Sytten ting Greta Thunberg oppnådde før ho fylte 17 år

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 08.01.2021 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 3. januar fyller svenske Greta Thunberg 17 år, og allereie før ho er myndig har ho oppnådd meir enn det mange andre klarar i løpet av eit heilt liv.

Framtida.no har plukka ut nokre av dei store milepålane så langt:

1: Skulestreik-revolusjonen

Då Greta Thunberg først sette seg ned framfor den svenske Riksdagen 20. august 2018 var det nok ingen som kunne fantasert om kor stor påverknad ho skulle få på verda.

Det som starta som ei då 15 år gamal jente sin personlege protest for å krevje klimahandling i det svenske valet, vart ei verdsomspennande rørsle.

Berre i Noreg har det vore tre nasjonale skulestreikar og tallause mindre initiativ som til saman har samla titals tusen elevar i gatene.

Det har vore streik for klimaet i 228 land, nesten 7000 byar, og 13 millionar menneske har delteke, ifølgje Fridays for future.

Sjølv har Greta utvida streiken og teke eit friår for å prioritere saka over alle saker.

Og om du lurer på korleis Greta feirer 17-årsdagen kjem svaret her:

Til venstre: Italia. Foto: Tommi Boom. Til høgre: Margarita Naumenko (15) i Moskva. Der er lovene så strenge at ein må stå minst 50 meter frå kvarandre i “enkeltpersons-demonstrasjonar”. Foto: Privat

2: Endrar haldningar verda over

Trur du skulestreikane ikkje har noko å seie? At dersom tiltaka uteblir i første omgang, så oppnår dei ingenting? Då lyt du tru omatt.

Ei undersøking gjort av Norstat for Norad viser at den yngre garde sitt engasjement for klimasaka har ein effekt: Folk i heile landet har vorte meir medvitne om klimaendringane.

Heile éin av fire nordmenn seier dei vert påverka av klimastreikane.

– Vi ser ei veksande generasjonskonflikt der dei unge er meir opptekne av klima- og miljøspørsmål, sa UiT-forskar Berit Kristoffersen til Norad.

Rop og krav frå barn og unge under skulestreiken for klima fredag 30.august. Foto: Ingvild Eide Leirfall

3: Ho saksøker verdas mektigaste land

Saman med 14 andre ungdommar frå 12 ulike nasjonar har Greta Thunberg klaga inn Tyskland, Frankrike, Brasil, Argentina og Tyrkia for brot på FNs barnekonvensjon. Det er nokre av landa som står bak historia sine største klimagassutslepp.

Collage med bilete frå Children VS Climate change

Kampanjen #ChildrenVsClimateCrisis argumenterer for at landa si manglande vilje til å takle klimakrisa er eit brot på forpliktningane dei har til dagens born og komande generasjonar.

– Det har gått 30 år sidan dei signerte Barnekonvensjonen og verdsleiarane har ikkje halde det dei lova. Dei lova å beskytta rettane våre, men det har dei ikkje gjort, sa Greta Thunberg.

4: Diagnosen hennar er ei superkraft

Greta Thunberg har vore open om at ho har Aspergers syndrom, og har måtte tole sin del personangrep som følge av diagnosen.

Sjølv er ho klinkande klår på at sjølv om diagnosen kan gjere at ho tidvis viker frå norma, så er den er ei superkraft!

Se dette innlegget på Instagram

When haters go after your looks and differences, it means they have nowhere left to go. And then you know you’re winning! I have Asperger’s syndrome and that means I’m sometimes a bit different from the norm. And – given the right circumstances – being different is a superpower. I’m not public about my diagnosis to “hide” behind it, but because I know many ignorant people still see it as an “illness”, or something negative. And believe me, my diagnosis has limited me before. Before I started school striking I had no energy, no friends and I didn’t speak to anyone. I just sat alone at home, with an eating disorder. All of that is gone now, since I have found a meaning, in a world that sometimes seems meaningless to so many people. #aspiepower #neurodiverse #npf

Et innlegg delt av Greta Thunberg (@gretathunberg)

5: Får Fritt Ords Pris og donerer vekk premiepengane

I april vart det annonsert at Greta Thunberg og Natur og Ungdom fekk Fritt Ords Pris 2019.

Prisen fekk dei for sine bidrag til å løfta det styreleiar i stiftinga Fritt Ord, Grete Brochmann, kalla «vår tids viktigaste debatt» og ved å insistere på handling og tiltak i møte med klimakrisa.

