23-åringen debuterer no som forfattar med «Derfor må du vite at jeg er same», slik at unge samar slepp vere vandrande leksikon for uvitande nordmenn.

– Det einaste eg ber om er at når eg vert gammal, så kan eg sjå at mine barn og barnebarn har ein sjanse til å kunne leve vidare i kulturen eg elskar, fortel Ella Marie Hætta Isaksen.

– Det er trist at vi på mange måtar har så låge krav. Vi vil berre få eksistere vidare. 

Sidan Ella Marie Hætta Isaksen fekk sitt store gjennombrot i Stjernekamp for tre år sidan, har ho innsett at ho har vorte ein samisk ambassadør – ei rolle ho tek på fullt alvor og med glede.

Omslag: Cappelen Damm

No debuterer 23-åringen frå Tana som forfattar med boka Derfor må du vite at jeg er same, som ho har skrive saman med Randi Helene Svendsen.

I løpet av nesten 200 sider guidar ho lesaren gjennom si eiga historie, samt den mørke historia med rasebiologi og fornorskingspolitikk.

– Eg håpar eg kan bidra til eit skifte som gjer at samisk ungdom ikkje i like stor grad må vere leksikon for andre. Vandrande google.no for uvitande nordmenn som ikkje veit noko om historia si, forklarar Isaksen på telefon til Framtida.no.

La den samiske stoltheita på hylla

Ella Marie Hætta Isaksen er vaksen opp i Tana i Finnmark, og var omgjeven med samisk på alle kantar. Heime snakka ho nordsamisk med mora og norsk med faren, ho gjekk på ein samisk skule og på kulturskulen spelte ho i teaterframsyningar på samisk.

I boka fortel ho om korleis mora løna ho med klistremerke om ho klarte skilje mellom norsk og nordsamisk når ho leika, og korleis ho sjølv var barneskulens eigen vesle språkrøktar som innstendig ba andre barn om å snakke samisk.

«Og veslevoksent foreslo jeg for lærerne at de kunne gi meg en uniform; en gul vest med ordet «språkpoliti» skrevet over brystet,» skriv ho i boka.

Først då ho flytta til Alta på vidaregåande som 16-åring møtte Isaksen eit miljø, der dei ikkje såg same verdien i samiske språk og kultur som ho sjølv.

Isaksen fekk høyre at samar hadde så mange krav, at det var slitsamt at samisken skulle synleggjerast overalt og at ho sjølv var hårsår om ho reagerte. Du vart til de samar, og ho måtte svare på tallause påstandar om eit mangfaldig folk.

Det heile var ei stor påkjenning for 16-åringen.

– Eg vart deprimert og la delar av mi samiske stoltheit på hylla, for at det skulle vere enklare å kome gjennom, fortel Isaksen.

– Sjølv om eg flaggar stoltheita mi så mykje i dag, så vart eg litt knekt av det ytre presset på den tida.

– Det er mange unge samar som ikkje torer å ytre seg i den offentlege debatten fordi dei må representere og svare for eit heilt folk, seier Isaksen, og påpeikar kor destruktivt det er. – Det påverkar både det samiske og det norske demokratiet. Foto: Sara Angelica Spilling

95 prosent av unge samar har opplevd fordommar

Isaksen er langt frå den einaste unge samen som møter hets på grunn av kven dei er.

Framtida.no har tidlegare skrive om Henrik Halvari som møtte negative kommentarar og vart joika etter då han tok på seg kofta si ein kveld i Tromsø, og om Viktoria Langmo Petersen som nektar å gje seg før samehetsen forsvinn.

Av eit utval på 210 unge norske samar mellom 16 og 31 år oppgav heile 95 prosent at dei har opplevd at folk har fordommar mot deira samiske gruppe. Det syner den nye forskingsrapporten Mihá, som tek føre seg unge samar si psykiske helse.

Nesten halvparten møtte fordommar veldig ofte eller ofte. Tre av fire har vorte diskriminert minst éin gong i løpet av livet.

Endå tala er ekstreme, så vart ikkje Ella Marie Hætta Isaksen overraska. Ho er jo sjølv ein del av statistikken. I etterkant av sigeren i Samisk Grand Prix fekk ho spørsmål om ho vann ved å kaste lasso, ho har vorte fortalt at ho har «lappauge» og vorte kalla «samefitte» på byen.

– Men det er godt at det endeleg vert forska på, at det offisielt vert skrive svart på kvitt i ein rapport og at sanninga omsider kjem fram, seier ho.

Fornorskingsarr

I Derfor må du vite at jeg er same har Isaksen òg dykka ned i si eiga familiehistorie, og medan fortelingane om korleis besteforeldra var motstandsfolk under krigen fekk bringa til å dunke i stoltheit, har andre historier vore vanskelege å høyre.

