Musikkdagboka: Ulrikke Brandstorp (24) skulle gjerne hatt Beyoncé på besøk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er oppdatert etter Ulrikke Brandstorp vann MGP-finalen laurdag kveld.

Berre 17 år gamal song Ulrikke Brandstorp seg vidare i Idol, men det var med andreplassen i NRK-suksessen «Stjernekamp» i 2018 at Noreg for alvor fekk øyrene opp for gullstrupen frå Skjeberg. 

I desse dagar står 24-åringen på scena i Folketeateret som Liesl von Trapp i Sound of Music og seinast i fjor gjekk duetten hennar med tidlegare A1-medlem Ben Adams viralt.

Brandstorp er heller ikkje heilt fersk i MGP-gamet. I 2017 kom ho på fjerdeplass i den norske MGP-finalen med låta Places. I år trilla NRKs meldar ein seksar på låta Attention, og laurdag vann Ulrikke Brandstorp (24) den norske MGP-finalen etter at eit stemmekaos og ein folkejury til slutt avgjorde.

Men kva musikk forma artisten? Her er musikkdagboka til Ulrikke:

Favorittsjanger:

Umogleg å svara på! Det er jo så mykje som er gøy. Føler det kjem litt an på dagsformen. Litt som med klede. Ein dag er eg rocka, ein annan dag er eg chill i klesstilen. Ein dag er musikal favorittsjangeren, neste dag er pop favoritten.

Favorittband:

Lat oss kalla Beyoncé eit band ?

Første favorittlåt

Uuu! Trur det må ha vore Uptown Girl. Systera mi hadde den låten på ein cd. Pleidde å snike til meg den, haha.

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

Godt ein forandrar seg! Haha. Neida, men det gjekk mykje i «Hits for Kids».

Første album du kjøpte sjølv?

Oi. Det hugsar eg ikkje i det heile teke. Byrjar å bli gamal. Vanskeleg å hugse.

Kva syng du i dusjen?

Trur ikkje eg syng i dusjen, faktisk. Syng så mykje elles. Trur eg har litt fri då.

Verdas beste kjærleikslåt?

PASS. Klarar ikkje velje!

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

Tin Man – Miranda Lambert

https://www.youtube.com/watch?v=Y-dZzpTce30

Beste treningsmusikk?

Høgt tempo og dansbart!

Guilty pleasure

I Believe In a Thing Called Love – The Darkness

Verdas mest oppskrytte band/musikar:

Britney? Hehe.

Verdas mest undervurderte band/musikar

Nicole Scherzinger. That girl can sing!!!!

Kva for artist ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?

BEYONCÉ!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?

Må først finna meg ein mann som held ut!

Kva låt vil du ha i gravferda di?

Noko folk kan dansa til!! Lat oss feira livet som var!

Chris Holsten. Foto: NORA CREATIVES/Presse