Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.10.2021 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsminister: Jonas Gahr Støre (61), Ap

Jonas Gahr Støre har vore leiar for Arbeidarpartiet sidan 2014, då han tok over etter Jens Stoltenberg. Han har mellom anna vore fenrik, forskar, utanriksminister og helseminister.

CV-en til Jonas Gahr Støre (Ap). Bilete: Stortinget.no

Finansminister: Trygve Slagsvold Vedum (42), Sp

Trygve Slagsvold Vedum (42) er bonde og stortingspolitikar for Senterpartiet. Han har vore innvald på Stortinget for Hedmark sidan 2005.

CV-en til Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Bilete: Stortinget.no

Finansminister: Hadia Tajik (38), Ap

Utdanna journalist, med master i menneskerettar og i rettsvitskap. Har vore kulturminister, og har vore nestleiar i Arbeidarpariet sidan 2015.

CV-en til Hadia Tajik (Ap). Bilete: Stortinget.no

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (45), Sp

Forretningsmann og gardbrukar. Var olje- og energiminister frå 2011 til 2013. Har vore 1. nestleiar i Sp sidan 2011.

CV-en til Ola Borten Moe (Sp). Bilete: Stortinget.no

Fiskeri- og havminister: Bjørnar Skjæran (55), Ap

Sjølvstendig næringsdrivande innanfor transport og gardsdrift. Nestleiar i Arbeidarpartiet. Har vore ordførar i Lurøy kommune.

CV-en til Bjørnar Skjæran (Ap). Bilete: Foto: NTB Kommunikasjon / Statsministerens kontor

Utviklingsminister: Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (47), Sp

Har jobba i Utanriksdepartementet, i den norske ambassaden i Maputo og vore underdirektør i Norad. Er 2. nestleiar i Senterpartiet.

CV-en til Anne Beathe Tvinnereim (Sp) Bilete: NTB Kommunikasjon /Statsministerens kontor

Klima- og miljøvernminister: Espen Barth Eide (57), Ap

Utdanna statsvitar og har mellom anna vore FNs spesialutsending til Kypros. Har vore forsvarsminister og utanriksminister tidlegare.

CV-en til Espen Barth Eide (Ap). Bilete: Stortinget

Barne- og familieminister: Kjersti Toppe (54), Sp

Lege. Vald inn på Stortinget frå Hordaland i 2009. Har vore nestleiar i Senterpartiet sitt gruppestyre frå 2017-2021.

CV-en til Kjersti Toppe (Sp). Bilete: Stortinget

Kommunal- og distriktsminister: Bjørn Arild Gram (49), Sp

Har vore ordførar i Steinkjer kommune. Er bonde på Øvre Skjefte, Steinkjer.

CV-en tilBjørn Arild Gram (Sp). Bilete: NTB Kommunikasjon/statsministerens kontor

Samferdselsminister:Jon-Ivar Nygård (48), Fredrikstad (Ap)

Har vore ordførar i Fredrikstad kommune. Har vore folkevald i kommunen sidan 1993 og sete i sentralstyret til Ap sidan 2014.

CV-en til Jon-Ivar Nygård. Bilete: Fredrik Naumann/Felix Features

Olje- og energiminister: Marte Mjøs Persen (46), Ap

Har hatt verv sidan ho var 12 år. Var først medlem i RV, men gjekk over til Ap. Har vore ordførar i Bergen kommune sidan 2015.

CV-en til Marte Mjøs Persen (Ap). Bilete: NTB Kommunikasjon/statsministerens kontor

Kultur- og likestillingsminister: Anette Trettebergstuen (40), Ap

Har vore aktivt medlem i Europeisk ungdom og AUF før Ap. Sete på Stortinget sidan 2005. Har vore DJ og skribent.

CV-en til Anette Trettebergstuen (Ap). Bilete: Stortinget

Næringsminister: Jan Christian Vestre (35), Ap

Utdanna jurist og har leia familiebedrifta Vestre sidan 2012.

CV-en til Jan Christian Vestre (Ap). Bilete: NTB Kommunikasjon/statsministerens kontor

Kunnskapsminister: Tonje Brenna (33), Ap

Har vore fylkesrådsleiar i Viken fylke, generalsekretær i AUF, og politisk rådgjevar ved statsministerens kontor under Jens Stoltenberg.

CV-en til Tonje Brenna (Ap). Bilete: NTB Kommunikasjon/statsministerens kontor

Justisminister: Emilie Enger Mehl (28), Sp

Er advokatfullmektig. Har vore innvald på Stortinget sidan 2017. Vann Anno i 2015. Er regjeringas yngste statsråd.

CV-en til Emilie Enger Mehl (Sp). Bilete: Stortinget

Forsvarsminister: Odd Roger Enoksen (67), Sp

Har vore både kommunalminister og olje- og energiminister tidlegare. Har vore bonde og drive torvindustri. Er regjeringas eldste statsråd.

CV-en til Odd Roger Enoksen (Sp). Bilete: NTB Kommunikasjon/statsministerens kontor

Helse- og omsorgsminister: Ingvild Kjerkol (46), Ap

Har vore på Stortinget sidan 2013, har mellom anna jobba som lærar og miljøarbeidar, au pair og fylkesrådsleiar.

CV-en til Ingvild Kjerkol (Ap). Bilete: NTB Kommunikasjon/statsministerens kontor

Landbruks- og matminister: Sandra Konstance Nygård Borch (33), Sp

Utdanna jurist. Vald inn på Stortinget frå Troms i 2017. Var frå 2011 til 2013 leiar i Senterungdommen.

CV-en til Sandra Borch (Sp). Bilete: Stortinget

Utanriksminister: Anniken Scharning Huitfeldt (51), Ap

Har vore kultur-, arbeids- og barneminister. Har lang fartstid frå AUF og seinare Ap.

CV-en til Anniken Huitfeldt (Ap). Bilete: NTB Kommunikasjon/statsministerens kontor