– Dette gjer dei på både saklege og engasjerande måtar: Natur og Ungdom ved å mobilisere over lang tid i enkeltsaker, sist ved skulestreikane – Greta Thunberg ved å skapa seg eit ytringsrom som enkeltmenneske og på kort tid få globalt gjennomslag, sa Brochmann.

Premiepengane på 500.000 kroner vart delte mellom dei to prisvinnarane, men Greta Thunberg donerte sin halvdel til klimasøksmålet Natur og Ungdom og Greenpeace hadde reist mot den norske staten for å stanse oljeboringa i Barentshavet.

6: Ho vart ein meme

Det er vel ingen løyndom at Donald Trump og Greta Thunberg ikkje er verdas beste venner, men klippet av klimaaktivisten som skuler på den forbigåande amerikanske presidenten tok verda med storm.

Trump GIF - Find & Share on GIPHY

Til samanlikning såg det slik ut då ho møtte forgjengaren til Trump, tidlegare president Barack Obama:

Barack Obama Fist Bump GIF - Find & Share on GIPHY

Det var likevel ikkje einaste gongen dei to erkefiendane sine vegar kryssast. I kjølvatnet av at Greta Thunberg vart kåra til «Årets person» måtte Donald Trump ty til Twitter:

Donald Trump om Greta på Twitter. Skjermdump

Og Greta svara med same mynt:

Greta Thunberg svarar Donald Trump. Skjermdump.

7: Amnesty deler ut si fremste utmerking

I september mottok Greta Thunberg, saman med rørsla Fridays for Future, Amnesty International si fremste utmerking – samvitsprisen.

Prisen har vorte delt ut sidan 2002, og går til ein person som har vist eit unikt leiarskap og mot i kampen for menneskerettar.

Den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg (16) tek imot Amnesty International si høgste utmerking frå generalsekretær Kumi Naidoo. Foto: Amnesty International

Tidlegare vinnarar er folk som Nelson Mandela, Malala Yousafzai og Colin Kaepernick. No også den svenske klimaaktivisten, som då var berre 16 år.

– Ingen er for små til å gjera ein forskjell, sa Thunberg i talen sin, då ho mottok prisen.

8: Segla over Atlanteren – to gonger!

Før FNs klimatoppmøte i New York og det planlagde klimatoppmøtet COP25 i Santiago, Chile, segla Greta Thunberg og faren Svante over Atlanteren. Dei fekk haik med seglbåten Malizia II.

Pierre Casiraghi, som er barnebarnet til prins Rainier III av Monaco og Grace Kelly, var ein del av mannskapet som fekk Greta trygt over dammen.

På den andre sida fekk ho gjort mykje, men då klimatoppmøtet vart flytta frå Santiago, Chile, til Madrid i Spania fekk ho plutseleg hast med å kome seg heim.

Etter eit par nye veker til sjøs returnerte ho til Lisboa 3. desember, før ho tok toget vidare til Madrid.

I ein alder av 17 år kan Greta Thunberg med rette tatovera på seg eit anker, som tradisjonelt betyr at ein har kryssa Atlanteren til sjøs. (Fly tells ikkje.)

9: På fjernsynsturné i USA

Då Greta Thunberg først var framkomen til USA kasta ho ikkje vekk tida. Ho tok fatt på ein aldri så liten fjernsynsturné, dukka opp på skulestreikar og spreia klimaengasjementet sitt til krokar og krikar i statane.

I det satiriske nyheitsprogrammet The Daily Show with Trevor Noah oppmoda ho amerikanarane til å «opplyse seg sjølve»:

– Det vi må gjere som individ er å bruke demokratikreftene for å gjere stemmene våre høyrde slik at makthavarane ikkje lenger kan halde fram med å ignorere dette, sa Thunberg.

10: Årets Halloween-kostyme

Greta Thunberg har humor og sjølv om ho vanlegvis ikkje feirar Halloween kasta aktivisten seg på i år.

For, som ho seier, det viser seg at ho ikkje eingong treng kostyme for å skremma klimafornektarane:

Minst ein person vart observert med Greta Thunberg-kostyme på Halloween og denne amerikanske bloggaren viser deg korleis du får Greta Thunberg-looken – enkelt og berekraftig!

11: Får ei bille oppkalla etter seg

På midten av 60-talet var briten William Brock på feltarbeid i Kenya. Der oppdaga han ei lita bille frå familien Ptiliidae. Ho var gullaktig i fargen og utan auger eller vinger.

