude Bonet er oppgitt over det politiske systemet i landet, og har inntrykk av at politikarane tar pengane til seg sjølv og sine familiar, og at dei ikkje bryr seg om landet.

– Eg håpar det kjem ein genereasjon som vil fokusere på Haiti. At dei vil seie «Ok, vi skal fokusere på Haiti og gjere alt for Haiti, ikkje for oss sjølve».


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no

Stoffana Saint-Clair og Jeff-Anie jobbar som rekneskapsførar og er ein del av Prosjekt Haiti. Dei drøymer om fleire kvinnelege leiarar. Foto: privat, kollasj Framtida.no

Fakta

Haiti:

Hovudstad: Port-au-Prince

Etniske grupper: Afrikansk opprinnelse 95%, europeisk opprinnelse/blanda 5%

Språk: Fransk (offiselt), kreolsk (offiselt)

Innbyggjartal: 11 402 528 (2020)

Styreform: Republikk

Areal: 27 750 Km2

Kjelde: FN-sambandet