– Alle skular burde tilby teiknspråk

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 09.11.2021 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er vanskeleg å ikkje bruke munnen, seier Emilie Waage.

16 elevar er samla til ettermiddagsundervising på Nydalen vidaregåande skule. Der får ungdom frå heile Oslo tilbod om å ta norsk teiknspråk som framandspråk. Nokre av dei har søsken eller vener som er døve eller høyrslehemma; andre synest berre språket er interessant.

– Eg har sett folk som har brukt teiknspråk, og eg har blitt inspirert og fått lyst til å lære det. Det er forfriskande og spanande, seier Waage.

Ho kjenner sjølv ingen høyrslehemma, utanom lærarar og andre i klassen, men vil lære språket av eiga interesse.

– Og så vil eg hjelpe andre. Eg føler at døve og høyrslehemma er sett veldig i skuggen, og eg synest det er viktig å løfte fram minoritetsgrupper. Vi bør ha meir kunnskap, meiner Waage.

– Alle burde tilby faget

I klassen går også Marthe Halvorsen. Ho har sjølv nedsett høyrsel og er van med å lese på munnen. Det er ein fordel i faget, seier ho.

Halvorsen meiner at alle skular burde tilby teiknspråk som fag. Ho seier at det er viktig å sjå alle sine behov og vise fram at norsk teiknspråk er eit eige språk.

– Det burde vere like lett å ha teiknspråk som framandspråk som tysk eller fransk. Er det mangel på lærarar, må ein oppmode fleire om å utdanne seg, seier ho.

Marthe Halvorsen meiner at alle skular burde tilby teiknspråk som framandspråk. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho viser til at teiknspråk er eit praktisk språk. Ein kan kommunisere gjennom vindauge eller i støyande omgjevnader. Medan engelsk og andre språk har framande ordlydar som kan vere vanskeleg å lære seg, særleg for høyrslehemma, er ikkje det eit problem på teiknspråk.

– Ei heilt anna verd

Waage synest at det er vanskeleg, men gøy å lære språket.

– Det er annleis på alle måtar. Gjennom heile skulen har vi lært om adjektiv, substantiv, struktur, og å eller og. Teiknspråk er ei heilt anna verd. Setningane er forandra, vi tel på ein annan måte, det er andre pronomen, og du kan til og med lage alfabetet med handa, seier ho.

Men er det lettare eller vanskelegare enn å lære engelsk eller tysk? Halvorsen meiner at det kjem an på utgangspunktet du har.

Emilie Waage meiner at det er viktig å ta omsyn til og løfte fram minoritetane i samfunnet. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Eg synest det er lettare. Grammatikk er nok like vanskeleg på alle moglege språk, men den er annleis på teiknspråk. Du kan prøve og feile, teste grenser og lære ting på ein ny måte, seier ho.

Meir praktisk

Nydalen vidaregåande skule er ein såkalla knutepunktskule for teiknspråk. Det er også Nordahl Grieg vgs i Bergen, Sandefjord vgs i Vestfold og Telemark og Tiller vgs i Trøndelag. Skulane skal ha eit teiknspråkleg miljø, og dei tilbyr opplæring i teiknspråk til både døve, høyrslehemma og høyrande elevar.

Lærar Aggie Victoria Handberg fortel at dei fleste av elevane i Nydalen ikkje har noko erfaring med språket frå før. Nokre har gjerne søsken eller andre kjente som er døve eller høyrslehemma.

– Dei fleste tek det fordi det er morosamt, annleis og spanande, seier ho. 

Sjølv om norsk teiknspråk er eit språk på lik line med dei andre framandspråka, opplevest faget som meir praktisk, slår ho fast.

– Mange tenker at dei skal sleppe unna grammatikk. Det gjer dei ikkje. Men det er mindre fokus på ordbøker og bøying. Dessutan vert ein meir medviten om korleis ein kan bruke kroppen til å kommunisere på. Og det er annleis nok til at det er litt kult, seier Handberg.

Eigne premiss

For døve eller tunghøyrde som brukar teiknspråk, kan det vere ei lette å møte nokon som kan kommunisere på teiknspråk, seier Handberg. Ho er sjølv døv.

– Det å kunne kommunisere på eigne premissar, i staden for å alltid måtte tilpasse seg det høyrande majoritetssamfunnet, kjennest som ein fridom. Ein kan forstå og bli forstått utan å måtte ty til gester og tilpasse seg, seier ho.

