Då eg var 20: Mads Hansen feira bursdagen som kommunist

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 15.01.2021 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fram til 2018 var Mads Hansen (36) best kjend som fotballspelar på Mjøndalen, og gjennom VGTV-programmet Spårtsklubben. 

Men ein månad etter han la fotballskoa på hylla debuterte Hansen som artist med låten Sommerkroppen. Låten vart i utgangspunktet laga fordi Hansen tapte eit veddemål, men den tok heile landet med storm – noko som synte att både i talet Spotify-avspelingar og YouTube-visningar.

Det heile toppa seg då Mads Hansen stakk av med publikumsprisen for «Årets låt» under Spellemannsprisen året etter.

– Eg skjønar godt at de driv med musikk for det er jævleg gøy, og ikkje minst sinnssjukt lett, sa Hansen då han tok imot prisen.

Omslag: Kagge forlag.

I desse dagar har Hansen nettopp debutert som forfattar med boka Min Instastory, der han tek føre seg korleis ein som ertar på seg landets største bloggarar og influencarar sjølv kan ende opp som ein av landets største influencarar.

Då Framtida.no ringer Mads Hansen er han også i full gang med å førebu neste sesong av Farmen, der han har teke over som programleiar etter Gaute Grøtta Grav.

For korleis var livet før fotballkarrieren, sommarkroppen og Instagram?

Budde heime

– Kor var du då du var 20?

– Då var eg akkurat gått til Mjøndalen, og min første sesong der. Eg gjekk også første og andre klasse på BI, der eg studerte marknadsføring, fortel 36-åringen.

Kvardagen bestod såleis av førelesingar på BI i Buskerud, og Mjøndalen-treningar etter det, før det bar heim for å hive i seg mat og lese litt pensum. Hansen fortel at han var ein relativt god student med gode karakterar, endå han nok var litt slakk første året og kunne lese meir.

Han fann ei god rutine, og det var difor ikkje var særleg problem å studere samstundes som han satsa på fotballen:

– Det gjekk fint, for Mjøndalen var i tredje divisjon då. Så vi trente på kvelden, og eg budde heime hjå mor og far.

Det einaste han sakna var kanskje kjensla av å ha ei skikkeleg studenttid.

– Ein får ei heilt anna studenttid når ein flyttar til ein annan by. Eg budde heime, og var med den same barndomskrinsen som normalt.

Det var likevel rikeleg tid til å vere sosial i helga, når kampen var ferdig spelt, så i sum vil han ikkje klage:

–Eg hadde nok tid til å vere meir sosial då enn no, seier han og ler.

Minneverdige 2004

– Hugsar du kva som skjedde det året?

– Var det ikkje då det var tsunami? Det var vel første eller andre juledag. Idol var vel kanskje då, med Kurt Nilsen. Nei, det var vel før.

Hansen slit med å hugse kva som hende, men har heilt rett i at den øydeleggjande tsunamien var i 2004 og at Kurt Nilsen gjekk til topps i Idol året før.

Anthony Gerard står i ruinane til det som var foreldrene hans i nordlege Sri Lanka, fredag, 31. desember 2004. Gerard miste foreldrene sine, kona og dottera til tsunamien. Foto: AP Photo/Ed Wray

Han tek eit raskt Google-søk på telefonen for å friske opp minnet. Frå andre anden av telefonlinja kan ein høyre han navigerer seg fram: «2004. Wikipedia. Hendingar». Han skummar kjapt over det som nok er ei altfor omfattande liste.

– Det eg hugsar best er nok meisterskapet. I 2004 var det fotball-EM i Portugal, og Hellas vann. Kanskje den mest overraskande vinnaren noko sinne.

Fotball-EM står også att som det sterkaste minnet frå året han var 20 år gamal, og Hansen forklarar at han held orden på åra etter kor han var i fotballkarrieren på det tidspunktet.

I 2004 hadde han akkurat starta i Mjøndalen:

– Men det var ikkje minneverdig for så vidt. Vi rykka ikkje opp.

