Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går du med BH er det svært sannsynleg at du brukar feil BH-storleik.

I ei undersøking frå 2008 av BH-produsent Triumph fann ein at flesteparten, 80 prosent, brukar feil storleik. 70 prosent med for liten, 10 prosent med for stor.

Som igjen fører til at du truleg ikkje synest det er så behageleg å gå med, og berre vil kaste han av når du kjem heim.

Og det er ikkje berre for komfort det er lurt å finne sin rette storleik. Feil storleik kan faktisk også påverke helsa di.

Det kan føre til vondt i nakken, i skuldrene, hovudpine, gjere det tyngre å puste ordentleg og øydelegge for lymfesystemet. Det kan også gjere at fleire ynskjer å gjennomgå brystreduksjon, og at lista er høgare for å trene.

Men ein liten revolusjon er på gang, etter at #Abrathatfits har innteke TikTok. Subredditen har eksistert sidan 2010, men med TikTok vart det allemannseige.

Over 60 millionar har sett videoar med emneknaggen #abrathatfits og storleiks-kalkulatoren deira vart så populær at sida kræsja.

Person etter person er heilt i sjokk over å innsjå at dei har gått med heilt utruleg feil storleik, veldig lenge. Og ikkje minst: at det er mogleg å ikkje berre ville rive av seg BH-en fordi det er så ubehageleg.

@erdbeerlieblich_A good fitting bra is ?? ✨ ##abrathatfits ##abrathatfitsright♬ Bongo cha-cha-cha – Remastered – Caterina Valente

BH-påverkaren: – Syntest ikkje nokon av BH-ane eg prøvde passa

Linn Emilia Olsen (24) er ein av ekspertane i A bra that fits-miljøet.

Linn Emilia Olsen (24) er BH-påverkar frå A bra that fits-miljøet.

Truleg er ho den einaste BH-påverkaren i landet.

– Det var ei som vippsa meg 100 kroner som takk for hjelpa, ler ho på spørsmål om ho tener pengar nok til at dette er jobben hennar.

Motivasjonen er rett og slett berre å hjelpe fleire med å finne sin rette BH-storleik, etter at ho sjølv lenge sleit med å finne rett storleik.

Ho hadde vondt i skuldrene, sleit med stroppar som grov seg ned i huda eller som berre sklei av skuldra.

– Eg syntest ikkje nokon av dei BH-ane eg prøvde i butikk var komfortable eller passa. Eg prøvde mange ulike BH-ar i fleire ulike butikkar. Så las eg litt på Reddit og hamna tilfeldigvis inn i subredditen A bra that fits.

Same storleik i 30 år

Då opna ei heilt ny verd seg.

– Før har eg berre tenkt at «puppar kan vere store eller små, men er det så mykje meir?» Der lærte eg at det var mykje eg ikkje visste om fasong, storleik og variasjonar frå merke til merke og modell til modell, fortel ho om nettsamfunnet.

Storleik-kalkulatoren laga av Freda Zelvey då ho var tenåring. Ho understrekar at kalkulatoren gir deg eit startpunkt, men ikkje nøvendigvis er 100 prosent rett for alle.

I miljøet brukar dei mellom anna ein eigen storleiks-kalkulator som har seks mål ein skal ta, i motsetning til den klassiske med berre to mål.

– Kalkulatoren gav meg ein storleik som høyrdest heilt usannsynleg ut, men eg gjekk på Change, den einaste butikken i Noreg som har den storleiken, og vart overraska over at han faktisk passa. 

Dette har dei til og med eit eige namn på i miljøet: Sticker-sjokk.

– Me høyrer kvar dag at «det må vere feil» når folk høyrer den nye storleiken sin, men så passar det likevel og folk blir veldig overraska.

Ho opplever også at folk slit med å innsjå at ein BH-storleik ikkje er storleiken din for livet.

– Eg har sett mykje av det: folk som seier dei har vore same BH-storleik i 10-20-30 år, og er lite opne for at dei har gått med feil storleik eller at dei har endra seg dei siste åra.

– Mange trur at ein BH-storleik er noko du berre treng måle éin gong, men behovet du har i ein BH og storleiken kan jo endre seg med alder eller graviditet til dømes, seier Olsen. 

@_some_rice_##greenscreen I’m never gonna buy C cups ever again ?✨ ##abrathatfits ##brameasument ##brathatfits ##bras ##fyp ##foryou ##foryoupage♬ Sixty Second Commercial 1 by Michael Reynolds – malcolm

80 prosent går med feil storleik

Før Olsen fann sin faktiske rette BH-storleik, hadde ho følt seg veldig ukomfortabel i BH-ane sine.

