Dei etterlyser større representasjon i norsk akademia.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sigrid (26) sa frå seg studieplass og Piniel (21) droppar førelesingar i protest

– Eg hadde inntrykk av UiO som ein litt sånn urgamal stad, så eg valde å ikkje starte då eg sette meg inn i kva førelesarar og kva pensum dei har.

Sigrid Elise Tviberg (26) hadde i haust fått plass på bachelorstudiet i sosialantropologi på Universitetet i Oslo. Men, etter å ha sett nærmare på innhaldet i studiet, valde ho å seie ifrå seg plassen.

Grunnen er at ho meiner det er mangel på representasjon på studiet.

Sigrid Tviberg. Foto: Privat

– Det er hovudsakleg eldre, kvite menn som er førelesarar, og som har valt eit pensum der deira likemenn er overrepresenterte. Samstundes er det rørsler i samfunnet og på UiO som forsøker å presse for dekolonisering av akademia, men som aktivt blir motarbeidde, seier ho. 

Tviberg etterlyser at fleire kvinner, samt perspektiv frå det globale sør, skal vere ein del av undervisinga.

– Det finst så mange gode tenkarar frå andre delar av verda, men som student på UiO blir ein lært at det europeiske perspektivet er det sentrale. Dette frårøvar studentar essensiell kunnskap som dei kjem til å trenge for å forstå nyheitsbiletet, og for å kunne ta gode avgjerder seinare i karrieren.

Piniel (21) droppa førelesing

Piniel Demisse, som går andreåret på bachelor i utviklingsstudium på OsloMet, er samd med Tviberg. Ho opplever at situasjonen på studiet hennar er «ekstremt dårleg». Dette semesteret har ho om makt og politikk, og ho meiner det i tida vi lever i er ekstremt viktig å representere ulike perspektiv og kunnskap frå heile verda.

Piniel Demisse skal i januar på utveksling til School of Oriental and African Studies i London, ein skule som er veldig oppteken av avkolonisering. – Eg ser fram til å dra til SOAS og tilegne meg breiare kunnskap om korleis dei tar avkoloniseringsverktøya i bruk for mi eiga læring og eige framtidig/potensielt arbeid innanfor utdanning. Foto: Privat

– Men til dømes hadde vi om samfunnsteori, og heilt på slutten av bolken, siste førelesing, hadde vi om «african women and black feminism». Det var to tekstar som var med av svarte kvinner. Så det er kjempedårleg representasjon i pensum, seier ho og legg til:

– Vi har så mange kvite menn i pensumet vårt at nokon av dei har like namn.

Demisse blei så provosert over at det ikkje var med nokon svarte, afrikanske stemmer når det handla om afrikansk politikk og politikk i det globale sør, at ho slutta å gå på førelesingane.

– Eg får ikkje noko ut av å sitje der og diskutere omgrep og konsept som Vesten har funne opp for å kategorisere Afrika, medan dei som faktisk lever i realiteten, dei som det handlar om, blir ikkje inkludert i samtalen.

Må skje over alt

Ho meiner studentane hadde forstått omgrepa og konsepta betre om ein hadde tatt inn meir frå afrikanske perspektiv. I dag har ho inntrykk av at mange politiske situasjonar blir framstilt frå eit eurosentrisk, vestleg perspektiv.

Demisse er sjølv frå Etiopa, og trekker fram korleis landet blir handsama i media som eit døme på den manglande representasjonen i akademia. Ho seier at det finst 60 etiopiske ekspertar med doktorgrad i Noreg, men at det berre er kvite norske og europeiske menn som blir brukt for å analysere situasjonen i landet.

– Avkoloniseringa må skje over alt – i media, i skulen, i kvardagen, slår ho fast.

OsloMet: – Følgjer debatten

Hilde Arntsen, instituttleiar ved Institutt for internasjonale studium og tolkeutdanning skriv til Framtida.no at OsloMet følgjer den internasjonale debatten om eurosentrisme i universitetsutdanningane.

Hilde Arntsen, instituttleiar ved Institutt for internasjonale studium og tolkeutdanninga ved OsloMet

– Bachelorutdanninga i utviklingsstudium handlar om utviklingsproblematikkar i det globale sør. Vi er opptekne av å få med eit variert utval teoretiske perspektiv, og vi har ei tydeleg forankring i empiriske studium frå ulike delar av verda.

