Er du aktivist på Filippinane risikerer du å verte stempla som terrorist. Likevel vel mange unge å halde fram.

– Om vi peikar på regjeringa si manglande klimahandling og urettferda mot folket, spesielt dei mest marginaliserte, så kan vi kan verte overvaka i opptil 90 dagar både personleg og på nett, utan at vi veit om det.

– Det betyr grunnlause arrestar, mogelegheita for å berre forsvinne, og som mange har opplevd før – å verte kalla terrorist og få ein blink teikna på ryggen

Filippinske Mitzi Jonelle Tan (23) skildrar kvardagen etter den nye antiterrorlova, som president Rodrigo Duterte signerte i fjor sommar.

Vilkåra for klimaaktivistar på Filippinane var allereie utfordrande det er eitt av verdas aller farlegaste land å vere miljøvernar i men den nye lova fører til endå meir redsel og uro for eigen sikkerheit.

– Ho er ein trugsel for alle typar for aktivisme, inkludert klimaaktivisme, med sin vage definisjon av terrorisme, der sjølv det å ynskje «systemendring» kan verte kalla terrorisme, fortel Tan på den krypterte appen Signal og slår fast:

– Ho set ytringsfridomen og retten til dissens i fare.

 – Vi fortel folk som ikkje er aktivistar endå, at dei ikkje bør vere redde for å heve stemma si, fordi vi er mange og saman er vi sterke, fortel Mitzi Jonelle Tan. Foto: AC Dimatatac

Amnesty åtvarar

I juli 2020 signerte den filippinske presidenten ei såkalla antiterrorisme-lov, som tillet styresmaktene å arrestere personar utan tiltale, og i lengre tid.

– Signeringa av lova syner kor alvorleg vi tek forpliktinga om å nedkjempe terrorisme, som lenge har plaga landet og skapt ubeskriveleg sorg og frykt hjå mange i vårt folk, sa presidenttalsmann Harry Roque då.  

Sivilsamfunnet og menneskerettsforkjemparar fryktar derimot lova er skapt for å stilne kritiske røyster, at ho hindrar ytringsfridomen, pressefridomen og organisasjonsfridomen og legg grunnen klar for massive menneskerettsbrot.

– Denne administrasjonen har på effektivt vis skapt eit nytt våpen for å merkje og trakassere alle som vert oppfatta som ein fiende av staten, sa Amnesty International sin regionale direktør for Asia-Pacific, Nicholas Bequelin, i ei pressemelding då lova vart signert.

Amnesty-direktøren var uroa for at sjølv den mildaste kritikar av styresmaktene kan verte stempla som terrorist i Duterte si tid, og oppmoda FN til å granske dei omfattande og systematiske menneskerettsbrota i landet.

– Ein skremmande effekt 

– Antiterrorlova er verkeleg berre kodifiseringa av praksisen til styresmaktene våre, og ho har hatt ein skremmande effekt på mange unge, fordi mange av mine jamaldra forståeleg nok er reddefortel filippinske Jon Bonifacio (23) på Signal til Framtida.no.

Han fortel at styresmaktene sjølv før antiterrorlova vart innført har trakassert og stilna kritikarar og opposisjonen på ulike måtar, som ved å stemple dei som terroristar eller kommunistrebellar:

– Denne terror-tagginga av individ og organisasjonar har fått folka våre arresterte og til og med drepne, seier Bonifacio, som sjølv er klimaaktivist.

Presidenten: – Ver sikker på at de verkeleg drep dei

Under president Rodrigo Duterte har Filippinane vorte ein mindre demokratisk stad med meir korrupsjon.

Den årlege Corruption Perceptions Index frå Transparency International rangerte i 2020 Fillippinane på 115. plass av 180 land. 20. plassar ned frå 2015, før Duterte tok til i presidentembetet. Rapporten peikar på at det føregår store brot på menneskerettane og mediefridomen i landet.

Allereie på sine første dagar som president, 1. juli 2016, erklærte Rodrigo Duterte krig mot narkotika. Krigen har ført til at minst 8600 personar har vorte drepne, medan det eigentlege talet kan vere tre gongar så høgt.

Den filippinske presidenten Rodrigo Duterte. Foto: Ace Morandante, Malacanang Presidential Photographers Division via AP

Duterte sin nyaste krig er mot «kommunistar». 

