Då eg var 20: Birgit Skarstein lærte på den harde måten at ingen kan love ho korleis livet vert

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.01.2020 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Birgit Skarstein har rodd seg inn i hjarta til heile Noreg, som ein ypparleg idrettsutøvar, men også som ei som som ikkje let seg stoppe av motgang.

Ho vart først kjend i 2012, då ho deltok i andre sesong av Lars Monsen-programmet Ingen grenser. Frå sin behagelege sofakrok kunne nordmenn følgje Birgit Skarstein og ti andre personar med funksjonsnedsetjing på vegen frå svenskegrensa i Femundsmarka til toppen av Snøhetta.

Reisefølgjet frå sesong 2 av Ingen grenser. Foto: Håvard Jenssen/Mastiff

Kort tid etter byrja Skarstein å satse som paralympisk idrettsutøvar, og ho utmerka seg fort med gode resultat. Ho har plukka medaljar i langrenn, vorte verdsmeister i roing og i juli vann ho verdscupen samanlagt.

Men før neste sesong står for dør, er det tid for den årlege Idrettsgallaen.

Birgit Skarstein har tidlegare både delt ut og motteke pris, men i år skal ho ta steget inn i ei ny rolle – som programleiar saman med Nicolay Ramm.

– Eg har sjølv fått kjenne på verdien av å ha eit fellesskap i ryggen. No håpar eg å kunne dele den følelsen med mange fleire, sa Skarstein til NRK då programleiarane vart annonserte.

Kor var du då du var 20?

Då eg var 20 budde eg størstedelen av året på sjukehus, både i Levanger, Trondheim, Oslo og Nesodden.

Førstedelen av året fordi eg hadde skada det eine beinet stygt, så fordi eg vart lam av ei følgjeskade.

Korleis var kvardagen?

Sidan eg låg på sjukehuset så godt som heile året var livet ganske annleis enn vanleg. Det var ein del rutine: måltida vart serverte til same tid kvar dag, eg trente litt når eg var i form til det og las elles mykje.

Sjukehusa hadde ikkje internett, så eg pløgde meg gjennom mange bøker. Eg fekk innsyn i mange skjebnar, og vart også kjend med svært mange ulike menneske.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Siden eg flytta mykje rundt og skifta rom ein del, møtte eg mange forskjellige folk. Og så var eg i ein ganske krevjande situasjon sjølv, først ordentleg sjuk med ein tropisk bakterie og så lam med alt det førte med seg.

Mellom dei to sjukehusopphalda rakk eg å gå seks veker på statsvitskap ved Universitetet i Oslo, og det var innmari spanande!

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Ei av dei eg budde saman med på Sunnaas, og som hadde vorte ei veldig god venninne, hadde ei ringtone på telefonen som eg hugsar veldig godt.

Telefonen ringte jo ofte, så vi høyrde den mange ganger om dagen. Songen var «Fireflies» med Owl City.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Ja! Eg låg på sjukehus i Oslo då, og kjende ikkje så mange i byen, men sjukepleiarane var veldig søte. Eg fekk eit lite flagg på matbrettet til frokost, og kusina mi kom innom med muffins.

Men eg var heldig som var i live, heldig som fekk god helsehjelp og heldig som hadde menneske som var glade i meg. Eg trengde ikkje nokon stor fest.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg fekk kome heim til Levanger på besøk gjennom jul og nyttår, og det var heilt fantastisk!

Vi pleidde å feire nyttår saman heile vennegjengen frå vidaregåande, og det gjorde vi det året òg. Vennegjengen sette meg i ein pulk og drog meg ut på åkeren slik at eg kunne vere med på å fyre opp rakettar.

20 år gamle Birgit Skarstein (t.h.) saman med søskena sine Anne Christine og Kristoffer. Foto: Privat

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg visste ikkje kva eg skulle bli, men eg ville studere statsvitskap. For meg var det ordentleg tiltrekkande at eg kunne studere noko kor eg ikkje fekk ein tittel, men ei meir generell kompetanse som eg kunne bygge rundt.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var veldig takknemleg for livet. Eg visste ikkje kva eg ville verte, men eg visste at eg ville jobbe for noko eg brann for.

Året hadde mange opp- og nedturar, men eg lærte sterkt kor heldig eg er som har menneske i livet eg bryr meg om, og som bryr seg om meg.

Og eg lærte på den harde måten at ingen kan love meg korleis livet skal verte, men eg har mange val om korleis eg ynskjer å halde meg til det som skjer.

Medan eg gjekk på vidaregåande hadde eg eit utvekslingsår i USA, og etter vidaregåande jobba eg ein lengre periode på barneheim i Søraust-Asia, og der såg eg litt av kva kontrastar som finst i verda. Som 20-åring tenkte eg mykje på at eg var heldig som bur og lever i Noreg, med alle dei mogelegheitene det gjev.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg ville tenkt at eg hadde mykje å lære, og kom til å møte mange utfordringar, men også at eg hadde nokre fantastiske år i vente.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Du er bra nok. Og, «det bli itj meir arti enn du lage sjøl!»

 

Idrettsutøvar Birgit Skarstein (til høgre) meiner det no er på tide å skifte fokus frå korleis kroppen ser ut, til korleis den fungerer . Illustrasjonsfoto til venstre: Pixabay.com/Foto til høgre: Erik Norrud