Då eg var 20: Kjell Ingolf Ropstad flytta til Oslo og budde i kollektiv med kompisane
Politikken tok mykje tid, men han fekk til eit par FIFA-kampar innimellom.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg var 20 år i 2005. Det var ei veldig aktiv og spennande tid.
36 år gamle Ropstad mimrar tilbake til då han akkurat var ferdig i militæret, og flytta til hovudstaden.
– Eg tenkte på alt det spennende med ny by, og ny fase i livet. Det var så gøy med alt som kunne skje!
Den unge mannen som 14 år seinare skulle bli partileiar i Kristeleg folkeparti og barne- og familieminister i Noreg, starta på juss-studiet som 20-åring og ville bli advokat. Det gjekk ikkje heilt etter planen.
– Men eg trivst veldig godt med politikken, skriv han på ein e-post til Framtida.no.
Blei vara til Stortinget
Og politikken var ein stor del av 20 år gamle Ropstad. Han fortel at han oppheldt seg mykje på KrFU-kontoret, og ikkje så mykje på lesesalen. Frå 2005 til 2010 var han nestleiar for ungdomspartiet, og var også 2.kandidat i stortingsvalet for Krf i Aust-Agder.
Etter 2005-valet blei han fyrste vara til Stortinget for heimfylket sitt.

Frå 2005 til 2010 var Ropstad nestleiar for ungdomspartiet, og var også 2.kandidat i stortingsvalet for Krf i Aust-Agder. Dette biletet er frå 2007, med Ropstad til høgre. Foto: Privat
– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?
– Det skjedde mykje då eg var 20! Dei sterkaste minna er frå då eg dimma frå militæret, og fyrste gong eg gjekk inn på Universitetsplassen som ny student. I tillegg har eg fleire minne frå valkampen og valnatta det året, fortel han.

Barne-og familieministeren flytta til Oslo som 20-åring. Han hugser korleis det var å gå på Universitetsplassen for fyrste gong. Biletet her er frå nedstenginga i 2020. Koronaviruset sat sitt preg på Norge. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Budde i kollektiv med kompisane og spelte FIFA
Men det var ikkje berre politikk som var i hovudet på den framtidige KrF-leiaren. På spørsmålet om kven som var den viktigaste personen i livet hans, får vi følgjande svar:

Vennane tyda mykje for 20 år gamle Ropstad. Her frå ein hyttetur i 2007. Foto: Privat
– Det var veldig spennande å flytte til Oslo, mykje var nytt og ukjend. I den perioden var kameratane mine frå vidaregåande veldig viktige for meg.
Han fortel at han også bodde i lag med kompisane, og det gjekk med ein del tid til å spele fotball og FIFA. Det kjem også fram i spørsmålet om kva han helst las, såg eller lytta til då han var 20 år.
– Eg såg mykje på fotball!
– Nyt tida og fridomen!
Statsråden hugsar 20-årsdagen sin, men fortel at det eigentleg var ein helt vanleg bursdag.
Om Ropstad i dag hadde møtt seg sjølv som 20-åring, ville han tenkt at han der jobbar litt for mykje, driv på med veldig mykje seriøst, og bruker for lite tid på fotball.
– Kva råd ville du gitt deg sjølv?
– Bruk litt meir tid på fotball, og nyt tida og fridomen!
- Les også om då statsminister Erna Solberg var 20 år: – Eg hugsar eg var vitelysten, diskusjonsglad og skulle forandre Noreg til ein friare betre stad og redde verda