Åtvarar mot mangel på helsefagarbeidarar: – Gi oss høgare løn!

Noreg treng 110 000 fleire årsverk i helse og omsorgssektoren innan 2035.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innan 2060 må nesten éin av tre jobba i helse- og omsorg, ifølgje framskrivingar av SSB. I dag er talet berre 13 prosent. For å klara å møta det store behovet i helse- og omsorgssektoren, må det bli utdanna langt fleire helsefagarbeidarar enn det blir gjort i dag.

Helsefagarbeidarane Cathrine Haga (19), Lina Håvik (22), Helene Karlsen (19) og Stina Heldal (19) eller tydelege på kva som skal til for å få fleire helsefagarbeidarar i helse- og omsorg:

– Høgare løn!

No er dei alle VG4-elevar på Fitjar vidaregåande og tar påbygg ved sidan av jobbane sine.

– Ein grunn til at eg tar påbygg er at føler yrket blir sett ned på. Kvar er respekten for yrket vårt? spør Stina Heldal.

Ho lurer på korleis det skal bli nok helsefagarbeidarar i framtida.

– Eg synest det er urettferdig fordeling i samfunnet. Helse og liv er det viktigaste me har. Det er forståeleg at sjukepleiarar har meir enn helsefagarbeidarar, sidan dei har meir utdanning, men ikkje at me tener så mykje mindre enn andre faggrupper. Me gjer eit kjempetungt arbeid, både fysisk og psykisk, påpeikar ho.

Garantert årsløn for helsefagarbeidarar på sjukehus er i dag 377.000 kroner. Med tre års høgskuleutdanning er minsteløna 423.000, ifølgje Fagforbundet.

Høgare løn i helsesektoren har vore ei kampsak lenge, sist i Unio-streiken no i vår. Fleire meiner helsearbeidarar i praksis ikkje har nokon streikerett, då det ofte blir brukt tvungen lønsnemnd dersom ein streik kan utgjera fare for liv og helse.

Linn Håvik (22), Stina Heldal (19), Helene Karlsen (19) og Cathrine Haga (19) tar påbygg på Fitjar vidaregåande skule. Foto: Svein Olav B. Langåker

Må ut med meir informasjon

Alle dei helsefagarbeidarane meiner det bør koma ut meir informasjon om kva det er å vera helsefagarbeidar.

– Det er så mykje meir enn å tørka drit, understrekar Cathrine Haga.

– Eg har eit valdsamt behov for å fortelja kva me driv med. Me jobbar tett med menneske og hjelper dei og snakkar med dei, seier Stina Heldal.

Alle seier dei kjenner på stoltheita for yrket sitt, sjølv om fleire har kjent på at dei har blitt sett ned på.

LES MEIR OM YRKET: Oscar (26) er helsefagarbeidar

Turnus og heile, faste stillingar

Linn Amalie Håvik er den einaste av dei fire som har fått fast jobb.

– Betre turnus og heile faste stillingar vil nok hjelpa til med å gjera det meir attraktivt å jobba i helse og omsorg, seier ho.

Dei andre jentene jobbar både på Haukeland universitetssjukehus og i heimesjukepleien, og kunne tenkt seg å jobba meir.

Andel av befolkninga eldre over 80 år

Kjelde: SSB og Perspektivmeldinga

Heller varme hender enn robotar

Mens dei over 80 år i dag berre utgjer knapt 4,5 prosent av befolkninga, er delen eldre venta å auka til nesten 12 prosent i 2060. Aldersutviklinga vil krevja betydeleg vekst i ressursinnsatsen i helse- og omsorgstenestene framover, slår Perspektivmeldinga til regjeringa fast.

Helseteknologi vil kunne hjelpa til noko med behova i omsorgssektoren. Enkelte demensavdelingar har hatt suksess med robotselar som har gjort dei eldre rolegare. Både gps, alarmar, medisindoseringsapparat og løfteapparat kan hjelpa til i kvardagen.

– Den menneskelege kontakten kan ikkje erstattast, men den kan hjelpa til, seier Stina Heldal.

– Eg lurer på korleis det blir i framtida. Korleis skal me få pengar til dette? spør ho.

SSB-forskar: – Vanskeleg å få til ein så sterk auke

Nils Martin Stølen er seniorforskar ved Statistisk sentralbyrå, og forskar på befolkningsutviklinga i Noreg og kva konsekvensar det har for velferdsstaten.

– Det tar tid å både auka utdanningskapasiteten og få ungdommane gjennom utdanningsløpet. Derfor kan me seia temmeleg sikkert at problema med mangel på helsefagarbeidarar og sjukepleiarar blir større, skriv han i ein epost til Framtida.no.

Den auka etterspørselen gjer det nødvendig å auka tilgangen med 2800 sjukepleiarar og 1800 helsefagarbeidarar per år frå og med 2026 for å nå nokonlunde balanse i 2035.

– Eg vil tru at det er vanskeleg å få til ein så sterk auke i tilgangen allereie til 2026, skriv Stølen til Framtida.no.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

LES OGSÅ: 6 gode grunnar til å bli helsefagarbeidar

Bolette Grov (18) og Oline Nordhus (18) fortel Luna Isdal kor kjekt det er å jobba som helsefagarbeidar her på Utdanningsmessa i Sunnhordland. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker