Janne Nerheim
Publisert
Oppdatert 22.11.2019 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

19 år og deprimert. Så fekk ho rolla som Sonja

God dag, dette er frå Norsk Film. Me vil gjerne at du kjem for å prøvefilme til rolla som Sonja i «Reisen til julestjernen».

– Kva tid?

I morgon.

Hanne satt på kontoret der ho jobba ved sida av studiane då telefonen ringte. Ho var nett ferdig på Hartvig Nissens skole, og hadde allereie gjort meir på scena enn dei fleste gjer i eit heilt liv. No hadde ho teke ein pause frå det aller meste.

– Klassen på Nissen vart familien min. Slik du ser det var på Skam, som vart spela inn der, slik var det også for meg. Det var jo så forferdeleg langt heim til Haugesund på den tida, seier ho, medan ho dreg fingrane gjennom det lyse, lange håret.

Som 9-åring vart ho oppdaga, då ho var 12 år reiste ho på turné med eit lokalt band frå Haugesund, og eit rockeband frå Sverige. Og då ho var 14 år fekk ho platekontrakt av platekongen Arne Bendiksen, og som 15-åring vann ho Melodi Grand Prix (MGP) med «Lykken er».

Var deprimert

Trass all suksessen, visste ikkje Hanne heilt verken kva lukka var eller kva ho ville med livet sitt. Ho visste at ho elska å synge. Og at ho elska scena. Men å vinne MGP som 15-åring, var hundre gonger Idol i dag. Det var jo berre MGP den gongen, så det var ikkje berre, berre. Difor tok ho nokre fag på universitetet, samstundes som ho arbeidde på dette kalde kontoret.

– Eg hadde ikkje søkt Statens Teaterhøgskule, og det var jo merkeleg i grunn. Det var nemleg fire som kom inn det året, og to av dei var mine beste venninner. Men eg hadde fått avsmak. Det er nok heller regelen, enn unntaket når ein startar så tidleg. At ein ender opp med depresjon, fortel ho.

Hanne Krogh. Foto: Anne Brit Solland

Sov på solseng

Hanne flytta frå Haugesund då ho var 16 år, og budde på hyblar, med krevjande hybelvertinner. Dette året, hausten då ho var 19 år, flytta ho inn i ein eittroms på Majorstua.

– Eg hadde tak, veggar og ei leselampe. Men eg sov på ei solseng, og hadde pappesker til bord, seier ho.

Ho var usikker på livet, og sette spørsmålsteikn ved det meste denne mørke Oslo-hausten.

Redda av julestjerna

Midt i denne stressande perioden i livet kjem telefonen frå Norsk Film. Rett før jul.

– Mitt liv var så kaotisk, at eg kjente det var som at julestjerna kom ned frå himmelen og redda meg, seier Hanne.

Dagen etter tok ho trikken til Jar. Det var det Norsk Film hadde studio.

– Eg hadde jo berre høyrt om det. Norsk film på Jar. Det var større enn NRK og alt, ler Hanne.

Denne desemberdagen var skyfri, du veit – ein slik dag du berre får i Oslo. Knall blå himmel og iskald luft. Frostrøyk ut munnen, og med lyden av at du trør på frosne sølepyttar i øyrene.

– Portane inn til studioet var så store. Eg skøyv dei opp, og gjekk rett inn i eventyret. Det var i grunn den beste dagen ved alt med «Reisen til julestjernen». Alle draumar er størst mens du drøymer. Det er forventninga som er det beste. Det er difor eg er heilt i mot surprise party.

Snille Sonja

Dei første fjorten dagane var ho euforisk.

– Eg var så lukkeleg. Men etter eit par veker med filming byrja eg å undre på om Sonja var så stilig. Ho var jo berre snill. Så, var dette eigentleg ei kul rolle å spele?

Hanne ser annleis på det no.

– I dag, som vaksen, ser eg at Sonja er ein fabelaktig rollemodell for kvinner. Når alle seier at det ikkje er mogeleg, så svarar Sonja at; «joda, det er berre eg som må gjera det». Ho trassar uvêr og vonde grevar, og finn stjerna.

