Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å vere kvinne på Haiti er å vere krigar, fighter, mor, søster, det er ein heil familie. 

Det skriv Jeff-Anie Joseph og Stoffana Saint-Clair på fransk i ein e-post til Framtida.no.

Dei jobbar begge som rekneskapsførarar i Haiti. Dei er òg ein del av Prosjekt Haiti, ein norsk-haitisk organisasjon i landet, som mellom anna driv skule og har eit kvinnenettverk som fokuserer på kompetansebygging og yrkesopplæring for kvinner.

Aukande arbeidsløyse

Dei unge kvinnene forklarar at tidlegare, i gamledagar, måtte kvinner vere heime og ta seg av oppgåver i heimen. Dei kunne verken gå på skule eller lære eit yrke, det var reservert mennene. 

I dag kan kvinner i Haiti gå på skule og lære eit yrke etter eige ønskje. Men ikkje alle har moglegheit til å gjere det på grunn av manglande midlar, og det er årsaka til at tala for arbeidsløyse aukar, fortel Joseph og Saint-Clair, og legg til:

– Etter vidaregåande har dei ikkje anna val enn å drive med handel for å overleve.

Stolte over arbeidet

Dei to kvinnene skildrar arbeidsmarknaden på Haiti som liten, og fortel at det ikkje er enkelt å få jobb då mykje går via personlege kontaktar.

Jeff-Anie Joseph og Stoffana Saint-Clair skriv at det i dag er mange kvinner i deira yrke, og at det utviklar seg år for år.

– Det er som ei slags stoltheit. No er det ein kvinneleg rekneskapsførar i nesten alle selskap, og det er eit viktig yrke for alle selskap, og det vil alltid vere behov for rekneskapsførarar.

Dei har inntrykk at kvinner tradisjonelt ikkje har vore så glade i å arbeide med tal, og at det er ein av grunnane til at rekneskapsføraryrket i Haiti av nokre har blitt sett på som eit mannsyrke.

– Ved å utøve dette yrket kan vi seie at vi er ein del av kvinnene som reknar seg likeverdige med menn.

Menn med makt

– Sjølv om kvinnene utgjer 52 prosent av befolkinga, er det i hovudsak menn som har maktposisjonane. Sidan 1934 har kvinner kjempa for å utøve sine sivilie og politiske rettar, men det er aldri lett.

Sidan 10. mars 1990 er Erta Pascal Trouillot den einaste kvinna som har blitt valt til å vere midlertidig president av republikken. I tillegg har det vore to kvinnelege statsministrar, Claudette Werleigh og Michèle Duvivier Pierre-Louis.

Stoffana Saint-Clair og Jeff-Anie Joseph trur ei av forklaringane er at haitiarar lever med myten om at kvinner er for følsame til å styre eit land.

– Likevel, under styret til Jovenel Moïse har det vore fleire kvinner i stillingar enn før, noko som tyder på at ting går framover, seier dei.

Likestilling berre på papiret

Haiti vert rangert heilt nede på 187. plass av i alt 190 land i ei oversikt over kvinneleg representasjon i politikken.

– Når det gjeld kvinner i politikken, er det eit av dei minst likestilte landa i verda. I parlamentet er det berre 3 prosent kvinner, så dei ligg på botnnivå når det gjeld kvinner i politisk representasjon, fortel Marianne Tøraasen på telefon til Framtida.no.

Marianne Tøraasen er forskar ved det samfunnsvitskapelege forskingsinstituttet Chr. Michelsens Institutt (CMI) i Bergen og jobbar med prosjektet ‘Women on the Bench’. Foto: CMI

Tøraasen er forskar ved det samfunnsvitskapelege forskingsinstituttet Chr. Michelsens Institutt (CMI) i Bergen og jobbar med prosjektet ‘Women on the Bench’, og har vore på feltarbeid i Haiti.

Ho fortel at situasjonen i rettsvesenet er litt betre enn i politikken. 12 prosent av dommarane er kvinner.

Tøraasen forklarar at årsakene til den låge kvinnedelen i det offentlege er komplekse, men fortel at kvinner på Haiti generelt er sosioøkonomisk marginaliserte.

– Dei seier at kvinner er ryggraden i den haitiske økonomien, men det har dei ikkje klart å omsetje til politisk makt.

I 2012 blei ei kvoteringslov som seier at det skal vere 30 prosent kvinner i alle offentlege stillingar vedteken.

– Men det er berre på papiret. Kvinnerørsla på Haiti har klart å pushe fram ein del formelle ting, men det å faktisk få det gjort og få dei som styrer til å følgje opp det dei har lova er veldig vanskeleg, seier Tøraasen.

Ein kvinneleg dommar framføre bygget som i dag fungerer som ankerett. Det originale bygget blei totalvraka i jordskjelvet. Dette skulle vere ei midlertidig erstatning dei fekk låne av USAID, men dei er der framleis 11 år seinere, fortel Marianne Tøraasen. Foto: Marianne Tøraasen

Tilbakesteg for kvinnerørsla

Då Haiti i 2010 blei ramma av eit kraftig jordskjelv, som tok livet av rundt 300 000 menneske, blei landet lagt i ruinar. Det blei òg den haitiske kvinnerørsla.