Heilt sidan 1969 har det føregått eit kommunistisk opprør på Filippinane, der regjeringa og den kommunistiske rørsla står på kvar si side.

Konflikta stammar frå ujamn økonomisk fordeling og manglande tilgang til den politiske arenaen, og opprørarane krev politiske, sosiale og økonomiske reformar og endringar i grunnlova.

Meir enn 40.000 menneske har mista livet sidan den kommunistiske geriljaorganisasjonen New People’s Army (NPA) vart stifta.

Det har vore gjort fleire forsøk på fred dei siste tiåra, utan hell. 

I mars i år gav president Duterte ordre til politiet og militærstyrkene om at dei skulle gløyme menneskerettane og ta livet av dei kommunistiske opprørarane:

– Ver sikker på at de verkeleg drep dei. Gjer slutt på dei om dei er i live, sa Duterte ifølgje Aftenposten.

Men merkjelappen «kommunist» vert ikkje berre nytta for å skildre medlemmar i kommunistpartiet eller geriljaorganisasjonen. Han vert òg nytta som eit påskot for å stilne brysame stemmer.

FN om regjeringsretorikken: «Djupt øydeleggjande»

Ein FN-rapport frå 2020 peika på korleis såkalla red-tagging, å definere individ eller grupper som kommunistar eller terroristar, har vore ein gjentakande og mektig trussel mot sivilsamfunnet og ytringsfridomen på Filippinane i fleire tiår.

– I nyare tid har skadeleg retorikk frå dei høgaste nivåa i regjeringa vore omfattande og djupt øydeleggjande. Nokre ytringar har gått så langt som å oppmode til vald, står det skrive i rapporten. 

Rapporten konkluderer med at det overdrivne fokuset på offentleg orden og nasjonal tryggleik på kostnad av menneskerettar har vorte meir akutt dei siste åra.

Mellom 2015 og 2019 har minst 248 menneskerettsforkjemparar, journalistar og fagforeiningspersonar vorte drepne på grunn av arbeidet sitt.

Michelle Bachelet er FN sin høgkommissær for menneskerettar. Foto: FN.

FN-rapporten viser uro for at tendensen med å gjere skurkar av alle som ytrar kritikk vert så institusjonalisert og normalisert at det vert vanskeleg å snu.

– Personar som er ueinige med regjeringa sin politikk og kritiserer dei, inkludert i den internasjonale sfæren, bør ikkje verte stempla som terrorist-sympatisørar, sa FN sin høgkommissær for menneskerettar, Michelle Bachelet, i ei pressemelding i samband med rapporten.

Tapet av vener

Mitzi Jonelle Tan fortel at det er vanskelegare å oppmode andre til å verte aktivistar, etter antiterrorlova vart vedteken. Frykta er sådd.

Sjølv er ho aktivist på fulltid, men ho fortel at det kostar mykje.

– Det betyr kommentarar som kallar oss terrroristar i kommentarfeltet på dei sosiale media våre. Dei kallar oss jordas avskum, forbannar oss og familiane våre, ynskjer oss daude, fortel ho.

– Det betyr valdtektstrugslar og dødstrugslar i våre direktemeldingar.

Pengar norsk ungdom kan setje på sparekonto, brukar 23-åringen på å betale for mobildata, sikkerheitsappar og krypteringsverktøy som VPN slik at ho kan kjenne seg trygg, endå ho ikkje veit om det er nok.

– Det betyr tristheit og sorg, når personar du har arbeidd tett med har vorte drepne etter å ha vorte kalla terrorist.

Den sorga er friskt i minnet til Tan. I byrjinga av mars var ein av vennane hennar, Melvin Dasiago, ein av ni aktivistar som vart drepne i samband med ei ransaking frå politiet og militæret. Dasiago kjempa for at heimlause skulle få ein plass å bu.

– Vi er djupt uroa over at desse siste drapa indikerer ei eskalering i vald, skremsel, trakassering og «red-tagging» av menneskerettsforkjemparar, sa Ravina Shamdasani i ei pressemelding på vegner av FN sin høgkommiser for menneskerettar.

