Då eg var 20: Hadia Tajik forlét Arbeidarpartiet for journalistikken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.12.2021 14:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Livet var ganske trivielt om eg må få seie det sjølv, og eg var fokusert på å verte ferdig med studia slik at eg kunne kome «ordentleg i gang» med livet. I ettertid tenker eg at eg godt kunne levd meir allereie då, skriv Hadia Tajik i ein e-post til Framtida.no.

Omslaget på Hadia Tajik si siste bok har fått meir merksemd enn innhaldet. Omslag: Tiden Forlag

Nestleiaren i Arbeidarpartiet har den siste tida fått mykje merksemd for omslaget på si nye bok Frihet – en politisk og personlig historie.

Fakultetsdirektør ved Universitetet i Stavanger, Karoline Holmboe Høiboe, skreiv eit innlegg i Stavanger Aftenblad der ho kritiserte Tajik for å «lokke lesarar inn med bilete som normalt vert assosiert med lett vekebladlektyre». Vidare kalla ho biletet feminisert og seksualisert og meinte det stod i vegen for bodskapen til nestleiaren i Arbeidarpartiet.

I eit innlegg i same avis tok Tajik til motmæle og spurde: «Hva er det med en kvinnekropp med klær på fra topp til tå, som gjør den så seksuell for enkelte?»

Bokdebuterte som 18-åring

Me har spurt Hadia Tajik kven ho var og kva ho gjorde då ho var 20 år gamal.

– Då studerte eg journalistikk ved det som var Høgskulen i Stavanger. Eg tenkte på den tida at eg skulle bli journalist, og fortelje historiene som elles ikkje vart fortalde, minnest Tajik.

Kort tid før hadde ho gjeve ut ei bok, ei tekstsamling, på Tiden Norsk Forlag om det å vere ung og ha minoritetsbakgrunn i Norge.

– Boka heitte Svart på hvitt. Eg tenkte ikkje då at det ville gå nesten 20 år til før eg gav ut ei ny bok – på same forlag. På den tida drøymde eg nok om å skrive meir litterært. Slik vart ikkje livet, men eg har til gjengjeld skrive mange talar og kronikkar. Fyrst for andre som politisk rådgjevar, og seinare for meg sjølv.

Berre 18 år gamal bokdebuterte Hadia Tajik med samlinga «Svart på hvitt». Foto: Tone Gregersen

R. Kelly og anna RnB

For 20 år gamle Tajik gjekk kvardagen berre i trening og studering, i tillegg til at ho jobba litt med å skrive spalter i nokre aviser og blad.

– Hugsar du kva som skjedde?

– Eg hugsar å stå sveitt på treningsrommet, som var et nedslitt rom på Høgskulen, og høyre på R. Kelly og anna RnB medan eg prøvde å verte sterkare. Og så hugsar eg at eg prøvde å skrive interessante tekstar til dei eg leverte spalter til, men at eg ofte syntest det var vanskeleg.

20 år gamle Tajik las det meste ho kom over, og var svolten på å sjå korleis andre bygde opp setningar og fortalde historier. I tillegg høyrde ho mykje på RnB og hiphop på den tida.

– No har eg falle litt av lasset – og klarer ikkje alltid følgje med på kva som er nytt og heitt for tida.

R. Kelly-låta «Ignition» frå 2003 er ein soleklar topp på artisten si Spotify-liste. I 2020 er det ikkje lenger stovereint å høyre på den overgrepsanklaga artisten, men i 2003 var han på toppen av hitlistene:

https://www.youtube.com/watch?list=OLAK5uy_mY6zrDCvMc7jkeCKijb72xuGpNZGToaUw&v=y6y_4_b6RS8&ab_channel=RKellyVEVO

Sommarjobb i Aftenposten

20-årsdagen den 18. juli 2003 har ho ikkje noko sterkt minne om, men trekker fram sommarjobben i Aftenposten som noko av det mest minnerike.

– Eg kjente på tillit, at dei hadde tru på meg, og det gav meg ei oppleving av at dette kanskje var noko eg kunne meistre. Det er utruleg viktig å kjenne på at det er nokon som ser deg, og ser at du med deira rettleiing kan utvikle deg og verte sterkare og betre, skriv Tajik, som hadde sin tredje sommar i avisa den sommaren

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg hadde i alle fall ein ide om at eg skulle bli journalist. Eg hadde då vore aktiv i AUF i ungdomstida, og var samfunnsengasjert, men tenkte at viss eg skulle jobbe i avis så kunne eg ikkje fortsetje å vere medlem i en politisk organisasjon. Så eg melde meg ut mot slutten av journalistikkstudia. Men seinare fann eg vegen «heim» att til partiet, og vart politisk rådgjevar hjå Bjarne Håkon Hanssen i Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2006.

Her er Hadia Tajik 26 år og tilbake i politikken som rådgjevar for helseminister Bjarne Håkon Hanssen. Biletet er teke i 2009 på Arbeidarpartiet si valvake i Folkets Hus i Oslo. Foto: Heiko Junge / NTB

– Låge skuldrer kjem godt med her i livet

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var veldig på søken etter kva som skulle verte min veg her i livet, då eg var tidleg i 20-åra. Eg stolte ikkje på at det ville gå bra med meg her i livet, men eg hadde heller ingen annan plan enn å prøve så godt eg kunne med det eg hadde.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At ho stakkars, kjem til å erfare at ho må verte tøffare, og at det klarer ho heilt fint, ho berre veit det ikkje sjølv enno.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Det er fint at du jobbar hardt, men kanskje du skal slappe litt av innimellom? Låge skuldrer kjem godt med her i livet. Å slappe av når du kan, det er ein kompetanse det òg.


20 år gamle Trine Skei Grande var allereie den gongen engasjert i Venstre. Her er ho saman med nevøen sin Emil. Foto: Privt