– Traff tonen, men song stygt

Når Mads Hansen får spørsmål om kva bøker han las som 20-åring, så seier han at det gjekk vel ein del i FHM på den tida. Det han derimot har endå klårare minner om, er kva han lytta til:

– Eg meinar å hugse det var mykje Singstar på Playstation. Singstar er veldig gøy, så det vart brukt på mange vorspiel.

– Hadde du nokre låtar du alltid drog fram?

– Eg var god på Dido sin White Flag, og likte godt å synge Optimist av Jahn Teigen – den var på ekstra CD-en med Norsk på norsk.

– Det er vel evner du har drege god nytte av i seinare tid?

– Utruleg nok, ja. Eg traff tonen, men song stygt. Vonde tunger vil jo ha det til at det ikkje var vokalprestasjonen som gjorde at eg vann Spelemannsprisen, seier Hansen og ler.

Måtte ta av laustenna for å drikke

– Hugsar du 20-årsdagen?

– Ja, den hugsar eg kjempegodt. Det er ein av dei få bursdagane eg har verkeleg har feira – med temafest. Folk gjekk all in.

Hansen fortel at dei trakk lapp om kva dei skulle kle seg ut som, og bursdagsguten sjølv trekte «kommunist».

– Eg var på Norsk Film og leigde kommunistklede, hadde bart og falske tenner som var dritvanskelege å drikke med. Eg måtte ta dei ut kvar gong eg skulle drikke.

Men det finst uheldigvis få bilete av dette kalaset, fortel Hansen. Det var ei stund før Facebook si tid og alle bilete som vart tekne av Hansen sjølv ligg gøymde på ein gammal PC han ikkje lenger har heilt kontroll over.

Hadde ikkje trua på fotballkarrieren

– Korleis tenkte du om framtida?

– Veldig mykje krinsa kring fotballen, men vi var i 3. divisjon, så eg tenkte eg ikkje kom til å verte fotballspelar på høgt nivå. Eg levde frå veke til veke, og hadde ikkje noko visjon om framtida.

Mads Hansen heldt likevel fram som fotballspelar heilt til 2018, då han la opp grunna manglande motivasjon. Etter å ha sett punktum for ei 14-årig fotballkarriere kunne Hansen sjå tilbake på nokre høgdepunkt, mellom anna frå han i 2009 scora det han sjølv kalla ei «once in a lifetime-scoring».

Her kan du sjå målet (i 2009-kvalitet): 

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg angrar ikkje på noko. Eg er nøgd med der eg er no, og dersom eg seier noko som helst, så kunne livet teke ei veldig anna vending.

Hansen peikar på den såkalla butterfly effect, som først vart formulert av den amerikanske meteorologen Edward Lorenzen på 60-talet. Den går ut på at sjølv små, tilsynelatande uskuldige endringar, kan føre til store, uante konsekvensar. Lorenzen illustrerte dette med å seie at «vengjeslaga frå ein sommarfugl i Brasil kan utløyse ein tornado i Texas».

– Eg ville kanskje sagt til fotballspelaren Mads Hansen at han må tore å gå litt utanfor komfortsona, tore å feile, og ta eitt skritt tilbake for å ta to fram, seier han.

Han understreker likevel at han ikkje ville endra noko, men berre stolt på magekjensla.

– Eg hadde kanskje vorte ein betre fotballspelar, men ikkje opplevd alt det andre eg no har.

Sug på karamellen

– Kva råd ville du gjeve til deg sjølv?

– Eg ville sagt: Hald fram med det du likar.

Der er berre eitt konkret råd Mads Hansen ville gjeve seg sjølv, og det er å vere flinkare til å nyte augeblikket.

– Om du spelar ein god kamp eller opplever noko godt – sug på den karamellen. Ikkje gå automatisk til neste arbeidsoppgåve kvar gong. Sett deg ned og reflekter over at det går fint.


Les også om 20-årige Marta Breen feira bursdag på folkehøgskulen og fekk rulletobakk i gåve: – Det eg ønska meg aller mest.

Marta Breen reiste på interrailferie som 20-åring. Foto: Privat