– Eg syntest det var så rart. Samstundes føler eg at samfunnet berre har akseptert at BH skal vere litt vondt og ubehageleg.

Dersom det stemmer at 80 prosent av dei som brukar BH, kjøper feil storleik, vil det sei at om lag 158 milliardar norske kroner årleg går til feilkjøp av BH-ar, i industrien som står for 23 milliardar dollar i året.

Fire på gata om BH og storleik:

– Kva om det var sånn med herresko?

Etter at Olsen fann BH-miljøet og sin rette storleik, kjende ho seg lurt. Kvifor fortalde alle dei andre butikkane henne at ho skulle ha ein heilt anna, feil storleik?

– Av og til følest det ut som å vere konspirasjonsteoretikar. Eg seier til dei eg hjelper at dei må gjere sånn og sånn, og at alle butikkane i Noreg tek feil når dei gir deg BH-storleik. Det følest litt spesielt.

Ho fortel at i storleiks-guidane til norske butikkar, får ho om lag same storleik over alt, men når ho brukar BH-kalkulatoren til A bra that fits, får ho ein heilt annan storleik – som er mykje meir rett. 

– Eg føler at eg har blitt litt lurt. Dei har målt meg i butikkar og sagt at denne passar jo kjempebra, så går eg heim og føler meg ukomfortabel og tenker at den gjer jo ikkje det.

– Det følest så urettferdig.

Folk av alle kjønn brukar BH-ar, men målgruppa til produsentane og butikkane er kvinner. Olsen trur det er litt av forklaringa bak alle BH-problema.

– Kva om det var sånn med herresko? At alle menn vart fortalde at viss skoen din gjer vondt, så er det ein vanlig del av det å vere mann. Eg blir jo litt sint av det. Sjølvsagt er det slik. Kvinner får ikkje ha store lommer på buksene, og heller ikkje BH-ar som passar ordentleg, seier ho irritert.

@abrathatfitsOur second before and after! You can read a review of these bras on our subreddit. ##ABraThatFits ##brafitting ##brasizing ##beforeandafter ##callme♬ Whatever It Takes – Imagine Dragons

Du går (truleg) med feil BH-storleik

Kvifor bommar så mange på storleiken sin?

Truleg fordi svært få veit korleis BH-storleikar eigentleg fungerer, i følgje Laura Tempest, den einaste i Nord-Amerika med mastergrad i undertøysdesign og grunnleggar av Bravolution.

Og sidan dette systemet er alt anna enn intuitivt, går veldig mange rundt med ein storleik for stor bandvidde og ein storleik for liten i cup.

Bandvidde:

Når du måler vidda under bystet, og trur du har funne bandvidda di, er det feil.

Dei fleste kjeder brukar Pluss fire-metoden, som vil seie at ein legg til fire tommar på målet ditt rundt underbysten (over ribbeina, rett under brystet). Fire tommar er omlag ti centimeter.

Metoden kjem frå då BH-en kom for om lag 100 år sidan, den gong utan elastikk. Så ein la difor til litt vidde for at det skulle vere behageleg å ha på og god puste i. Men: i dag har vi stretch og elastikk, og dette gir som regel feil storleik til nokon i 2021. Dei fleste endar opp med for stor bandvidde med denne metoden å rekne ut storleiken på.

Eigentleg burde du trekke frå 10 cm på målet ditt under bysten, når du skal finne storleiken din i standard europeisk storleik. Med moderne funksjonar som elastikk kan ein BH i storleik 80 strekkast til 90 centimeter, og dimed passar storleik 80 betre for nokon som måler 90 centimeter under bysten.

Altså: den intuitive måten å rekne ut storleiken din under bystet, er feil.

Frå TED-talken: You’ll never look at a bra the same way again med Laura Tempesta. Her ser ein døme på at ein cup-storleik ikkje er lik, og at ein kan passe i fleire ulike storleikar.

Cup-storleik:

Så er det cup-en. Mange har eit ganske fastlåst tankesett rundt cup-storleiken sin. Ein er ein A-cup, eller ein D-cup. Og du er nok ganske sikker på at du veit kven av dei to som er størst.

Plot twist: Det gjer du ikkje. Ein A-cup kan faktisk vere lik eller større enn ein D-cup.

Ein 70D, 80D, 90D og 100D – har ingenting til felles. Ikkje cup-storleik eller bandvidde. Det er ikkje eingong sant at A-cup = lite bryst og D-cup = stort bryst.

Cup-storleiken er basert på forskjellen mellom målet ditt rundt underbysten og målet over/på bysten, det er altså eit mål på forskjellen mellom desse to måla, og ikkje om ein har store eller små bryst. Er forskjellen ein tomme er det A-cup, to tommar B-cup, tre tommar C-cup osb.