Panikkslegne mødre og botnlaus sorg

– Det betyr at mor di får panikk og gret, om du ikkje svarar på ei melding innan ei viss tid eller dersom du endå er ute når det vert mørkt, held Mitzi Jonelle Tan fram.

– Det betyr at hjartet ditt slår fortare og det vert vanskeleg å puste, dersom du ser politiet.

– Det betyr å måtte ta pausar medan eg svarar på desse spørsmåla til intervjuet, fordi det er så vanskeleg å prate om.

Om det står ein framand med rare spørsmål utanfor heimen til 23-åringen etter at ho har vore hjå politiet, så lyt Tan melde frå til advokatfullmektigen ho har kontakt med slik at situasjonen vert overvaka.

– Den konstante frykta og uroa for at ein gong, ein dag, så bankar nokon på di dør og tek deg med vekk utan at du veit kvifor. 

I juni 2020 samla fleire hundre aktivistar seg på University of the Philippinesfor å protestere mot antiterrorlova, trass i at dei risikerte koronabøter. Foto: AP Photo/Aaron Favila

Internasjonalt fordømd

Til no har antiterrorlova berre vorte nytta ein gong, då Japer Gurung og Junior Ramos vart fengsla, tiltalte for terrorisme og skulda for å ha skote soldatar, i august i fjor.

Dei to høyrer til det filippinske urfolket aeta, og hevdar militæret planta våpen på dei og feilaktig skulda dei for å vere medlemmar av NPA. Gurung og Ramos hevdar dei vart torturerte av militæret i seks dagar.

Antiterrorlova møtte sterk kritikk internasjonalt, og vert no handsama i høgsteretten i landet for å avgjere kor vidt ho bryt med grunnlova eller ikkje.

Mitzi Jonelle Tan og Jon Bonifacio trur reaksjonane lova møtte nasjonalt og internasjonalt er grunnen til at ho ikkje har vorte nytta meir. Frykta sit like fullt i ryggmargen:

– Det er skremmande å tenkje at du kva tid som helst kan verte merkt som terrorist og fengsla, fortel Bonifacio.

«Når augo dine først er opna, er det ei synd å late dei att»

Jon Bonifacio studerer eigentleg medisin ved statsuniversitetet på Filippinane, men har teke eit friår for å vere aktivist på fulltid. Han meiner han eigentleg ikkje har noko anna val:

– Alle formar for aktivisme, anten det er studentaktivisme, miljøaktivisme, klimaaktivisme, er truga av antiterrorlova, så om vi vil behalde rettane våre til å heve stemma, så må vi slå tilbake og prøve alle mogelegheiter. 

Dei kallar oss jordas avskum, forbannar oss og familiane våre, ynskjer oss daude

Mitzi Jonelle Tan fortel at ho nektar å la seg skremme til stille, og vil halde fram å avsløre og fordømme urettferda styresmaktene utøver, trass i at også ho er redd.

23-åringen viser til eit filippinsk ordtak som grovt omsett seier: «Når augo dine først er opna, er det ei synd å late dei att, det er ei synd å snu ryggen din mot folket».

– Eg vel å vere ein aktivist kvar dag, trass alle risikoane, fordi eg veit at det er det rette å gjere. Eg veit at konsekvensane av å ikkje verre ein aktivist er verre. 

Trur på siger

Samstundes konsulterer Tan advokatar og advokatfullmektigar slik at ho veit korleis ho best kan beskytte seg sjølv.

Tan seier ho berre er éi stemme i eit hav av tusen, og når så mange kjempar for rettferd og vert støtta av andre på tvers av kloden, så kan ho ikkje forestille seg at dei skal gå tapande ut.

– For meg, er siger uungåeleg. Det vil vere hardt og vanskeleg, men undertrykkararne vil tape, for folket er sterke og står meir og meir samla. Vi er kompromisslause og vi veit at vi fortener ei betre framtid for alle, seier ho og avsluttar:

– Vi vil gjere kva enn som trengst for å kjempe for denne framtida.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no

Stoffana Saint-Clair og Jeff-Anie jobbar som rekneskapsførar og er ein del av Prosjekt Haiti. Dei drøymer om fleire kvinnelege leiarar. Foto: privat, kollasj Framtida.no
Oppdatert: fredag 28. mai 2021 13.10
ANNONSE