Då eg var 20: Trygve Skaug hadde sommarfuglar i magen og planla eit frieri

Instagrampoeten tilbragte året på ungdomsklubbturné med kameratar og såg lite til kjærasten.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Instagrampoet Trygve Skaug (34) gav denne våren ut si første diktsamling for ungdom på Cappelen Damm. Førsteopplaget på 3000 vart utseld og Følg med nå har allereie fått eit nytt opplag.

Førre veke gjekk diktsamlinga til topps på bestseljarlistene, melder VG.

Trygve Skaug fortalte til Framtida.no at nokre av dikta er frå ein tenåring til ein tenåring, nokre er frå ein tenåring til ein vaksen og nokre er frå ein vaksen til ein tenåring.

– Det er meint å vere kaotisk, fordi eg hugsar det som veldig kaotisk sjølv, sa Skaug.

Me har spurt Instagram-poeten frå Ørje i Østfold om hans første år etter tenåra.

20 år gamle Trygve Skaug spelte i band og visste han ville jobba med kunst. Foto: Privat

Kor var du då du var 20?

Eg var på ungdomsklubbturné og vi hadde base på folkehøgskule i Stavern.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg reiste rundt med eit band, vi var fem gutar på turné eit heilt år. 120 konserter, trur eg det blei. Det var eit liv med bilkøyring, rigging, speling og mykje god tid med dei beste venene mine.

Og ein kjærast som alltid var langt unna, fordi vi var så mykje på vegen.

Hugsar du kva som skjedde?

Eg hugsar mange små glimt av folk vi møtte og stader vi spelte. Vi fekk sjå heile Noreg og var tett på kvarandre.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg leste Jo Nesbø-novellesamlinga Karusellmusikk tre gonger det året og ein biografi om Bob Dylan.

Eg såg mykje på ein serie som heitte Lost.

Og eg høyrte på Bob Dylan og Ryan Adams, for det meste.

34 år gamle Trygve Skaug sitt råd til seg sjølv hadde vore å ikkje stresse, men nyte tida der du er akkurat no. Foto: Privat

Hugsar du 20-årsdagen din?

Eg feira han med bandgutta på turné, men eg hugsar eigentleg ikkje så mykje av det.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg gjekk med sommarfuglar i magen og planla eit frieri. Hugsar den dagen veldig godt. Ho er eg framleis gift med.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg var veldig sikker på at eg ville halde på med kunst på ein eller annan måte, men såg for meg å drive med det ved sidan av annan jobb. Eg hadde planar om å få meg lærlingplass som røyrleggjar.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg følte det var eit stort ope landskap med mange vegar å velje i, men eg ante ikkje kva av dei eg skulle ta.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

«For ein ivrig og blid type!»

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Nyt tida der du er akkurat nå, ikkje stress med kva som ligg framfor.

Slik såg Trygve Skaug ut rundt 20-årsdagen sin i 2005. Foto: Privat