Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var leiar i Bergen Unge Høgre, det var valår – det blei mykje politikk.

Allereie som 20-åring spelte politikken ei stor rolle i livet til Erna Solberg. Ho tok over som partileiar i Høgre i 2004, og dei siste åtte åra har politikaren frå Bergen vore statsminister i Noreg. No er valkampen i gang, og i september får vi svaret på om Solberg vil få styre skuta i fire nye år.

Men statsministeren kan i ein e-post til Framtida avsløre at ho som 20-åring ikkje visste kva ho skulle bli i livet.

– Eg hugsar eg var vitelysten, diskusjonsglad – skulle forandre Noreg til ein friare, betre stad og redde verda, minnest ho, og utdjupar at ho var optimistisk, med stor framtidstru.

Erna Solberg (H) på valkampturné før stortingsvalet 2021.
Foto: Hanna Johre / NTB

Frå Jamaica til Bergen

– Eg studerte sosiologi på Universitetet i Bergen, var medlem av skulestyret i byen og vararepresentant til bystyret, fortel Høgre-politikaren om kvardagen som 20-åring.

Solberg budde då i heimbyen Bergen, som ho var komen tilbake til etter eit opphald i hovudstaden.

– Eg hadde vore leiar for Operasjon Dagsverk året før, legg ho til.

Solberg var OD-leiar i 1979, og dei samla det året inn pengar til eit utviklingsprosjekt i Jamaica. Ho reiste difor til Jamaica for lære om forholda for barn og unge.

– Møtet med jamaldra ungdom som ikkje hadde dei same framtidsutsiktene som oss gjorde eit sterkt inntrykk som eg seint vil gløyme, fortel Solberg på Operasjon Dagsverk sine nettsider, og legg til at det var i OD hennar internasjonale engasjement starta.

– Diskusjonane vi hadde i Operasjon Dagsverk var med på å modne mitt politiske syn, fortel Erna Solberg på Operasjon Dagsverk sine nettsider. Her er ho i Jamaica i 1979. Foto: Privat

Valsiger og studieliv

Dei sterkaste minna Høgre-leiaren har frå då ho var 20 er valkampen i 1981 og studietida.

– Ved sidan av hyggelege studietider var dette valåret 1981 – borgarleg valsiger og  Willoch-regjeringa blei danna.

Kåre Willoch på veg ut frå slottet etter å ha blitt spurt av kong Olav om å danne ny regjering.
Foto: Lars Grønseth / NTB

Erna Solberg fortel at ho las mykje fag, sakspapir og masse skjønnlitteratur. Favorittane var Doris Lessing, James Baldwin og John Irving.

20 år gamle Erna Solberg i Bergen. Foto: Privat

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Eigentleg ikkje, trur vi berre drog på byen.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Mine vennar, barndomsvennar, studievennar og ikkje minst den nærmaste UH-gjengen.

Bevar gnisten

Dersom Erna Solberg skulle gitt den 20 år gamle versjonen av seg sjølv eit råd, hadde det vore dette:

– Stå på, sei ja – det meste går bra og det har det også.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg møter sånne som meg ofte i politikken og håpar dei bevarer gnisten.


Som 20-åring var Audun Lysbakken leiar i Bergen SU. Foto: Svein Olav Langåker, Privat.