Alle vil ha fleire unge meddommarar – men godtgjersla til studentar har ikkje blitt justert sidan 1983

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meddommarar får dekt tapte arbeidsinntekter, medan kompensasjonen for studentar og trygda er berre 250 kroner dagen. Det tilsvarar 33 kr/t for ein heil dag i retten. Det er over 38 år sidan summen blei justert.

– Det har skjedd mykje med økonomien sidan 1983, og me veit det har vore ein markant prisvekst. Det er rart at godgjersla ikkje er justert i takt med dette, seier leiar i Norsk studentunion Tuva Todnem Lund til Framtida.no, og legg til:

– Me veit at trygda og studentar har lite å rutta med, og det er merkeleg at godtgjersla er så låg for desse gruppene.

– Dobbeltarbeid for studentar

Marius Oscar Dietrichson er leiar for forsvarargruppa i Advokatforeningen. Han skriv i ein e-post til Framtida.no at ein ikkje kan ha ei kompensasjonsordning der beløpet har stått stille i om lag ein generasjon.

– Det må opplagt justerast, skriv han, og held fram:

– Dei som er i fast jobb, typisk offentleg tilsette, får fri frå jobben under rettssaka, samtidig som dei gjerne får behalda løna si medan dei fungerer som meddommarar. Dette gjer at dei søker seg til vervet, og ikkje motset seg oppnemning når dei blir spurde.

Leiar av forsvargruppa i Advokatforeningen Marius Oscar Dietrichson. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Sånn er det ikkje for unge studentar. Dei får dobbeltarbeid. Dei må både fungera som meddommarar, og så må dei lesa seg opp på det dei mista. Samtidig blir dei i realiteten ikkje kompensert økonomisk. Dermed blir det ein full-faktor vekk frå dette vervet for studentar. Det er uheldig. Også dei burde vera representerte her, understrekar Dietrichson til Framtida.no.

Unge er underrepresenterte

NRK fortalde tidlegare i sommar at unge er sterkt underrepresenterte i dei fleste store norske kommunane. Sist veke viste ei undersøking av Framtida.no at berre 3,8 prosent av meddommarane i 15 kommunar i Sunnhordland og Haugaland var under 30 år.

Ei undersøking frå 2018 blant 15 000 meddommarar i lagretten viser same tendens. 60 prosent av meddommarane i Noreg var 50 år eller eldre, og berre 2,8 prosent under 30 år.

Talet på meddommarar i alminnnelege domstolar i 2018:

Kjelde: Domstolsadministrasjonen

– Eg synest det er synd at unge er underrepresenterte, då eg tenker meddommarane bør spegla befolkninga. Eg håper dette jamnar seg ut, seier NSO-leiaren, og held fram:

– Mange unge har lite å rutta med økonomisk, og me veit òg at dei fleste studentane er avhengige av deltidsjobb, og bruker mykje tid på dette. Mange fortel oss òg at dei bruker så mykje tid på deltidsjobbar, at det går ut over studia. Det kan derfor vera vanskeleg for desse å prioritera arbeid dei får lite økonomisk igjen for – rett og slett fordi dei er avhengige av å få endane til å møtast økonomisk.

Statssekretær Lars Jacob Hiim (H). Foto: Torbjørn Tandberg, JD

Regjeringa peikar på kommunane

Det tok Justis- og beredskapsdepartementet nær tre arbeidsdagar å svara Framtida.no på kva tid godtgjersla for meddommarar blei justert sist gong.

Statssekretær Lars Jacob Hiim (H) skriv i ein e-post til Framtida.no at meddommarar er ein rettstryggingsgaranti, og det er viktig at dei speglar befolkninga slik at den allmenne rettsoppfatninga blir høyrd.

– Vil regjeringa gjera noko for at utvalet av meddommarar skal bli meir representativt for alderssamansetninga i befolkninga?

– Det er ansvaret til kommunane å finna meddommarar, dei skal vera over 21 år og under 70 år. Å vera meddommar er eit stor ansvar, men ei nyttig erfaring. Og er du interessert i å vera meddommar så vil eg anbefala alle, også ungdommar om å søka. Mange kommunar er glade for alle som melder seg frivillig.

Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) har jobba fleire år som advokat, og meiner kompensasjonsordninga for meddommarar må bli betre. Foto: Daniel DeNiazi, CC BY-SA 2.0-lisens

Ordførar kritisk

Sveio-ordførar og mangeårig advokat Linn Therese Erve (Ap) er glad for at dei har klart å rekruttera tre unge meddommarar under 30 år, av totalt 29 meddommarar i kommunen. Ho meiner likevel kompensasjonen bør justerast.

Sveio-ordføraren trur kompensasjonen på 250 kroner for ein heil dag i retten kan gjera det vanskelegare å rekruttera meddommarar.

– Kompensasjonsordninga burde vore betre, seier ho.

Sveio-ordføraren får støtte frå sorenskrivar Tine Margrethe Odland i Haugaland og Sunnhordland tingrett. Ho understrekar at det er viktig å rekruttera fleire unge meddommarar.

– Det er lenge sidan kompensasjonen blei justert. Det er uheldig, seier sorenskrivaren.

Odland trur det kan ha noko å seia for rekrutteringa. Ho understrekar likevel at dette er eit frivillig verv som kan opplevast interessant og meiningsfullt for dei som stiller.

Ingen planar om å justera kompensasjonen

Statssekretær Lars Jacob Hiim (H) svarar dette på spørsmålet om det kan vera aktuelt å justera godtgjersla for meddommarar som er studentar, trygda og utan jobb:

– Per i dag har me ingen konkrete planar om å justera godtgjersla på 250 kroner.

Leiar i Norsk studentorganisasjon Tuva Todnem Lund seier ho synest dette er veldig rart.

– Det er merkeleg at godtgjersla ikkje har halde tritt med prisveksten, og når det er så mange år sidan det vart gjort sist, burde det ha vore på høg tid for fleire år sidan. Her håpar eg regjeringa kan ta ein runde til, seier ho.


Kristine Volden (22) og Simen Ankervold (22) er dei yngste meddommarane i Stord. Her er studentane utanfor tingretten på Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker

Fakta: Meddommarar

  • Meddommarar er «vanlege folk» som er med på å avgjera straffskuld i rettssaker, saman med fagdommarar. Ein meddommar har same mynde og ansvar som ein fagdommar.
  • Det blir ikkje stilt krav til fagleg dyktigheit. Dette er fordi prinsippet om at ein skal bli dømd av sine likemenn står sterkt.
  • For å bli valt som meddommar må du vera mellom 21 og 70 år.
  • Du må vera norsk eller nordisk statsborgar, eller folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra.
  • Meddommarar blir brukte i tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten, men ikkje i Høgsterett. I tingretten er det vanlegvis to meddommarar, ein mann og ei kvinne, og ein fagdommar.
  • Det er frivillig å melda seg til vervet, men viss ein blir valt pliktar ein å stilla opp i retten når ein blir innkalla.
  • Meddommarar blir valde av kommunestyret eller bystyret for ein periode på fire år.
  • Er du advokat eller politi, eller har offentlege verv, så kan du ikkje vera meddommar.
  • Har du blitt dømd før, så kan du ikkje vera meddommar.
  • Les meir på domstol.no!