Ho opplyser at pensum i utdanninga blir jamleg oppdatert, både for å få med ny forsking og for å få med et breitt utval av forfattarar.

– Det er likevel tekstane sitt teoretiske og empiriske bidrag som er viktig, ikkje primært kva for land forfattaren er fødd i. Det aktuelle emnet studenten viser til handlar om generell samfunnsteori og forhold i det globale sør, ikkje spesielt om afrikanske forhold.

Les heile svaret frå OsloMet nedst i saka!

Må avkolonisere akademia

– Gjennom avkolonisering kan vi forstå, og lære frå, dei som historisk sett har vore undertrykt og ignorert, som for eksempel urfolk, afro-etterkomarar og andre minoritetar.

Det skriv Hector Ulloa, leiar i SAIH – Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond, i ein e-post til Framtida.no. Representasjon i akademia og avkolonisering har vore ein debatt dei siste åra både i Noreg og i utlandet. Mellom anna har 130 studentar ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) kravd avkolonisering av pensum.

SAIH lanserte i 2020 eit avkoloniseringsverktøy for akademia. Verktøyet skal hjelpe studentar og førelesarar til å reflektere over korleis dei kan bidra til ein utdanningssektor som varetek fleire perspektiv, ikkje berre dei tradisjonelle.

Hector Ulloa er leiar i Studentenes og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond. Foto: SAIH

Ulloa trekker fram at ein effekt av ei kontinuerleg avkolonialisering av akademia kan vere fleire løysingar til mange av dei globale problema vi ser i dag. SAIH-leiaren seier det ikkje er lett å peike på spesifikke effektar eller resultat som følgje av debattane dei siste åra, sidan avkolonisering er eit kontinuerleg arbeid.

– Derimot ser vi ein tydeleg auke i diskusjonar om temaet i norsk akademia, noko som kan føre til endringar i pensum og mangfald i framtida, seier han, og legg til at dei er mest nøgde med at studentane har tatt ei viktig utfordrarrolle på universiteta og at dei snakkar høgt når dei ser at studia sine må avkoloniserast.

Norsk akademisk mangfald

Julia Orupabo ved Institutt for samfunnsforsking (ISF) og medlem av KIF (Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning) og forskar ved OsloMet Ida Drange og skriv i ein kronikk hjå Khrono at tal frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu) sin mangfaldsstatistikk viser at 29 prosent av tilsette i norsk akademia har innvandringsbakgrunn, noko som er det dobbelte av delen i resten av befolkinga.

Samstundes viser mangfaldsstatistikken at 80 prosent av forskarane har utdanning frå utlandet, og at vitskapleg tilsette frå Tyskland utgjer den største gruppa, følgd av forskarar frå Sverige.

– Det tyder at mangfaldet i norsk akademia først og fremst er mobile internasjonale forskarar. Innvandrarar og deira barn som har utdanninga si frå Noreg, utgjer ein nokså liten del av forskarpersonalet i norsk akademia, konstaterer dei to forskarane.

Trur ikkje det får effekt

Sigrid Tviberg blei ikkje overraska over det ho meiner er mangel på representasjon av andre perspektiv i pensum. Ho tok eit emne i kulturhistorie i fjor, og synest val av pensum, og måten førelesar brukte det var både skadeleg og kunnskapslaus.

– Ein slik protest går jo ut over deg som ikkje får tatt den utdanninga – kva effekt tenker du det har å takke nei til studiet?

– For meg personleg er den einaste ulempa at eg ikkje får UiO sitt bevis på at eg har lese. Mine forventningar til UiO er ganske låge, så eg tenker ikkje det kjem til å ha nokon effekt eigentleg, svarar ho. 

Sigrid Tviberg meiner det er mangel på representasjon på pensumlista og blant førelesarar på sosialantropologi på Universitetet i Oslo. Arkivfoto: Bente Kjøllesdal

Tviberg legg til at ho i tillegg til å takke nei til studieplassen, sende ein e-post til universitet der ho forklarte grunnen til at ho ikkje ønska å starte. Svaret ho fekk var ikkje noko handfast, meiner ho.

