Ravn jobba med debutplata si, og kjende seg einsam i storbyen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg hadde fått ei platekontrakt i USA. Så eg spelte inn mitt første album og drog på turné og spelte konsertar!
Då Marion Ravn var 20 år, budde ho i New York og levde artistdraumen. Ho hadde allereie slått igjennom både i Noreg og internasjonalt som ein del av duoen M2M med Marit Larsen. Men i 2004 stod Ravn på eigne bein i The Big Apple.
– Eg hugsar 20-åra veldig godt! Eg flytta til New York aleine, så då var eg veldig einsam i ein så stor by! skriv artisten i ein e-post til Framtida.no.
Nye låtar og Maskorama

Marion Ravn gav ut soloplata si i 2005. Ho jobba med plata i New York då ho var 20 år gamal.
Foto: Heiko Junge / NTB
Den siste tida har Marion Ravn turnert i Noreg. Ho gav tidlegare i år ut låtane Ti ville hester og Hold meg i hånda.
Songaren er òg aktuell som ein del av detektivpanelet i sjåarsuksessen Maskorama på NRK. Kanskje vil ein av kjendisane som gøymer seg bak ei maske slå igjennom som soloartist etter deltakinga, men i 2004 var det Marion Ravn som solo-debuterte.
Byrja å spele gitar
I 2005 gav Marion Ravn ut soloaalbumet Here I am. Hiten Break me gjekk mellom anna til topps i Japan.
Mange hugsar nok òg duetten med Meat Loaf It’s all coming back to me, som kom i 2006.
Ravn fortel at det på den tida var foreldra som var dei viktigaste personane i livet hennar. 20-årsdagen hugsar ho ikkje noko av i dag, men det sterkaste minnet frå den tida er at ho gav ut sitt første soloalbum og at ho budde i New York.
I tillegg hugsar ho at ho byrja å spele gitar.
– Og oppdaga band som Nirvana og The Doors, minnest Ravn.
Visste kva ho skulle bli
Allereie som 20-åring hadde Marion Ravn planen klar for kva ho skulle bli i livet.
– Ja, eg visste allereie det då, sidan eg var godt i gang med karrieren min! fortel ho.
Ravn innrømmer at ho nokre gongar saknar den uredde tilnæringa ho hadde til ting som 20-åring.
– Eg såg veldig lyst på framtida og hadde store draumar.
Ravn ville rådd 20 år gamle seg til å vere tru til seg sjølv og til å stå på sitt.
– Men samstundes hugse å ha ein stor dose audmjukheit. Passe på å ha dei riktige menneska rundt meg.