Då eg var 20: Thorbjørn Harr reiste til New York og kjøpte aviser for å finna plass å bu

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den våren eg blei 20 år reiste eg til New York. Eg ville sjekka ut om livet som skodespelar var noko for meg, skriv Thorbjør Harr i ein e-post til Framtida.no.

I desse dagar er 47-åringen aktuell med hovudrolla i katastrofefilmen Tunnelen og ei lita rolle i Disney+satsinga Togo.

Frå Oslo til Washington DC

Allereie på 1980-talet vart Harr oppdaga i skulegarden av NRK-folk på jakt etter skodespelarar til diverse ungdomsseriar. Året han vart 14 år, kom først NRK-serien Onkel Gustav og kassettmysteriet ut, men aller best vert nok unge Harr hugsa for rolla som ein av Frida sine utkåra i filmen Frida – med hjertet i hånden frå 1989, året etter.

Han visste med andre ord ganske mykje om bransjen han var på veg inn i. Dei andre han kjente som var interessert i teater, søkte seg inn på Romerike Folkehøyskole, men han ville dra det litt lenger.

– Ikkje minst ville eg vekk og teste ut livet åleine, sånn på alvor. Det skal seiast at mor mi budde i Whasington DC på den tida, så det fantest jo ein tryggleiksventil på same kontinent, skriv Harr, som legg til:

– Men det er ganske utruleg kor mykje mindre kontakt ein hadde med folk heime då, enn no. Sosiale medium var det dårleg med. Avtalen var at eg måtte ringa ein kort telefon heim annakvar veke for å gje eit livsteikn. Eg skreiv vel eit par brev til nokre kompisar. Elles var det ingen som ante kva eg dreiv på med. Høyrest i grunnen ganske herleg ut, gjer det ikkje?

28 år gamle Thorbjørn Harr i rolla som Jon under Nationaltheatret si oppsetting av Nikolaj Frobenius dramatikardebut «Mikromani». i 2003. Silje Færavaag hadde rolla som Ina.
Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX

Korleis var kvardagen?

Eg gjekk på ein teaterskule på Manhattan som heitte ‘Lee Strasberg Theatre Institute’. Der fekk eg vener eg framleis har kontakt med. Men i grunnen var det ikkje skulen som lærte meg mest. Det mest lærerike var å bu åleine med lite pengar, i ein av verdas største metropolar. Bratt læringskurve.

Eg hugsar endå eg stod med kofferten i handa på Grand Central utan noko anna enn adressa til det som viste seg vere eit skikkeleg råte ungdomsherberge. Då fantest det jo ikkje noko internett for å sjekke ut ting på førehand, og ingen Airbnb. Ein måtte reisa ned på lykke og fromme, gå i kiosken og kjøpe avisa kvar morgon og sjekke ut annonser for rom til leie. Herregud, det høyrest ut som gamledagar det her.

I teaterdistriktet Broadway er det alltid ei framsyning. Dette er Amsterdam Theatre, som viser musikalsuksessen Lion King. Foto: Andreas Praefcke

Hugsar du kva som skjedde?

Til slutt blei eg kjent med ein på skulen som fekk eit rom i eit kollektiv ledig, og der flytta eg inn. Elles gjekk kvardagen i ganske hard jobbing på skulen på dagtid, og utforsking av New Yorks uteliv på kveldstid.

Eg såg mykje film og teater. Eg hadde ikkje råd til å kjøpa billettar til framsyningane på Broadway, så vi dreiv med det som blei kalt «second-acting». Vi fann ut når det var pause i kvar enkelt framsyning, rappa til oss eit program som vi tok under armen og sneik oss inn for å sjå andre akt av framsyningane, for då sjekka dei ikkje billettane så nøye. Utruleg kor ofte det er ein ledig plass ein eller annan stad. Dei gongane det ikkje var det blei det jo sjølvsagt litt pinleg.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg hadde ein berbar cd-spelar som eg drog med meg rundt overalt, men den største opplevinga var å sjå Willem Dafoe, mitt store førebilete på den tida, i levande live på teater.

Willem Dafoe (til venstre) og Joaquin de Almeida på verdspremieren til storfilmen «Clear and Present Danger» (1994) med Harrison Ford i hovudrolla. Foto: NTB Scanpix

Hugsar du 20-årsdagen din?

Den må ha blitt feira i New York, men eg hugsar ikkje heilt kva eg gjorde akkurat den dagen. Eg kan ofte bli misunneleg på folk som hugsar livet i detalj. Det er ein god del som går i gløymeboka for min del.

Kva er det sterkaste minnet frå frå då du var 20?

Fridomen, og kjensla av at alt er mogleg. Det er å vere i 20-åra for meg.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg drog til New York fordi eg ville finne ut om eg faktisk kunne tenkja meg å bli skodespelar, men eg reiste heim igjen og byrja å studera psykologi på Universitet i Oslo. Etterkvart stod det nemleg klart for meg at eg måtte heim, at eg måtte studera i Noreg, kva enn eg no skulle bli.

Å bli buande i New York var aldri eit reelt alternativ. Eg måtte heim for å bli god. Og den planen har jo funka ganske ok. Skjebnen har faktisk sendt meg tilbake til New York som skodespelar på ordentleg. To gongar dei siste fem åra har eg vore tilbake i lengre periodar på grunn av filminnspelingar.

Og i fjor spelte eg mot Willem Dafoe.

Thorbjørn Harr har ei rolle i storfilmen Togo som vert lansert på Disney + i desse dagar:

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

At framtida var ei slags kinesisk vifte. Heilt open med moglegheiter i alle retningar. Å bli vaksen er å føla at den vifta sakte faldar seg saman. Jobb, ungar, lån og dei greiene der kan lett gjera at du stagnerer.

Noko av det viktigaste i livet er å jobba med deg sjølv og omgjevnadane slik at den vifta av moglegheiter stadig held seg på gløtt. Då må du våga å satsa på ting du ikkje anar utfallet av – som å stå på Grand Central Station i New York med berre ein koffert i handa.

Ifølgje Thorbjørn Harr er det å veksa opp som å sjå ei kinavifte av moglegheiter slå seg sakte saman, difor må ein jobbe med å halda ho open. Her med medspelar Ylva Fuglerud, som speler dottera Elise i storfilmen «Tunnelen».