Artist Chris Holsten (26) si første eigenkjøpte plate var «Hits for kids». – Dette er flautt.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 23.04.2022 10:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare Stjernekamp-deltakar Chris Holsten gav ut den første singelen Layers i 2015, og har sidan den gong fått fleire millionar avspelingar på Spotify.

No er musikaren frå Lillestrøm henta inn til sjåarsuksessen Hver gang vi møtes, der han allereie har rokke å smelte hjarta til norske tv-sjåarar.

26-åringen tok nemleg med seg farfaren Jan Holsten (87) på trekkspel då han tolka Odd Nordstoga si låt, Ein farfar i livet:

I musikkdagboka deler artisten og låtskrivaren musikken som har forma han:

Kva betyr musikk for deg?

Det høyrest kanskje litt klisjé ut, men det betyr jo alt. Heile livet mitt har bestått av musikk og det gjer det framleis. Musikk er min måte å uttrykke kjensler og tankar på.

Kva instrument spelar du?

Gitar og piano.

Kor mange timar dagleg høyrer du på musikk?

Faktisk veldig lite. Når ein sit i studio 12 timar om dagen og lagar musikk, så er det ikkje musikk eg høyrer på når eg set meg på trikken. Då vil eg heller kople av hjernen med ein podcast eller rett og slett stille.

Favorittsjanger:

Funk/Soul/RnB.

Favorittband/artist:

Stevie Wonder treffer midt i blinken!

Favorittlåt:

September – Earth, Wind & Fire.

Første album du kjøpte sjølv:

Dette er flautt, men det var faktisk «Hits for Kids».

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

Eg vil nok seie at min musikksmak skilte seg ut frå kva mine andre kompisar høyrte på. Eg var nok meir «stuck» med å høyre på ting frå 80-talet, enn å høyre på Westlife og Backstreet Boys. Justin Timberlake var vel det einaste vi hadde til felles.

Kva syng du i dusjen?

Versace On The Floor – Bruno Mars.

Verdas beste kjærleikslåt:

Just The Way You Are – Billy Joel.

Beste treningsmusikk:

Når det kjem til trening likar eg faktisk å høyre på Hip-hop. Siste albumet til Drake synest eg funkar bra!

Guilty pleasure:

Grace Kelly av Mika er alltid ein slagar.

Verdas mest oppskrytte band/musikar:

Litt usikker, men kanskje Imagine Dragons?

Verdas mest undervurderte band/musikar:

Vi har veldig mykje bra norsk musikk, synest eg. Så eg synest det er mange her som fortener å nå ut til verda. Kanskje Dagny? Det hadde vore fett å sjå Charlie Puth på ein stor verdensturné også!

Kva for artist ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?

Stevie Wonder, han går så langt tilbake for meg.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt:

Eg vil at Alicia Keys skal kome å synge If I Aint Got You!

Kva låt vil du ha i gravferda di:

Eg vil at det skal vere ei feiring, så om eg går til The Sound av 1975, så er eg nøgd.