9 av 10 elevrådsleiarar er uroa over kva koronatida gjer med framtida til unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.01.2022 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psykisk helse, einsemd og mangel på praksis og læringsutbyte er blant dei vanlegaste bekymringane.

Det kjem fram i undersøking som Framtida.no har sendt ut til 340 vidaregåande skular i Noreg. 196 elevrådsleiarar har svara.

– Koronatida har øydelagt mykje for at ungdom skal få ha sosial kontakt. Mange saknar det sosiale og kjenner seg einsame, seier elevrådsleiar ved Varafjell vidaregående skole i Haugesund, Steffen Tvedt Brekke (18) på telefon til Framtida.no.

Han åtvarar mot at elevar kan koma i ein vond sirkel der negative tankar tar overhand.

Kristine Viko er elevrådsleiar ved Gol vidaregåande skule. Ho er veldig uroa over kva konsekvensar koronatida kan få for ungdom. Foto: Synne Marie Bangsund

Kristine Viko (18) er elevrådsleiar ved Gol vidaregåande skule og veldig bekymra over kva konsekvensar koronatida vil få for ungdom i framtida.

– Mange slit psykisk på grunn av korona og situasjonen i fjor vår. I tillegg er eksamen ei svært stor bekymring. Undervisninga har vore veldig varierande i kvalitet, og elevar rundt om i landet vil ha eit ulikt kompetansegrunnlag mot slutten av året, skriv ho i ei melding til Framtida.no.

Frå generasjon prestasjon til generasjon depresjon

Håvard Røgeberg Magelssen (18) er elevrådsleiar Greveskogen videregående skole i Tønsberg. Han fortel at mange ungdommar føler seg einsame, og slit med motivasjonen til å gå på skule under koronatida.

– Eg er veldig bekymra for at generasjonen min som ofte er kalla generasjon prestasjon vil bli kalla generasjon depresjon i framtida, seier han og viser til undersøkingar som viser at fleire unge slit psykisk under koronapandemien enn tidlegare.

Ifølgje ei undersøking frå Folkehelseinstituttet frå desember hadde 16,8 prosent av dei spurde som hadde større psykiske plager som depresjon og angst. Andelen med psykiske plager er størst blant dei unge.

– Eg er redd at mangel på motivasjon, og manglande eller dårlegare undervisning kan føra til at mange av oss ikkje kjem inn på dei studia og jobbane me ønsker, seier Håvard Røgeberg Magelssen (18), elevrådsleiar Greveskogen videregående skole.

Håvard Røgeberg Magelssen meiner regjeringa og skulen må fokusera meir på psykisk helse i åra som kjem.

– Me veit ikkje kva konsekvensane kjem til å bli etter pandemien. Eg er redd for at me etter pandemien, kanskje vil oppleva ein auke i sjølvmord blant unge, og at det kan hende me får ein heil generasjon som slit psykisk.

Han meiner at regjeringa bør setja inn tiltak raskt, og gi skulane i Noreg ein krisepakke for å kunna gi lærarar den kompetansen som trengst for førebygging og stilla krav til at alle skular skal ha ei helseteneste som dekker alle område – ikkje berre helsesjukepleiar, men også ein psykolog, diakon og andre med meir kompetanse innanfor psykisk helse, og sjelesorg.

– Regjeringa må gi tryggleik til alle dei elevane som slit.

– Me er med på dugnaden

Pernille Langøy seier ho veit godt at me i Norge ikkje er hardast ramma og har det ganske bra i forhold til andre land. – Men det er òg viktig å få fram dei tinga som er bekymringsvekkande, understrekar ho.

Elevrådsleiar ved Austrheim vidergåande skule, Pernille Langøy (19), er opptatt av at det ikkje framstår som om ungdommar ikkje bryr seg om korona.

– Det er noko me i høgaste grad tar alvorleg, og me held oss til alle tiltak som blir innført. Me er saman med på dugnaden for at det skal bli betre.

Men ho understrekar at ungdom samtidig er bekymra for korleis covid-19 er med og påverkar moglegheitene til utdanning og opplevingar dei berre kan få denne eine gongen i livet.

– Liv og helse er sjølvsagt mykje viktigare enn ei russefeiring eller eit landstreff og andre sosiale arrangement. Men det er òg tungt å vita at ting me har gledd oss til i 13 år no kanskje ikkje blir noko av.

– Skulane og regjeringa må leggja meir tilrette

Sofia Aissaoui (17) som er elevrådsleiar ved Askim videregående skole, er uroa over skulegangen til unge. Skulen hennar gjekk denne veka over til gult nivå, etter å ha vore stengt siste veke.

Sofia Aissaoui (17) er elevrådsleiar på Askim videregående skole. Foto: Privat

– Eg merkar at det er vanskelegare for både elevar og lærarar å ha skule heimefrå. Mange elevar har slite med mental helse under koronatida. Det har òg vore ein nedgang i karakterar sidan heimeskulen byrja og dette kjem av at elevar har det vanskelegare no.

– Har du nokon råd til kva som kan gjerast for å letta situasjonen for dei unge?

– Skulane kan i alle fall få til meir gruppearbeid, minska skulearbeid heimefrå og laga arrangement som digital bokklubb, filmkveld og spelekveld. Når det einaste av sosial kontakt ein har er heimefrå, er gjennom pc-en, burde det vera mogleg å ha gruppearbeid så ein kan snakka med elevane i ein litt meir uformell «setting».


Nasjonale prøvar fremmer kroppspress

Eksamen i sidemål ved Bryne vidaregåande skule for nokre år sidan. Illustrasjonsfoto: Leif Harboe / Flickr / CC BY-NC-ND