Redaksjonell rapport for 2020

Framtida
Publisert
Oppdatert 09.02.2021 20:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den samla tidsbruken kvar gong lesarane våre var innom på Framtida.no auka med nesten 24 prosent i 2020.

Totalt i 2020 har over 877.000 brukarar vore innom Framtida.no. Det er det nest høgaste brukartalet nokon gong.

I snitt var over 20.400 brukarar innom Framtida.no kvar veke i 2020. Kvar månad har 65-115.000 brukarar vore innom nettstaden.

Trafikken frå læringsplattformar som It´s learning, Fronter og Google Classroom held fram med å auka. Det viser at Framtida.no blir mykje brukt i skulen.

LES OGSÅ: Dette er dei mest lesne sakene til Framtida.no i 2020

Satsar på kvalitetsjournalistikk

I løpet av 2020 har Framtida.no publisert rett under 1600 artiklar, om lag like mange som året før. Det har vore ei medviten satsing dei siste åra å laga meir kvalitetsjournalistikk som krev meir arbeid. Redaksjonen har brukt meir tid på fleire lengre journalistiske prosjekt, og meir tid på laga fleire lengre artiklar, intervju og reportasjar.

Mellom annan har redaksjonen jobba med forklarande saker i serien «I klårtekst», og me har starta på artikkelserien «Nesten vaksen» – om det ein bør vita når ein er på veg inn i vaksenlivet. Me har òg jobba med eit demokratiprosjekt og eit miljøprosjekt som er nærmare omtalt under.

Sidan september 2010 har Framtida.no og Magasinett publisert nær 20400 artiklar.

Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 237 gongar i 2020.

Framtida.no har òg hatt rekordmange saker på SOL.no, og dei fleste riksavisene har sitert fleire saker frå oss.

Prisar og nøgde brukarar

I februar blei Framtida.no-saka «7 av 10 lokalparti har ikkje krav til mål om klimakutt» av redaktør Svein Olav B. Langåker ein av finalistane i kåringa av Journalistprisen til Haugesund Journalistlag.

I november fekk Framtida.no-redaksjonen Målprisen til Stord kommune, og redaktør Svein Olav B. Langåker fekk diplom frå Kringkastingsringen for framifrå bruk av nynorsk i arbeidet.

Brukarundersøkinga vår viser at brukarane er svært nøgde. 34 prosent av dei som svara, gav oss terningkast 6 – og 29 prosent gav oss terningkast 5.

Ekstra satsing på Instagram

Frå hausten 2019 har me satsa meir målretta på Instagram og Instagram stories. Det har ført til nær ei dobling av følgjarar i løpet av 2020.

På Instagram er det no 3005 som følgjer oss, ein auke på 1484 i løpet av 2020. Ved årsskiftet følgde 6766 oss på Facebook – ein oppgang på 292 i løpet av året. På Twitter har me 2965 følgjarar, ein auke på 15.

Joanna Piszizatowska (18) er den einaste i klassen som har brukt sosiale medium til å skriva om politikk i år. Ein ny studie fortel kvifor så få unge skriv om politikk i sosiale medium.

Joanna Piszizatowska og Steffen Tvedt Brekke går i politikk og menneskerettar-klassen på Vardafjell videregående i Haugesund, og blei intervjua om kvifor ikkje fleire unge diskuterer politikk i sosiale medium. Foto: Svein Olav B. Langåker

Demokratiprosjekt

Me vil med dette takka Fritt Ord for støtta me har fått til prosjektet «Slutten på demokratiet?». Gjennom dette prosjektet har me undersøkt korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Målet for prosjektet har vore å laga undersøkande journalistikk som set demokratiet på dagsorden, og laga undersøkande journalistikk om radikale idear i vår tid.

Me har intervjua ungdomspolitikarar frå AUF til Unge Pirater, og ei rekkje andre unge kjelder frå ungdomsorganisasjonar og ungdommar utan tilknyting til politikk eller verv. Og me har intervjua stortingspresidenten og klimaministeren.

Me har undersøkt fleire forsøk på å utvida demokratiet – frå deltakande budsjettering i Noreg til forsøk med borgarforsamlingar og deliberativt demokrati i Frankrike.

Me har laga ein serie med artiklar om korleis ny teknologi kan utfordra og utvikla demokratiet vidare. Mellom anna har me skrive om overvakingskapitalismen og korleis sosiale media påverkar demokratiet.

Frå debatt om skulepolitikk i Haugesund folkebibliotek i oktober.