I 50 år var den vesle billa namnlaus, men i oktober vart den kalla opp etter svenske Greta Thunberg. Den fekk namnet Nelloptodes gretae.

Nelloptodes gretae. Foto: Naturhistorisk museum i London.

12: Gjev ut bøker

Heile familien Ernman-Thunberg har saman skrive boka Scener ur hjärtat, som handlar om familiens kamp med diagnosane og vegen som førte til at eldstedottera vart ein verdskjent klimaaktivist. I norsk omsetjing heiter boka Huset brenner – om en familie og et klima i krise.

Samstundes har Greta Thunberg sine mange talar vorte gjevne ut i bokformat i Streik for klimaet.

13: Dokumentar-fest

Historia om tenåringsjenta som starta ei global rørsle og ikkje lot seg pille på nasa av nokre av verdas mektigaste leiarar er så fengjande at sjølvsagt kjem det også ein dokumentar om det.

Dokumentarskaparen Nathan Grossman har følgt Thunberg sidan august 2018, og dokumentaren er venta på svensk TV i år.

Amerikanske VICE har også følgt etter den svenske klimaaktivisten med eit kamera på skuldra, og resultatet vart til dokumentaren Make The World Greta Again:

14: Ei av verdas 100 mest inspirerande kvinner

I ein alder av 16 år vart Greta Thunberg kåra til ei av dei 100 mest inspirerande og innverknadsrike kvinnene i verda.

Det er britiske BBC som står bak kåringa, og dei rosa Thunberg både for å gjere sin personlege streik om til ei verdsomspennande rørsle for klimahandling, og for å vere så open om Asperberger-diagnosen.

I oktober vart Greta Thunberg også heidra av det amerikanske magasinet Glamour, som utpeika ho som ei av årets kvinner og døypt «Den revolusjonære».

15: Møtte (og imponerte!) Leonardo DiCaprio

No er Greta Thunberg vel ung til å ha fått med seg Titanic-hysteriet (filmen, sjølvsagt) då det var på sitt mest intense, men det å verte hylla av Leonardo DiCaprio er likevel noko dei fleste kan setje pris på.

Det er også ei ære få forunt å verte peika ut som «ein av vår tids leiarar» av skodespelaren. Men det kan Greta Thunberg skryte av.

Se dette innlegget på Instagram

There are few times in human history where voices are amplified at such pivotal moments and in such transformational ways – but @GretaThunberg has become a leader of our time. History will judge us for what we do today to help guarantee that future generations can enjoy the same livable planet that we have so clearly taken for granted. I hope that Greta’s message is a wake-up call to world leaders everywhere that the time for inaction is over. It is because of Greta, and young activists everywhere that I am optimistic about what the future holds. It was an honor to spend time with Greta. She and I have made a commitment to support one another, in hopes of securing a brighter future for our planet. #FridaysforFuture #ClimateStrike @fridaysforfuture

Et innlegg delt av Leonardo DiCaprio (@leonardodicaprio)

Men Leonardo DiCaprio er ikkje den einaste kjendisen som har hylla Greta Thunberg.

Både den amerikanske kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez og Game of Thrones-skodespelar Bella Ramsey er rause med lovorda når dei omtalar klimaaktivisten.

16: Årets person

I desember vart Greta Thunberg den yngste personen noko sinne som er utpeika til den prestisjetunge tittelen «Årets person» av amerikanske TIME Magazine.

Svenske Greta Thunberg (16) er kåra til årets person av Time magazine. Skjermdump/faksimile

I artikkelen rosar TIME den svenske klimaaktivismen for å vere ei vanleg tenåringsjente som vart eit ikon fordi ho våga å snakka makta midt imot.

– Ho symboliserer smerta, frustrasjonen, desperasjonen og sinnet – og på eitt nivå: håpet – til mange unge som ikkje ein gong er gamle nok til å stemma innan framtida deira er fordømt, sa Varshini Prakash til Time Magazine.

I førekant av utnemninga signerte over 47 000 eit opprop om å sikre Thunberg tittelen!

17: Foreviga som dorullnisse

Det finst mange titlar og heidersutmerkingar ein kan skrive heim om, men den største av dei alle må vel vere å verte foreviga som dorullnisse?

Sebastian Aasen Solli (38) har i ni år laga dorullnissar til julekalenderen på bloggen sin. Då løftar han fram norske kjendisar og internasjonale ikon, anten det er frå Eurovision eller litteraturverda.

I år fekk han sjølvsagt plass til söta bror si største dotter: Greta Thunberg.