Unge får med seg stadig meir nyheiter berre i sosiale medium

Blant unge søkk bruken av tradisjonelle medium, medan nyheiter gjennom sosiale medium utgjer ein stadig større del.

NPK-NTB
Publisert

Nær halvparten av 16-24-åringane oppsøkjer ikkje redaktørstyrte medium kvar dag, men likevel får ni av ti med seg nyheiter når ein inkluderer sosiale medium, viser ein ny rapport frå Medietilsynet.

Rapporten om bruksmangfald byggjer på SSBs mediebarometer for 2024.

– For dei fleste eldre er sosiale medium eit supplement til eit allereie variert nyheitskonsum, medan desse plattformene i større grad er sjølve informasjonsnavet for mange unge, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, meiner det kan bli vanskelegare for redaktørstyrte medium å byggje ein direkterelasjon til unge. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

Nyheitsinteressa blant nordmenn er framleis stor. Berre 2 prosent oppgir at dei ikkje følgjer med på nyheiter i det heile. Sju av ti over 18 år følgjer nyheiter kvar dag.

I 2024 var det omtrent like mange som fekk dei daglege nyheitsoppdateringane sine gjennom sosiale medium (57 prosent) som gjennom nettaviser (58 prosent).

Likevel meiner 64 prosent at den viktigaste kjelda til nyheiter er gratis nettaviser, følgd av TV på 57 prosent. 27 prosent av dei spurde seier at sosiale medium er deira viktigaste kjelde til nyheiter. Podkast er viktigast for 11 prosent, ein auke frå dei siste tre åra.