Debattprosjekt, journalistkurs, bokbad og arrangement

Til liks med fleire andre medium er arrangement eit bein å stå på for Framtida.no. Koronapandemien har lagt ein dempar på satsinga i 2020. I samband med 10-årsjubileumet hadde me planar om fleire arrangement, men slik blei det ikkje.

Likevel har me fått høve til å har vore med på å arrangera fleire arrangement både før og under pandemitida og debattkurs for skuleklassar i fleire kommunar. Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera, og me planlegg fleire debattkurs og debattar i året som kjem.

Framtida.no har mellom anna:

  • samarbeidd med Høgskulen på Vestlandet om Samtidsdagane på Stord, og leia debatt og samtalar
  • vore medarrangør av Berekraftvekene med fleire arrangement på Stord i januar og februar
  • samarbeidd om Pecha Kucha-arrangement på Stord
  • kursa ungdommar i Haugesund og Stord i bokbad og debatt, og arrangert ungdomsdebatt i Haugesund folkebibliotek
  • leia klimasamtale på Haugesund folkebibliotek med WWF-leiar Karoline Andaur
  • leia debatt på musikkbransjefestivalen 100 dagar
  • kurs i miljøjournalistikk for 13 skuleklassar saman med Framtida Junior, støtta av Vestland fylkeskommune og Bergesenstiftelsen. Fleire kurs held fram i 2021
  • samarbeidd med Falturiltu om å arrangera Falturiltuseminaret
  • ansvaret for programarbeidet til landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar på Stord i 2021

Miljøagentane på Stord deltok på PechaKucha på Atheno på Stord under Berekraftvekene 2020.

Redaksjonen flytta

I 2020 har Framtida.no hatt ein redaksjon på fire og eit halvt årsverk. Andrea Rygg Nøttveit, Svein Olav B. Langåker og Bente Kjøllesdal har jobba gjennom heile året, og det same har Ingvild Eide Leirfall for Framtida.no og Magasinett.

I januar og februar jobba praksisjournalist frå Nynorsk Avissenter Peder Skjelten og frå oktober til desember jobba praksisjournalist Andreas Brattåker Støyva frå journalistutdanninga ved OsloMet i Framtida.no.

Eirik Tangeraas Lygre, Helene Hovden Hareide og Rahman Chaudhry har vore sommarvikarar. Fleire har frilansa frå fleire stader i Noreg elles i året. Me har òg vore på fleire reportasjeturar, noko som har hjelpt oss med å få journalistikk frå fleire stader i landet.

Janne Nerheim har gjennom heile året jobba med Framtidajunior.no. Christian Wiik Gjerde slutta som journalist i juli, og Helene Hovden Hareide jobba deltid frå august og ut oktober for Framtida Junior. Då tok Marte Husabø over i full stilling.

Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord. I sommar flytta Oslo-redaksjonen til nye lokale i Møllergata, etter at ABC Startsiden flytta inn hos Hegnar Media. På grunn av koronasituasjonen har det vore mest heimekontor.

Skrivekonkurransar og debattsatsing

Med Magasinett har Framtida.no samarbeidd om tre skrivekonkurransar i løpet av 2020. Ein skrivekonkurranse om identitet som me kalla «Kor kjem du frå?», ein om miljøutfordringar saman med Bibliotekutvikling i Vestland og ein skrivekonkurranse om håp for framtida, der me samarbeidde med Falturiltu. I desse kom det inn godt over 700 bidrag – noko som er ny rekord.

Framtida.no har publisert 182 debattinnlegg i år. Det er tangering av rekordåret 2019.

7. trinn ved Moster skule leverte inn 38 tekstar til skrivekonkurransen til Framtida Junior. Oskar Sætre og Andrea Hallaråker held fram diploma for 2. og 3. plass. Jessica R. Towers, Helena Johnson og Daniel Gjerde fekk heider frå juryen. Vinnaren Marta Vedøy var ikkje til stades under utdelinga.

Framtidajunior.no

I 2020 har over 120.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no – ein oppgang på 36 prosent frå 2019. Totalt sidan oppstarten 17. oktober 2017 har over 280.000 brukarar vore innom nettsidene våre.

Framtidajunior.no blir mykje brukt i skulen, men me er òg glade for at trafikken aukar i helgane. Det kan tyda på å Framtidajunior.no også blir brukt meir i fritida.