– Eg skulle gjerne sett at dei hadde publisert ein handlingsplan eller noko. Dei har jo ein unik posisjon i samfunnet når dei er eit så stort universitet. Det hadde vore forfriskande å sjå dei ta ein gjennomgang av pensum, og forplikte seg til avkolonisering av universitetet, seier ho og held fram:

– Dei seier dei jobbar med mangfald og kjønnsbalanse, men det verkar ikkje som dei er motivert av ei djupare forståing av kvifor dette er viktig, då hadde dei ikkje framleis operert sånn dei gjer.

Skjermdump av e-post-utveksling mellom Sigrid Tviberg og Universitetet i Oslo. Foto: Privat

UiO: Mangfald og likestilling er viktig

Framtida.no har førelagt kritikken frå Tviberg til UiO. I ein e-post svarar prorektor Åse Gornitzka at arbeidet med mangfald og likestilling er svært viktig for Universitet i Oslo, noko som også blir understreka i deira nye tiårige strategi.

Prorektoren opplyser at universitetet sidan 1989 har hatt tiltaksplan for likestilling, i tillegg til at alle einingar har eigne planar for oppfølging av denne. I deira nyaste handlingsplan «Tiltaksplan for mangfold, likestilling og inkludering 2021-2024» er eit av tiltaka at ein gjennom kommunikasjon og arrangement skal arbeide for å styrke bevisstgjeringa om kjønn- og mangfaldperspektiv i forsking og utdanning.

Prorektor ved UiO Åse Gornitzka. Foto: Jarli & Jordan/UiO

– Hausten 2021 skal det bli utvikla eit kunnskapsgrunnlag om mangfald ved UiO som skal identifisere mangfaldutfordringar ved universitetet og danne utgangspunkt for konkretisering av målretta tiltak og arbeid vidare, fortel ho.

Når det gjeld pensum på dei ulike faga ved UiO, blir dette utvikla på fakulteta der fagkompetansen sit.

– Pensum blir jamleg diskutert og gjennomgått – dette er ein del av det systematiske kvalitetsarbeidet som blir gjort på studieområdet.

Les heile svaret frå UiO nedst i saka!

Utdanning er nøkkelen

Sigrid Tviberg håpar at UiO bestemmer seg for å setje i gang ein innsats for å endre kurs og byrje å tiltrekke seg akademikarar med andre perspektiv, men meiner universitetet har vist lite vilje til å erkjenne at dei har eit problem.

– Det som hadde vore kult hadde vore om alle dei unge som deltok på BLM-demonstrasjonar i fjor brukte makta og ansvaret dei som studentar har til å demonstrere mot rasismen i institusjonen dei tilhøyrer.

Piniel Demisse forstår at dekolonisering er ein prosess som vil ta tid, og er positiv til å sjå at studentane i klassa hennar lyttar og er interesserte i å lære.

– Utdanning er nøkkelen. Utdanning er sjølve grunnlaget til utvikling, og det handlar om kva utdanning du får. Eg føler at dei tradisjonelle utdanninngsmodellane vi har hatt trenar oss opp til å oppretthalde undertrykkande strukturar. Difor må ein byrje å avkolonisere det som står i pensumet vårt, slår ho fast.


Her kan du lese det fullstendige svaret frå OsloMet:

– Korleis stiller OsloMet seg til kritikken om mangel på representasjon?  

Svar: Hilde Arntsen, instituttleiar ved Institutt for internasjonale studium og tolkeutdanning, OsloMet:

– Den internasjonale debatten om eurosentrisme i universitetsutdanningane er sjølvsagt noko vi følger med på. Bachelorutdanninga i utviklingsstudium handlar om utviklingsproblematikkar i det globale sør. Vi er opptekne av å få med eit variert utval teoretiske perspektiv, og vi har ei tydeleg forankring i empiriske studium frå ulike delar av verda.

Vi er opptekne av å få med eit variert utval av forfattarar, frå ulike land, av fleire kjønn, og forfattarar som skriv ut frå ulike perspektiv. Samstundes som pensum inneheld ein del klassiske samfunnsvitskaplege verk, er også nyare teoretiske perspektiv inkludert. Sidan undervisingsspråket i bachelorutdanninga er norsk, forsøker vi å få med ein god del tekstar på norsk, slik at det ikkje er for mange tekstar på engelsk.