Sonja har både kraft, mot og er snarrådig.

– Men først og fremst er det godheit, som er ein underkjent eigenskap i vår tid, seier Hanne.

Hanne Krogh i rolla som Sonja i den klassiske julefilmen «Reisen til julestjernen». Foto: Norsk Film

Ho synest rolla var vanskeleg å få truverdig.

– Det er lett å tru at det som ser enkelt ut er lett. Regissøren sa at han ikkje trudde heilt på karakteren eg skulle spele, at nokon kunne vera så snill. Så, eg måtte skrelle alt av utrykket, og hente det i meg sjølv. Eg kunne ikkje pynte på rolla med store bevegelsar og utrykk. Eg måtte forenkle og ta alt heilt ned, fortel Hanne.

Rolf Just Nilsen var ein av dei mest populære komikarane på 1960- og 1970-talet. Han spelte gjøglaren Harlekin i «Reisen til julestjernen». Foto: Norsk Film

Å få jobbe med alle dei fremste skodespelerane i Noreg, er noko ho veit å verdsette den dag i dag.

– Å få arbeide med Rolf Just Nilsen, som spela gjøglaren Harlekin, var nok det aller største. Du veit – i alle klovnar sin humor er det alltid ei stor sorg. Han var ein så veldig, veldig stor kunstnar – og eit fascinerande menneske, seier ho.

Ikkje gi deg jente

Etter at Hanne avluttar filminnspelinga held reisa hennar fram med produksjonsutdanning i NRK. Etter kvart jobba ho som script og produksjonsleiar, og ho var å finne i gangane i NRK på Marienlyst fram til 1984.

Heile vegen hadde ho god støtte rundt seg, og spesielt ei farmor som viste veg. Det er denne dama Hanne syng om i songen «Ikke gi deg jente», som ho skreiv teksten til.

– Bestemamma budde på Lambertseter, og eg vitja ho ofte då eg var heime i Oslo. Alt eg har av talent, det har eg frå ho. Det viktigast eg lærte var at det ikkje nyttar å berre drøyme, du må faktisk gjere det du drøymer om, ler Hanne.

I eit intervju fekk ho ein gong spørsmål om kvifor ho og Jan Thomas kunne vera så gode vener.

–  Eg svara at det er fordi me begge er slike som gjer noko med draumane våre, seier Hanne.

Den rocka farmora skilde seg ut frå forventningane ein hadde til bestemødrer på den tida.

– Ho kledde seg annleis, hadde langt hår, lange smykker, og var ein kunstnar på alle område, fortel Hanne.

HANNE KROGH FORTEL: Historia om tivolipremien

«No døyr bestemamma»

– Bestemamma hadde sagt: «Eg skal i Hannes bryllup før eg døyr» og i bryllaupet kom ho. Eg hugsar ungdommane sat i ring rundt ho på golvet på festen, medan ho fortalte ville, spanande historiar i sin sjølvsydde bunad.

Fjorten dagar etter bryllupet reiste Hanne til Mexico på jobb for NRK.

– Plutseleg sa eg «No døyr bestemamma» til lydteknikkaren. Ho var frisk då er reiste, så det var jo ingen grunn til at eg skulle seie det, men så kom telefonen om at ho var død.

Farmora var fast bestemt på at alle hadde ansvar for å trakke opp sine eigne løyper.

– Eg hadde aldri vore meg utan ho, eller hatt jobben eg har. Det var viktig å ta med seg som 20-åring, at ein faktisk må lage sin eigen veg.

LES OGSÅ: Tre nøtter til Askepott er pussa opp

HANNE KROGH SUNDBØ

  • Fødd 24. januar 1956 i Oslo, oppvaksen i Haugesund.
  • Songar, tekstforfattar og skodespelar. 
  • Vann Melodi Grand Prix  1984 med låta «La det swinge». Også kjend frå sin årlege juleturnè og som vinnar av TV2-programmet «Det store korslaget» (2009).