– I jordskjelvet døydde leiarane av dei tre største kvinneorganisasjonane i Haiti, så kvinnerørsla fekk ein knekk. I gjenoppbyggingarbeidet blei heller ikkje kjønnperspektivet inkludert, og dei brukte ikkje opninga til å få kvinner inn i utradisjonelle posisjonar.

20. januar 2010, litt over ei veke etter jordskjelvet på Haiti. To kvinner går gjennom ei øydelagd gate i hovudstaden Port-au-Prince. Foto: AP Photo/Gregory Bull, File

Allereie før jordskjelvet tente kvinner mindre enn menn, var utsette for kjønnsdiskriminering, og levde med meir fattigdom og vald. Kriser forverrar ofte eksisterande sosiale føresetnader, og kvinnene blei meir sårbare av jordskjelvet.

Usette for seksuell vald

Kvinneorganisasjonane og dei tre kvinnene som døydde var sentrale i utviklinga av den første lova som i 2005 kriminaliserte valdtekt, som fram til det hadde blitt rekna som “eit moralsk brot”.

Men også på dette området gjorde jordskjelvet situasjonen verre.

Tøraasen fortel at kjønnsbasert vald lenge har vore eit problem i Haiti, og at valdtekt har blitt brukt som eit politisk våpen, mellom anna under diktaturet til “Papa Doc” og “Baby Doc” og under militærregimet på 1990-talet.

Etter jordskjelvet blei situasjonen enda verre, spesielt i dei mange leirane for internt fordrivne som blei sett opp, der det var dårlege sanitetsforhold, dårleg lys og dårleg sikkerheit, og kvinner blei meir sårbare for overgrep.

– Det har fått mykje meir merksemd og folk snakkar meir om det enn før, men eg trur det framleis er veldig store mørketal, fordi mange ikkje tar sakene sine til retten, anten fordi det er dyrt eller på fransk og dei fleste snakkar kreolsk, legg ho til.

Går sakte framover

– Det hadde vore fint med politiske leiarar som er opptekne av det haitiske folk og ikkje berre om stride seg i mellom, seier Marianne Tøraasen.

Ho trur likevel ein ser endringar når det kjem til likestilling. Haitiarar ho har snakka med meiner det har skjedd mykje berre på nokre få år.

– Det skjer veldig sakte, men kvinner tør å ta meir plass enn før.

Tøraasen meiner òg det gjev håp at dei har klart å få på plass lover, som lova som kriminaliserer valdtekt og lova som skal sikre fleire kvinner i offentlege stillingar. No gjenstår det å følgje dei opp.

At det har blitt fleire kvinner i rettsvesenet, sjølv om det framleis er langt under 30 prosent, er òg ein framgang. Tøraasen jobbar med ein ny vitskapleg artikkel om kva som er grunnen til at delen kvinner på ti år har vakse frå to til 12 prosent.

– Rettsreformer har gjort at rekruttering til å bli dommar er basert på eksamensresultat, medan det før var meir basert på nettverk og om du kjente nokon som kunne skaffe deg ei stilling. Det har gjort at fleire kvinner har kome seg inn i domstolane, for dei er mindre avhengige av dei manngelege nettverka.

Eit klasserom på dommarskulen der ulike samfunnsaktørar får opplæring i korleis bekjempe seksualisert vald, leia av norske og kanadiske politifolk som var i Haiti fra 2010-2019. Foto: Marianne Tøraasen

At det er fleire kvinner i rettsvesenet trur Tøraasen kan bidra til at kvinner sin status i landet blir betra. Det kan verke motiverande for andre kvinner. Det eksisterer òg teoriar om at kvinnelege dommarar tenkjer annleis om kjønnbasert vald.

– Det verka som at menge av dei kvinnelege dommarane eg snakka med var opptekne av å bekjempe kjønnsbasert vald. Nokre fortalde òg at det var ein av grunnane til at dei ville bli dommarar.

Drøymer om kvinneleg president

– Som kvinner er vi svært bekymra for framtida til ungdommane i landet, for i dag har dei unge på grunn av den politiske og økonomiske situasjonen i landet berre eit mål om å dra og bu ein annan stad for eit betre liv, fortel Stoffana Saint-Clair og Jeff-Anie Joseph i Haiti.

Dei to kvinnene meiner det er mange dyktige fagfolk i Haiti som kan hjelpe landet til å utvikle seg, men at desse ikkje har noko anna val enn å reise og starte på nytt ein annna stad.

– Vi er redde for at vi ein dag kan vakne og ikkje ha nokre unge menneske som bur i landet, og vi veit at unge menneske er framtida for landet.

Deira største draum er å sjå Haiti reise seg frå oska, og å høyre landet skildra som tidlegare, som perla av Antillene.

– Det er å sjå alle landets borgarar kome tilbake for å satse på fred, og å ein dag sjå ei kvinne ta over makta og gjere Haiti til det landet alle drøymer om.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no

Asya Fomina (t.v.) og Valerija Aleksejevna Altukhova er begge aktive i kvar sin miljøorganisasjon, sjølv om dei risikerer alvorlege følgjer. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no