Då eg var 20: Mikkel Niva budde i femmannskollektiv og åt berre toast

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag skal Mikkel Niva (31) styre skuta under årets TV-aksjon på NRK, i år til inntekt for bistandsorganisasjonen CARE.

Med seg har han Robert Stoltenberg og Ingrid Gjessing Linhave. Dette er ikkje første gong Niva har leia TV-aksjonen, det gjorde han også i 2017.

I desse dagar gjer han også stor suksess med den populære podkasten «Friminutt med Herman og Mikkel» saman med Herman Flesvig.

Ein kan vel påstå han har funne den lukka han leitte etter i 2008, då han var 20 år?

Kor var du då du var 20?

I Oslo for å finne lukka.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Jobba i ein barnehage og passa barn, budde med fem andre i eit iskaldt kollektiv og åt billeg toast kvar dag.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Ikkje mykje. Det var det året Alexander Rybak vann MGP. Sopass hugsar eg.

For kven kan vel gløyme denne klassikaren?:

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Rybak – Fairytale (ironisk framfor venner sjølvsagt).

Hugsar du 20-årsdagen din?

Næ. Bursdagen min ligg i haustferien så eg har aldri tort å feire skikkeleg i frykt for at ingen skal kome.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Hahaha, nei, på ingen måte. Det har eg vel eigentleg aldri visst.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg tenkte nok då, som eg framleis gjer, at eg berre passar på å kose meg med det eg driv med akkurat no, og så får vi berre sjå kva som skjer.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Ooooh. Eg ville vore SÅ redd for å påverke noko ting som helst. Er veldig fornøgd med korleis det har vorte, så eg vil jo ikkje øydelegge det.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Hmmm… Les bøker og ta deg tid til å puste litt og ikkje gjere nokon ting.

 

Bjørn Hatterud litt før han var tjue, innramma heime hos mor og far, og frå i dag. Foto: Privat/Samlaget

Er det nokon du vil lese om som 20-åring? Send oss tips på e-post: tips(a)framtida.no eller send oss ein melding på Instagram!