Få unge er meddommarar: – Trur det er få som veit om det

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det er lite opplyst. Eg fekk vita om det tilfeldig på høgskulen, fortel Kristine Volden (22), som tar sisteåret på grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet på Stord.

Ho og Simen Ankervold (22) er dei yngste som er valt til meddommarutvalet i Stord. I kommunen er berre tre av 85 meddommarar under 30 år.

– Samfunnet er eit mangfald, og då er det òg viktig å ha eit mangfald mellom meddommarane som skal vera med på å døma i rettsalen, seier Kristine Volden.

I tingretten og lagretten blir heilt vanlege folk trekte ut til å vera med på å døma i rettssaker saman med ein fagdommar.

Simen Ankervold høyrte om frå mor si om at det var bruk for fleire unge meddommarar. Katrin Innvær Ankervold sit i kommunestyret for Arbeidarpartiet. Det er kommunestyra som vel eit visst tal på meddommarar i kvar kommune, kvart fjerde år.

– Det er fleire politisk aktive i familien min, men eg har ikkje sterke meiningar om politikk. Dette er min måte å gjera ein innsats for samfunnet, seier tredjeårsstudenten på økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

– Skal dømast av likemenn – ikkje eldreråd

NRK avslørte tidlegare i sommar at fleirtalet av meddommarane i dei ti største kommunane i Noreg er over 50 år.

Leiar av forsvarargruppa i Advokatforeningen, Marius Dietrichson. Foto: Advokatforeningen

– Ordninga fungerer ikkje viss den ikkje speglar befolkninga. Ein skal dømmast av sine likemenn, ikkje av eit eldreråd, seier leiaren av Forsvarargruppa i Advokatforeningen, Marius Dietrichson til NRK.

I dei femten kommunane i Haugaland og Sunnhordland er det eit endå lågare tal på unge meddommarar enn snittet for dei store byane. Berre 3,8 prosent av meddomarutvalet er under 30 år. I Etne, Bømlo, Vindafjord, Suldal og Bokn er det ikkje éin meddommar under 30.

– Viss ein skal avspegla befolkninga, så var det eit lågt tal, seier sorenskrivar for Haugaland og Sunnhordland Tingrett, Tine Margrethe Odland til Framtida.no.

– Ikkje enkelt

Sveio kommune er blant dei beste i regionen. Her er tre meddommar under 30 år, av totalt 30 meddommarar. Kommunen blir styrt av ordførar Linn Therese Erve (Ap) som sjølv har jobba som advokat i fleire år.

– Me har gått ut så breitt som mogleg og oppmoda alle i kommunestyret om å få folk til å stilla som meddommarar, seier ho til Framtida.no.

Ho vedgår at det ikkje har vore så enkelt å få folk til å stilla på listene.

– Det er veldig viktig å ha eit så breitt utval som mogleg av meddommarar, både når det gjeld kjønn og alder. Det er jo sånn at ein skal bli dømt av sine eigne, og tiltalte kan vera i alle aldrar.

Ifølgje tal frå SSB, utgjer unge under 29 år meir enn ein fjerdedel av alle dømde i 2020. Totalt var det heile 75.000 unge som fekk ein eller annan straff i fjor.

Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) har jobba fleire år som advokat, og meiner kompensasjonsordninga for meddommarar må bli betre. Foto: Daniel DeNiazi, CC BY-SA 2.0-lisens

Etterlyser betre kompensasjon

– Dei som stiller seier at det er veldig givande og dei synest det er veldig interessant å vera frå innsida i rettssalen, seier Linn Therese Erve.

Men det er ingenting å bli rik av. Meddommarar får dekt tapte arbeidsinntekter, medan kompensasjonen for studentar og trygda er berre 250 kroner dagen. Det tilsvarar 33 kr/t for ein heil dag i retten. Summen er ikkje justert på mange år. Sveio-ordføraren trur dette kan gjera det vanskelegare å rekruttera meddommarar.

– Kompensasjonsordninga burde vore betre, seier ho.

Sveio-ordføraren får støtte frå sorenskrivar Tine Margrethe Odland i Haugaland og Sunnhordland tingrett.

– Det er lenge sidan kompensasjonen blei justert. Det er uheldig, seier ho.

Odland trur det kan ha noko å seia for rekrutteringa. Ho understrekar likevel at dette er eit frivillig verv som kan opplevast interessant og meiningsfullt for dei som stiller.

Får digitalt kurs

Førebels har ingen av dei unge meddommarane vore meddommar i ei rettssak. Men dei har lese seg opp på eit skriv dei har fått og tatt eit nettkurs på førehand.

– Eg har sett eit kurs på nett, der dei gjekk gjennom ulike problemstillingar, fortel Kristine Volden.

Der står det blant anna at meddommarane skal vera allment pent kledde, men heller ikkje stivpynta.

– Det betyr at ein ikkje skal stilla i dress. Og ikkje i shorts, heller, seier Simen Ankervold. Han ventar enno på å bli kalla inn til si første rettssak. Kva tid det blir, er opp til ein datamaskin som trekker ut tilfeldig kven som blir kalla inn til kvar rettssak.


Det var tilfeldigheiter som gav illustratør Fedor Sapegin sitt første oppdrag som rettsteiknar. Illustrasjon Fedor Sapegin. Foto: Privat

Fakta: Meddommarar

  • Meddommarar er «vanlege folk» som er med på å avgjera straffskuld i rettssaker, saman med fagdommarar. Ein meddommar har same mynde og ansvar som ein fagdommar.
  • Det blir ikkje stilt krav til fagleg dyktigheit. Dette er fordi prinsippet om at ein skal bli dømd av sine likemenn står sterkt.
  • For å bli valt som meddommar må du vera mellom 21 og 70 år.
  • Du må vera norsk eller nordisk statsborgar, eller folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra.
  • Meddommarar blir brukte i tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten, men ikkje i Høgsterett. I tingretten er det vanlegvis to meddommarar, ein mann og ei kvinne, og ein fagdommar.
  • Det er frivillig å melda seg til vervet, men viss ein blir valt pliktar ein å stilla opp i retten når ein blir innkalla.
  • Meddommarar blir valde av kommunestyret eller bystyret for ein periode på fire år.
  • Er du advokat eller politi, eller har offentlege verv, så kan du ikkje vera meddommar.
  • Har du blitt dømd før, så kan du ikkje vera meddommar.

Les meir på domstol.no!