Sidan BH-storleikar ikkje finst i oddetal, må ein opp to tommar for å kome til neste storleik. Då må ein også ned ein cup-storleik for å få same volum.

Cupen er målt etter volum, men volumet kan forbli det same sjølv om du går ned ein bandstorleik og opp ein cup-storleik, eller opp ein bandstorleik og ned ein cup-storleik. Dette blir kalla søsterstorleik, som betyr til dømes at amerikansk 34C kan ha same volum som 32D eller 36B.

I tillegg er det ikkje ein standardisert storleik. Ulike merke og ulike geografiske område har ulike storleikar, sjølv om det står det same på lappen. Og: ein har ulike formar på brysta, slik at ulike typar BH-ar har cup-ar som passar ulike bryst forskjellig.

Så: Fleire ulike cup-storleikar kan passe same person og bryst, det er ulike storleikar etter kor i verda du er, ulike merker og ulike typar BH-ar kan også passe forskjellig, cm-målet rundt under-bysten din er ikkje bandstorleiken din, og dei fleste butikkar brukar ein utrekningsmetode basert på klede frå 1800-talet.

Er det rart me slit med å finne rett BH-storleik?

Uprofesjonelt å gå utan BH

Dei siste tiåra har push-up-BH og spile-BH-ar dominert marknaden. Men dei par siste åra har det vore ein aukande trend med spilelause BH-ar.

BH-påverkar Olsen trur dette kan kome av at fleire lettare finn ein storleik som passar dei når det er meir tøyeleg stoff som kan passa fleire fasongar, samanlikna med vatterte koppar og stivare BH-ar med spiler.

– Med heimekontor verkar det også som om fleire har valt å anten kvitte seg heilt med BH-en eller berre bruke spilelause tøy-BH-ar, seier Olsen.

Ho synest det er synd at så mange som ynskjer å gå utan BH føler på eit press frå samfunnet om å gå med BH når ein er utanfor heimen.

– Folk fortel meg at dei har fått beskjed om at det er uprofesjonelt å gå utan BH på jobb, men det burde jo vere opp til den enkelte. 

Ho skjønar godt at folk ikkje likar å gå med BH når dei aldri har lært korleis han skal passe og at ikkje alle BH-ar passar alle puppe-fasongar. 

– Når du tenker på BH, ser du kanskje for deg er ein typisk t-skjorte-BH, og dei passar eigentleg ikkje til så veldig mange. BH-ane med sånn formpressa-skål, passar berre folk som har akkurat den same forma på brystet. 

@madisonxalexandra? Size + Shape | #braschool #brasize #cupsize #brafitting♬ original sound – madisonxalexandra

Mest komfortabel med BH

Sjølv er Olsen mest fan av uvatterte BH-ar, med berre eit tynt lag med blonder eller mesh.

– Dei passar lettare til fleire forskjellige former, i motsetnad til t-skjorte-BH-en.

BH-påverkaren håpar fleire kan oppleve at det kan vere komfortabelt å gå med BH, dersom ein ynskjer å gå med det.

– Eg synest ikkje det er komfortabelt når eg går utan BH, fordi eg synest hud mot hud blir så klamt, så det er hovudgrunnen til at eg vart så interessert i BH, fortel Olsen.

– No som eg har noko som er komfortabelt å gå med heile dagen, slepp eg følelsen av å måtte velge mellom ein BH som gjer vondt, eller å gå utan og ha den klamme kjensla under brystet.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av The Irish Bra Lady (@theirishbralady)

Finn ikkje storleiken sin i Noreg

Sidan så mange går med feil storleik, etterspør me heller ikkje dei større og «rarare» storleikane i kjedebutikkane, som igjen då ikkje sel dei. På TikTok er det fleire som håpar at internett og spreiing av kunnskapen, kan gjere det lettare for folk å finne sin rette storleik.

Om fleire brukte sin rette storleik og etterspurde dei, ville det truleg også blitt både lettare å finne og billigare å kjøpe ein BH i storleik 75G til dømes.

– Eg veit det er mange som ikkje passar i nokre av storleikane i dei vanlege klesbutikkane, både plus size og tynnare folk, som ikkje finn storleiken sin i Noreg i det heile tatt. Det er veldig spesielt, seier Olsen.

Finn ein det ikkje, må ein nemleg bestille frå utlandet, noko som kan bli veldig dyrt. Både fordi dei spesielle storleikane ofte er dyre i utgangspunktet og fordi ein må betale toll i tillegg.

– Om du passar i ein BH frå H&M er det ikkje noko gale i å kjøpe der, men veldig mange av oss finn ikkje sin storleik der. Eg kunne gjerne tenkt meg å prøve ein billigare BH.


Illustrasjonsfoto: Tolgart/Canva