Pensum i utdanninga blir jamleg oppdatert, både for å få med ny forsking og for å få med et breitt utval av forfattarar. Det er likevel tekstane sitt teoretiske og empiriske bidrag som er viktig, ikkje primært kva for land forfattaren er fødd i. Det aktuelle emnet studenten viser til handlar om generell samfunnsteori og forhold i det globale sør, ikkje spesielt om afrikanske forhold.

– Kva gjer OsloMet for å spegle mangfaldet i samfunnet? 

Svar: Silje Bringsrud Fekjær, fungerande prorektor for utdanning ved OsloMet:

– OsloMet held til i den mest mangfaldige regionen i Noreg, og det ønsker vi at universitetet skal spegle. Mangfald er ein viktig ressurs for oss som arbeidsplass og studiestad, og mangfaldsperspektiv skal integrerast i forsking og utdanning der det er relevant.

– Har OsloMet sett i verk nye tiltak for å auke representasjonen i kjølvatnet av BLM? 

Svar: Silje Bringsrud Fekjær, fungerande prorektor for utdanning ved OsloMet:

– OsloMet har vedtatt ein handlingsplan med ei rekke tiltak som skal bidra til større mangfald. Vi er blant anna i ferd med å opprette eit emne i mangfaldskompetanse for studentar, og eit program for mangfaldsleiing for leiarar ved OsloMet. Vi er opptekne av å rekruttere studentar og tilsette frå ulike bakgrunnar og ønsker å bidra til å setje mangfaldsspørsmål på dagsordenen. Når det gjeld pensum, er det opp til fagmiljøa å vurdere korleis dei tar mangfaldsperspektiv og representasjon inn i utdanningane.


Her kan du lese det fullstendige svaret frå UiO:

Prorektor Åse Gornitzka:

Arbeidet med mangfald og likestilling er svært viktig for Universitet i Oslo, noko som også blir understreka i vår nye tiårige strategi, der det står at «UiO skal arbeide systematisk for å skape eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø, større mangfald og ein inkluderande kultur for studentar og tilsette».

Vi har heilt sidan 1989 hatt tiltaksplan for likestilling. I tillegg har alle einingar eigne planar for oppfølging av tiltaksplanen tilpassa lokale forhold og utfordringar. Kjønnsbalanse blant dei vitskapeleg tilsette har over tid vore sentralt i dette arbeidet.

I vår nyaste handlingsplan «Tiltaksplan for mangfold, likestilling og inkludering 2021-2024» er eit av tiltaka at ein gjennom kommunikasjon og arrangement skal arbeide for å styrke bevisstgjeringa om kjønn- og mangfaldperspektiv i forsking og utdanning. Arbeidet med tiltaksplanen blir følgt opp gjennom ulike fora, deriblant Koordineringsgruppa for likestilling, Forum for internasjonalisering, mangfald og inkludering samt HR-leiarnettverket. Hausten 2021 skal det utviklast eit kunnskapsgrunnlag om mangfald ved UiO som skal identifisere mangfaldutfordringar ved universitetet og danne utgangspunkt for konkretisering av målretta tiltak og arbeid vidare.

UiO samarbeider dessuten aktivt med utanlandske partnarar om likestillings- og mangfaldsarbeid gjennom blant anna universitetsnettverket The Guild of European Research-Intensive Universities, der det er ei eiga arbeidsgruppe på likestilling og mangfald.

Vi brukar også våre partnarar i universitetsalliansen Circle U. for å lære av deira erfaringar, deriblant King’s College i London, som har jobbet mykje med mangfald ved sin institusjon.

Når det gjeld pensum på dei ulike faga ved UiO, blir dette utvikla på fakulteta der fagkompetansen sit. Pensum blir jamleg diskutert og gjennomgått – dette er ein del av det systematiske kvalitetsarbeidet som blir gjort på studieområdet.

Dei tiltaka vi set inn må vere baserte på kunnskap om kva som verkar og innsikt i kva det er legitimt å gjere for å fremje likestilling og mangfald. Akkurat i dag [måndag 8. november] blir boka «Likestilling i akademia – fra kunnskap til endring» lansert. Ho analyserer resultat frå forsking om kjønnsbalanse innan realfag og teknologi – forsking knytt til matematisk-naturvitskapleg fakultet sitt prosjekt FRONT.


F.v. Henrik Stefanus Rasch Håndlykken (19), Jacob Fjeld Grevstad (24) og Alexander Harestad Kvidbergskår (22). Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no