Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var i militæret. Då eg runda 20, var eg befal på ein minesveipar og busett i Bergen, etter å ha gått befalskulen på Sjøkrigsskolen rett etter vidaregåande, skriv Jonas Gahr Støre til Framtida.no på e-post.

Han hadde ansvar om bord for personale, navigasjon og andre oppgåver.

– Vi var mykje på tokt i norske farvatn og rundt Nordsjøen.

Støre har mange minne som er veldig nære no når han tenker seg om.

– Særleg fargerike minne om sjøsjuke – minesveiparen rulla hardt i open sjø. Men òg minne om timar på brua med kommando over eit heilt skip – det er uforgløymeleg for ein 20-åring!

Oljeplattformen Alexander Kielland etter at den gjekk rundt. Foto: Arne Iversen / NTB

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Eg trur det må bli utolmodet etter å komme vidare etter militærtenesta. Nokon hendingar: Eg hugsar korleis Marinen blei mobilisert då Alexander Kielland-plattforma velta i Nordsjøen. Og så var det ein spent politisk situasjon i Europa med streikar ved verfta i Polen og auka beredskap i Det norske forsvaret. Det gjorde inntrykk.

Bestemte seg for å dra til Frankrike

Etter stortingsvalet 13. september kan det bli avgjort om Jonas Gahr Støre blir statsminister. Som 20-åring var han ikkje aktiv medlem i noko parti eller politisk organisasjon.

– Men eg var politisk interessert og engasjert. Og det var på dette tidspunktet eg bestemte meg for å prøve eit år i Frankrike etter militærtenesta – og slik blei det, og eitt år blei til fire.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Eg var motivert av moglegheita for studiar i historie og internasjonal politikk, som eg var veldig interessert i.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre er på vagkampturne i Telemark. Her besøker han verkstsdhallen for Bø Auto, der NRK-serien Rådebank blei spelt inn.
Foto: Javad Parsa / NTB

Hjortejegeren og Hair

Jonas Gahr Støre høyrde mykje på den tidas populærmusikk og likte Dire Straits, Elton John, Billy Joel, Queen med fleire.

– Eg hugsar at eg las Koloss av Finn Alnæs, den gjorde sterkt inntrykk.

Dette var òg tida då Hjortejegeren, Deer Hunter, med Robert de Niro, gjekk på kino.

– Den er framleis ein av mine favorittar. Og filmatiseringa av Hair

 

«Eit lyst sinn og eit stort alvor»

Jonas Gahr Støre kan ikkje hugsa 20-årsdagen, men trur den fann stad mens han var om bord i Marinen, så han hadde inga spesiell feiring av den.

Eg hadde trua på at vi kunne få til store ting gjennom vilje og samarbeid

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

Jonas Gahr Støre mista mor si Unni Gahr i januar. Ho var fødd i 1931. Foto: Privat / NTB

– Eg hadde ingen kjærast då, så svaret var vel framleis Unni, mor mi.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Ja, eg trur mor mi sin omtale av meg står seg: «Han har eit lyst sinn og eit stort alvor.» Eg hadde trua på at vi kunne få til store ting gjennom vilje og samarbeid. Men dette var òg opptakta til ein veldig intens periode under den kalde krigen, og det prega meg nok.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At det var ein kar med meiningar om mykje og med meiningars mot, men kanskje var han litt vel kritisk, ivrig og påståeleg?

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville sitert opningsteksten til ei av dei låtene eg likte best den gongen, «Vienna» av Billy Joel: «Slow down, you crazy child» – og bedt meg lytte til resten i fred og ro.

Erna Solberg var som 20-åring student i Bergen. No er ho statsminister. Foto: Torstein Bøe / NTB, privat, kollasj Framtida.no