Martha Leivestad omfamna emotrenda og kler seg framleis opp på dårlege dagar

«Om du har ein dritdag, kle deg som det er den beste», er framleis det beste rådet komikar Martha Leivestad har fått.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: Privat

Namn: Martha Steinsland Leivestad

Kallenamn: Eg har aldri hatt eit kallenamn! Men alltid ønska meg eitt, så kanskje Marty 😀 Nei, det bør ikkje vere lov å gje seg sjølv eit kallenamn…

Fødd: 4. juni 1994

Heimplass: Stord

Vidaregåande skule: Fitjar vidaregåande skule

Eg drøymde om å verte: Skodespelar på teaterscene

…og eg vart: programleiar, hehe! Nesten??


Eg er ein shopping-entusiast, som set pris på å finna klede i storleikar som passar meg.

Eg meiner min beste eigenskap er at eg er eit arbeidsjarn, men mamma seier det er å rote på rommet.

Mi verste uvane er å trøysteeta, og du ser meg aldri utan eyeliner.

Eg vert alltid glad av å gå på kino, men menneske som skal kviskre medan filmen er på gjer meg eitrande forbanna.

Det beste rådet eg noko sinne har fått er noko mamma sa til meg på VGS: Om du har ein dritdag, kle deg som det er den beste! Eg elskar det rådet og følgjer det nesten heile tida.


Mine milepålar:

Første minne: At eg blei lagt til sengs først av brørne mine. Det hugsar eg var driturettferdig!

Første forelsking: Åsmund! Eg hugsar når han blei saman med ei anna jente i klassen, fekk eg lov til å skippe svømmetrening av mamma fordi det var lov å ha kjærleikssorg.

Første kjendiscrush: Johnny Depp eller Harry Potter… Eg elska dei.

Første yndlingssang: Things I’ll never say av Avril Lavigne

Første favorittrett: Graut <3

Første mobil: Nokia 6102 Flip Phone

Første gong du flytta heimanfrå: Då var jeg 19 år og begynte på folkehøgskule.

Første gong du var full: Fire dagar etter eg fylte 18 år. Då drakk eg 60 % og blei så full at eg klinte med ein fyr i klassen min og snakka med meg sjølv i sofaen.

Første motetrend du omfamna: Emotrenda slukte eg opp. Stripete strømpebukse, Dr. Martens (før det var trendy så folk kalla det nazist-sko i 2008) og band-t-skjorter.

Første du samla på: Hadde sikkert hundre bamsar der alle hadde namn og alle var like mykje elska.

Første (sommar)jobb: Bringebærplukking på Fitjar

Første ferietur til utlandet: Rhodos med familien, eller kanskje Danmark?? Eg hugsar ikke kven av dei som var først… Fint var det uansett!

Første sosiale mediet eg fekk profil på: Nettby 😉

Første Facebook-status:

 

Kven vil du utfordre til å skrive i skuledagboka? Maria Stavang eller Fetisha Williams!


Les også: boy pablo (23) flytta heimanfrå som 15-åring og har aldri vore full

Kollasj med bilete av Boy Pablo som yngre. Foto: Privat.