Medan andre framandspråkfag inneber geografi, historie og kultur i dei respektive landa, er teiknspråkfaget prega av at språket tilhøyrer ein minoritet i det norske samfunnet. På læreplanen er tema som minoritet kontra majoritet, makttilhøve og historie.

Aggie Victoria Handberg er lærar i teiknspråk på Nydalen vidaregåande skule. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Manglar kompetanse

På Vågsøy ungdomsskule i Nordfjord har elevane hatt tilbod om teiknspråk som framandspråk i fleire år. Det er ein av få ungdomsskular i landet som har tilbodet. I 2016 skreiv lokalavisa Fjordenes Tidende at faget nesten var meir populært enn tysk og engelsk.

Kathrine Kvalheim Osnes jobbar som teiknspråktolk og har vore med på å etablere teiknspråkklassen Vågsøy. Ho fortel at faget framleis finst på skulen – såvidt. Det vart ikkje starta nokon ny klasse for åttandeklassingane i haust.

– Faget har fungert godt, men det er sårbart når vi berre har éin lærar med rett kompetanse, seier ho.

Kommunen har vore positiv og villig til å få til faget, fortel ho. Utfordringa har vore å skaffe lærarar.

– Det er lite tilbod om lærarutdanning for døve som gjerne kunne undervist i eige morsmål. Men det byrjar å endre seg, fortel ho.

Også Aggie Victoria Handberg på Nydalen fortel at det er vanskeleg å få tak i lærarar.

Aggie Victoria Handberg er lærar i teiknspråk på Nydalen vidaregåande skule. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Kjempeviktig tilbod

Interessa for faget på Vågsøy ungdomsskule har vore ganske bra, seier Osnes. Særleg når ein har hatt elevar på skulen med høyrslehemma i familien. Men mange vel også faget fordi det er kjekt, annleis og spanande.

Osnes meiner at det er veldig viktig å tilby norsk teiknspråk som framandspråk i skulen.

– Det er veldig fint at dei som er døve eller bruker teiknspråk kan kommunisere med fleire i samfunnet, seier ho.

Ho understreker at elevane lærer grunnleggande ting om kommunikasjon som kan vere bra å ha med seg vidare.

Ho trur faget kan vere lettare å lære for nokre elevar. Det er annleis enn «puggespråk», som til dømes tysk.

– Det er mykje kroppsspråk og mimikk. Viss nokon til dømes er glad i rollespel, kan dei ha lettare for å lære teiknspråk. Men det er like fullt eit språk, og ein må ha ei viss språkforståing, seier ho.

Bidreg til normalisering

Vågsøy var den første ungdomsskulen i landet som starta ein klasse i teiknspråk som framandspråk. Osnes kjenner ikkje til mange andre. Ho trur at manglande kunnskap er ein viktig grunn til at ikkje fleire skular tilbyr faget.

Mange kjem ikkje på at teiknspråk kan vere eit språk å lære

– Mange veit ikkje om eller kjem ikkje på at det kan vere eit språk å lære. Det er ikkje så mange som har nokon i nærmiljøet sitt som brukar teiknspråk. I tillegg er det mangel på lærarar som kan undervise, seier ho.

Dessutan vert det ein ekstra ressurs for skulen om ein skal ha eit ekstra fordjupingsfag.

– Eg skulle veldig gjerne sett at teiknspråk var meir utbreitt. Først og fremst for forståing og at teiknspråk vert anerkjent som det språket det er, seier ho.

Dersom det er døve elevar på skulen, kan ein bidra til at dei kjenner seg meir normale. Særleg i ungdomstida er det sårt i skille seg ut. Om andre kan språket, får det ein annan status, slår ho fast.

– Når ein møter døve, er det mange som synest det er skummelt og ikkje torer å kommunisera med dei. Om ein hadde kjent betre til språket, hadde ein kanskje tort.


Arbeidskvardagen som teiknspråktolk under koronapandemien er utfordrande, fortel Karoline Marie Hjertaas Johnsen. Foto: Privat

Norsk teiknspråk

  • Norsk teiknspråk vert rekna som primærspråket til dei fleste døve i landet.
  • Norsk teiknspråk er anerkjent som eit eige språk i den nye språklova som vart vedteke i vår. Det inneber at alle offentlege sektorar skal sikre at språket vert verna og fremma. Brukarar av språket har rett til å lære, møte og bruke språket sitt.
  • I tillegg til handbevegelsar brukar ein mimikk og kroppshaldning for å kommunisere på teiknspråk.