Då eg var tjue: Sigrid Bonde Tusvik takka nei til ei stor rolle i Hotel Cæsar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du då du var 20?

– Eg gjekk på Romerike FHS og hadde det heilt topp.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Else Kåss Furuseth, 20 år

Tjue år gamle Else Kåss Furuseth og Sigrid Bonde Tusvik. Foto: Privat

– Grudde meg til å ta ex.phil på Blinderen, hausten 2000. Eg hata Blindern.

Hugsar du kva som skjedde?

– Eg blei venn med Else Kåss Furuseth og saman med Henrik Thodesen byrja me smått å lage Blymandag undergrunnsshow.

Les også om Else Kåss Furuseth og hennar tre favorittar som tjueåring: Surferosa-stil, komisk høg kake og Sigrid Bonde Tusvik.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

– Eg hugsar ikkje. Bård og Harald sjølvsagt.

Sjå Harald Eia som ein profesjonell rocketekstforfattar som ikkje har noko band:

Hugsar du 20-årsdagen din?

– Nei, men eg hugsar at eg feira 19-årsdagen min på Ikea Furuseth med heile familien til stades. Eg elska Ikea.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Romerike FHS og alt som skjedde der. Både kjipe og koselege ting.

Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei, men eg spelte med Håvard Lilleheie i U, så eg syntes TV var morosamt. Eg hadde takka nei til ei stor rolle i Hotel Cæsar året før, for å gå på Romerike, så eg likte TV og skodespel.

Det vart derimot ei mindre rolle på Hotel Cæsar:

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var frykteleg opptatt av å synes og sjølvsagt finne ut kva eg ville med livet. Eg søkte Westerdals året etter.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Du har ikkje SÅ tjukk mage som du går rundt og trur, slapp no av på det kroppshysteriet ditt. Og at livet er fint, med helger du ikkje treng å jobbe. Fredagane var jo som ferie. No er det jobb.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Berre KØYR PÅ!

Les også om 20 år gamle Hanne «TegneHanne» Sigbjørnsen som følte ho levde eit dobbeltliv.