Maud Angelica Behn: – Det er alltid, alltid håp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maud Angelica Behn har store formidlarsko å fylle, som dotter av prinsesse Märtha Louise og multikunstnaren Ari Behn, som begge har markert seg gjennom ulike kulturuttrykk og formidling.

Men 20. oktober trår Maud Angelica Behn fram, når ho debuterer både som poet og illustratør med den gjennomillustrerte og fargesterke boka «Tråder av tårer».

– Det byrja med drodleri på skulen. Eg teiknar heile tida, og ein dag dukka det opp ei jente som strikkar trådar av tårer, trådar som til slutt viklar seg inn overalt i livet hennar. Eg såg at det kunne vere ein fin metafor på korleis sorg kan breie om seg.

Maud Angelica Behn har både skrive og illustrert den ferske boka – som tar for seg sorgprosess og det at det triste kan ta heilt overhand. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

– For når du opplever sorg, kan du nesten få tunnelsyn. Alt blir litt tåkete og du ser berre det kjipe. Eg ville seie noko om at det går an å opne seg for det fine igjen, sjølv om ting kan opplevast veldig vanskelege, seier ho til NTB.

Ønskjer meir openheit

For openheita si rundt psykisk helse vart Maud Angelica tildelt Akuttpsykiatriprisen for 2020. For talen ho heldt under bisetjinga til faren i Oslo domkyrkje i fjor, fekk ho dessutan Tara-prisen, ein pris som går til Årets modigaste kvinne.

– Eg har klart meg. Eg vil gjerne at boka skal vere som ein stor klem som forsikrar den som treng det om at dei òg kan klare det, held debutanten fram. Ho tykkjer det er fint å bli kalla både sterk og modig.

Maud Angelica Behn lanserer ny bok meg eigne teikningar og eit langdikt om sorg. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

– Men å vere sterk betyr ikkje at ein ikkje kan vere lei seg. Tvert imot, eg græt masse, og det å gråte er faktisk veldig digg. Eg trur heller ikkje ein kan hoppe over sorg, ein må igjennom ho. Men det kjem lysare tider, påpeikar den unge poeten og illustratøren – som takkar mor si for uvurderleg støtte gjennom både vanskelege og fine tider.

– Ho har vore veldig viktig i prosessen med boka òg, ho veit korleis ei bokutgiving fungerer, og det gir meg tryggleik, seier Maud Angelica Behn – som med dette rører ved ein viktig bodskap i boka.

– Dersom noko kjennest vanskeleg, spør om hjelp. Det kan vere mor di, læraren eller venner, oppmodar ho, og legg til:

– Det er alltid nokon der ute som kan hjelpe. Personleg ønskjer eg meg meir openheit rundt psykisk helse på skulen, det har vore altfor lite av det. Har vi openheit, og gjer vi psykisk helse til ein vanleg ting å snakke om, ja då står vi jo alle betre rusta.

Ein inngangsport

Maud Angelica Behn håpar boka hennar kan brukast som ein inngangsport til samtalar om det å ha det vondt.

«Det er gyldig å ha det vondt, enten du er lei deg for noe lite eller stort, og uansett hvor vanskelig du har det finnes det alltid håp», skriv den nyslåtte forfattaren i etterordet av boka.

20. oktober debuterer Maud Angelica både som poet og illustratør med den gjennomillustrerte og fargesterke boka «Tråder av tårer». Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Ho seier vidare til NTB:

– Eg er veldig heldig som har så mange bra folk rundt meg, ikkje alle har det. Men ikkje gi opp, for verda er full av så mykje fint, seier ho – og minner òg om dette:

– Nokre gonger vil du komme sterkare ut på den andre sida. Det er kanskje vanskeleg å sjå når ein strevar med kjensla av håpløyse, men det er alltid, alltid håp.

På spørsmål om det vil komme fleire illustrerte poesibøker med sterk tematikk frå unge Behn, svarer ho:

– Eg er veldig glad i å teikne, det er ein hobby eg kjem til å halde fram med, og nokre gonger skriv eg dikt òg. Men det er ingen planar om nokre nye bøker akkurat no.


– Då var eg så langt nede, og eg kjende på ei frykt i vekene etterpå: «Shit, det er flaks at eg er i live», fortel Petter Aaberg (t.v.) om då han freista ta sitt eige liv. No har han laga dokumentar om psykisk helse saman med kameraten Sverre Kvamme. Foto: Bente Kjøllesdal