Julorama: Ser du kva kjendis det er?

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du fått med deg alle lukene i årets adventskalender, Julorama?

Sjekk du om du klarar å løyse alle biletgåtene.

1. desember

Hint:

1: Katten har eit sterkt konkurranseinstinkt, og lengtar etter merksemd. 

2: Katten har fleire talent å spele på.

3: Katten smyg seg frå heim til heim med sin svarte pels, for å spreie kattesongen sin.

Kven er katten? Her kan du sjå fasit!

2. desember

Hint:

1: Ekornet kjem frå ein dynamittfamilie, men er no ei ekte stjerne. 

2: Ekornet tok først steget inn i offentlegheita, då ho tok steg ut av kvardagen til eit stengt hus.

3: Ekornet likar å stå på scenen, sha la la.

Kven er ekornet? Her kan du sjå svaret!

3. desember

Foto av vaskebjørn: Neil McIntosh/Flickr/CC BY 2.0

Hint:

1: Vaskebjørnen er så snill at det nesten vert religiøst. 

2: Vaskebjørnen er kjend under eit anna namn enn sitt eige. 

3: Vaskebjørnen er ganske barnsleg og gler seg alltid til helga. 

Kven er vaskebjørnen? Her kan du sjå svaret!

4. desember

Hint:

1: Lemuren tek ikkje seg sjølv så høgtideleg, og manglar økonomisk sans. 

2: Lemuren har teke heisen til hytta.

3: Latteren sit laust hjå lemuren, som no er i ferd med å skifte heim.. 

Kven er lemuren? Her kan du sjå svaret!

5. desember

Hint:

1: Bjørnen sette ny rekord då han tok fatt på karrierevegen. 

2: Men det tok mange år før bjørnen flytta ut av hiet.

3: Bjørnen peika ut retninga til flokken, men har no valt ein ny sti, der han kanskje klarer både ein og to

Kven er bjørnen? Her kan du sjå svaret!

6. desember

Hint:

1: Løva brøler høgt så heile verda høyrer det.

2: Små løver rundt om høyrer hen best, og brøler saman med løva.

3: Løva gir aldri opp

Kven er løva? Her kan du sjå svaret!

7. desember

Hint:

1: Prisane dryssar over pandaen.

2: Pandaen har stått på scena heilt frå hen var liten.

3: Pandaen har fleire lag og kan ulike språk.

Kven er pandaen? Få svaret her!

8. desember

Hint:

1: Alpakkaen er kjend for dei fleste, for hen har vore med på det meste.

2: Alpakkaen er sterk og rask, både i vatn og på land.

3: Alpakkaen er god som gull. 

Kven er alpakkaen? Her får du svaret!

9. desember

Hint:

1: Av og til så vil selen berre ikkje.

2: Yndlingsfargen til selen er blå, og både hen har inspirert både klede og songar.

3: Selen har synt at hen både har rytme og fartslyst i skrotten

Kven er selen? Svaret kan du sjå her!

10. desember

Foto: Nordiske Mediedager/CC BY-SA 2.0, Magdalena Smyczek/CC BY 4.0

Hint:

1: Den raude pandaen var tidleg ein liten smånisse, og har som vaksen vore mykje å sjå i jula. 

2: Den raude pandaen fann kjærleiken i militæret. 

3: Den raude pandaen sin yndlingstime på skulen er friminutt. 

Veit du kven den raude pandaen er? Sjekk om du har rett her!

11. desember

Hint:

1: Ravnen flaug tidlegare i flokk, men flyr no åleine. 

2: Ravnen har flydd over Atlanteren, der hen bada i ein liten bekk. 

3: Ravnen er god til å gjette, og hadde aldri trudd hen kunne øydelegge deg

Veit du kven ravnen er? Her er fasiten!

12. desember

Hint:

1: Når temperaturen stig, elskar ugla litt bøy og tøy.

2: Når temperatur kryp nedover er det meir bortover-ski som gjeld for ugla. 

3: Men vert det for kjølig sørger nok familiebedrifta til ugla for fyring.

Har du peiling på kven ugla er? Sjekk om du har rett!

13. desember

Hint:

1: Reven er ein luring, som imponerer kvar gong hen prøver noko nytt. 

2: Reven bryr seg veldig om habitatet sitt. 

3: Reven har fleire trofe på peishylla i hiet sitt

Kven er reven? Her får du svaret!

 

14. desember

Hint:

1: Eselet sparkar i alle kantar, og trakkar av og til på nokre tær. 

2: Eselet er av den sportslege sorten. 

3: Eselet får andre til å knegge. 

Skjønar du kven eselet er? Her kan du sjekke!

15. desember

Hint:

1: Fjordingen har sin eigen flokk, som trufast lyttar til det fjordingen seier. 

2: Fjordingen lyt stadig sjekke kalenderen. 

3: Fjordingen har ein kvass penn, men har i det siste vore på stranda.

Veit du kven fjordingen er? Her får du svaret!

16. desember

Hint:

1: Kaninen har både sjøbein og verktøybelte. 

2: Kaninen har reist tilbake i tid. 

3: Kaninen er ganske tøff. 

Veit du kven kaninen er? Her får du svaret!

 

17. desember

Hint:

1: Ulven spelar både på musikalske strengar og på hjartestrengar. 

2: Det vert nesten andaktstemning kvar gong ulvar møtest. 

3: Ulven
    er ei
    kortfatta
    men poetisk
    sjel

Veit du kven ulven er? Sjekk om du har rett ved å trykke her!

18. desember

Hint:

1: Hunden er ikkje alltid seg sjølv når du ser hen. 

2: Hunden er kongen i kullet, og har vunne fleire prisar.

3: Hunden er eit eventyr, men av og til vert det katastrofe. 

Har du skjønt kven hunden er? Sjekk fasit!

19. desember

Hint:

1: Leoparden er var tidleg på trykk, og har gjenteke det fleire gongar. 

2: Leoparden er mektig i flokken.

3: Leoparden er nynorskbrukar, og skapte debatt med sin grøne velourpels. 

Veit du kven leoparden er? Sjekk fasit!

20. desember

Hint:

1: Påfuglen har vifta fritt med nebbet sitt, men  no er han bak ein mur.  

2: Påfuglen maktar ikkje alltid fullføre rampestreker. 

3: Påfuglen er glad i engelsk, og funk.

Veit du kven påfuglen er? Sjekk her om du tek rett!

21. desember

Hint:

1: Hamsteren smiler like breitt som guten på Sanasol-flaska. 

2: Hamsteren er ein brubyggjar, som er kjend utanfor Noregs grenser. 

3: Hamsteren har teke av seg kamuflasjedrakta

Veit du kven hamsteren er? Her ser du fasit!

22. desember

Hint:

1: Koalaen ei kunstnarisk sjel.

2: Koalaen er kjend for å bryte tabu, og for stort mot. 

3: Koalaen er av ein sjelden sort. 

Veit du kven koalaen er? Sjekk fasit her!

23. desember

Hint:

1: Elgen har familie frå heile Europa, og har opplevd det meste.

2: Elgen har ikkje noko etternamn.

3: Det vert alltid litt oppstyr når elgen skal på rånetur

Veit du kven elgen er? Sjekk fasit her!

24. desember

Hint:

1: Reinsdyret er ei ekte julestjerne. 

2: Reinsdyret har vunne både eit stort slag og Göteborg. 

3: Lykken er ei paljettjakke for reinsdyret. 

Veit du kven reinsdyret her? Sjekk om du tek rett her!