23-åringen fortel at ho har visst om fornorskingspolitikken den norske stat utøvde sidan ho var lita, men det vert noko anna å høyre korleis dei ho er glad i opplevde den på kroppen.

– Det har vore veldig vondt, både fordi eg skammar meg over at eg ikkje har spurt før, og fordi eg har måtta kjent på deira smerte, fortel Isaksen.

For første gong har ho spurt tanta Anne Marie om korleis ho hadde det på internatskule, og stukke hol i tausheita.

Bilete frå norskundervisning på internatskulen i Karasjok i 1950. Foto: Sv. A. Børretzen / Aktuell / NTB

Tanta kunne ikkje norsk før ho tok til på skulen, og no skulle ho òg ha undervisning i andre fag på eit språk ho ikkje kjende i ein streng og hierarkisk skulekvardag. Ho skildrar kor utrygt og belastande opphaldet kjendest for ein liten sjuåring, og korleis det prega ho i ettertid.

– I mange familiar vert ikkje desse historiene fortalde, for i desse traumane ligg òg ei vegring mot å fortelje. For nokre har det vore ein måte å overleve på. Men eg håpar å inspirere andre til å ta oppgjeret, seier Isaksen og held fram: 

– På eit tidspunkt må vi vidare, og då lyt vi ta med oss historia slik ho var og ikkje late som ho ikkje fantest.

Noreg som kolonimakt

I over 100 år vart samar systematisk fråtekne språk, kultur og identitet, gjennom staten sin fornorskingspolitikk.

Deira tradisjonelle religion skulle verte erstatta av kristendomen, dei samiske språka vart forbodne i skulen og den samiske kulturen vart framstilt som usivilisert og latterleg.

Men dagens generasjon unge samar snur skam til stolheit og stadig fleire vågar å vise den samiske identiteten sin i offentlegheita, syner Mihá-rapporten.

– For kvar generasjon skjer det ei utvikling, og eg trur min generasjon har vorte veldig medvitne på historia og klare over den skammen som har vorte pålagt folket vårt, seier Isaksen.

– Det er fint å kunne forevige dei historiane vi så ofte har delt over middagsbordet, fortel Isaksen. Foto: Sara Angelica Spilling

Ho fortel at historiene ho høyrer frå dei eldre generasjonane motiverer ho til å stå i stormane og løfte fram kulturen på alle måtar ho maktar, for ho er sint på vegner av dei som aldri fekk seie frå:

– Dei som kanskje har gått i grava utan å få det livet dei fortente. Det er på vegner av dei vi seier nok er nok, og det er ei enorm kraft i det og i å få kjenne på stoltheita.

Isaksen trur rasismen samar i Noreg møter kan vere vanskeleg for storsamfunnet å ta innover seg, både fordi den kan vere mindre synleg og fordi det inneber at ein lyt anerkjenne ei vond historie:

– Det samiske folket har vore koloniserte av det norske. Ein lyt ta innover seg historia om at Noreg er ei kolonimakt, og det kan sitje langt inne for nokre.

Overlevingsmodus

Ella Marie Hætta Isaksen fortel at ho har via livet sitt til å kjempe for den samiske kulturen, men at det ikkje har vore eit val så mykje som ei nødvendigheit.

Dei samiske språka som framleis eksisterer i Noreg er alle utrydningstruga, arealinngrep fører til at det vert vanskelegare å livnære seg av dei tradisjonelle samiske næringane og kvardagsjoiken stilnar.

– Det er som å vere i overlevingsmodus. Vi gjer det vi kan for at det vi har nært og kjært skal fortsette å eksistere. Det er unaturleg å skulle legge seg ned og gje opp, fortel Isaksen.

Tidlegare i år gav ISÁK, bandet Ella Marie Hætta Isaksen er ein del av, ut andreplata si Roasut. Her  frå ein konsert under Riddu Riđđu i 2019. 23-åringen har òg hovudrolla i den komande storfilmen «La Elva Leve» om kampen mot utbygginga av Alta-vassdraget på 70-talet og for samiske rettar. Foto: Riddu Riddu/frå Samuelsberg, Norge/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 2.0

For hennar eigen del har stoltheita over kven ho er og kvar ho kjem frå vorte fostra opp frå ho var lita, og hjelpt på veg av gode føredøme. Om andre unge samar ser til ho for inspirasjon, håpar ho dei ser eit uredd førebilete og tek med seg mot og styrke.

– For at det samiske folket skal leve vidare og ha ei verdig framtid, så krev det mot. Vi kan ikkje berre skyte mot majoritetsbefolkninga, men vi må tore å rette blikket innover og ta dei interne kampane.


Masa Paunov og Kimiya Sajjadi. Foto: Big Enough Global
ANNONSE