Bruken dobla seg då skulane stengde dørene og skulen blei heildigital, og brukartalet har halde seg høgt heile tida etter.

Framtidajunior.no har gjennomført fire skrivekonkurransar i 2020. Totalt har det kome inn kring 1000 tekstar frå barn over heile landet. Det er ny rekord. Dei beste tekstane er publisert på meiningar-sidene til Framtidajunior.no.

I 2020 har me publisert kring 800 artiklar på Framtidajunior.no og 34 kvissar. Sidan starten 17. oktober 2017 er det publisert 2750 artiklar og 142 kvissar.

Dåverande 6. trinnet ved Leirvik skule fekk journalistkurs vinteren 2020.

Framtida Junior – papiravis

I samarbeid med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis, Sunnhordland og ABC Startsiden driv me papiravisa Framtida Junior. Avisa kjem kvar 14. dag til abonnentar over heile landet. Målet er at inntektene frå abonnementssal vil gi eit bidrag til meir journalistikk på nynorsk for barn gjennom Framtida Junior. Avisene har allereie bidratt mykje inn i samarbeidet, med både marknadsføring og litt under halvparten av innhaldet til papiravisa.

Talet på abonnentar er stabilt, men likevel eit godt stykke frå å finansiera eit fullt journalistisk årsverk. Så langt går mesteparten av inntektene til trykking, distribusjon og grafisk arbeid.

I 2021 vil me opna for å samarbeida med fleire aviser om å gi ut Framtida Junior på papir og me vil forsterka abonnementsarbeidet.

Kjenner du nokon som burde få avisa? Her går det an å bestilla abonnement!

Nanna Nielsen (t.v.) og Johanna Bjørge Nerheim fekk vere juniorjournalistar for ein dag, og intervjua klima- og miljøminster Sveinung Rotevatn. I 2020 har Framtida Junior fått fleire juniorjournalistar. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Miljøprosjekt

Me vil særleg takka Vestland fylkeskommune og Bergesenstiftelsen for støtta til eit miljøprosjekt i regi av Framtida Junior.

Som ein del av dette prosjektet har redaksjonen laga til ein artikkelserie om miljø for Framtida Junior og Framtida.no, og i den nasjonale avisveka sende me ut 12.000 utgåver av Framtida Junior til sjetteklassingar over heile landet, i samarbeid med Mediekompasset.

Me har laga til kurs i miljøjournalistikk for 13 skuleklassar saman med Framtida Junior. Fleire kurs held fram i 2021.

Gode samarbeidspartnarar

I 2020 har Framtida.no fått nokre nye samarbeidspartnarar. Me har halde fram samarbeidet om seminar for lærarar og bibliotekar på Høgskulen på Vestlandet på Stord under den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu. Og me har samarbeidd med Høgskulen på Vestlandet om Samtidsdagane på Stord.

LES MEIR: Slik får du siste boknytt til heimesidene dine!

Framtida.no har framleis samarbeidsavtalar med lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Møre, Porten.no, Ryfylke, Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Vestavind, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Kvinnheringen, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og Dusken.no. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenker til nettavisene deira. Bruken av stoff frå samarbeidsavisene har gått ned gjennom dei siste åra i tråd med betalingsmur/plussabonnement på sakene deira.

Fleire aviser har valt å leggja ut ein nyhendeboks med Framtida-saker på sidene sine, slik at lesarane deira kan få dei siste sakene frå Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Framtida.no har ansvar for å drifta Magasinett – nettidsskriftet for ungdomsskuleelevar og elevar på vidaregåande og Pirion

Redaktør i Framtida.no Svein Olav B. Langåker er styremedlem i Nynorsk Avissenter og varamedlem i styret til Nynorsk Pressekontor.

LES MEIR: «Dataspel – Ikkje så dumt som ein skulle tru»

Økonomi

Ingen andre nynorsktiltak når så mange brukarar for så lite pengar som Framtida.no. Me er svært glade for at støtta frå Kulturdepartementet på 1,2 millionar kroner til Framtida.no og Framtidajunior.no held fram. I ein merknad frå kulturkomiteen i desember 2018 heiter det:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti mener de to barne- og ungdomssatsingene til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er to svært vellykkede og viktige tiltak. Både framtida.no og framtidajunior.no leverer journalistikk som barn og ungdom ikke får tilgang til på nynorsk ellers. Flertallet oppfordrer regjeringen til å se på hvordan man kan sikre at disse satsingene kan videreføres.»

Me er svært glade og takknemlege for alle andre som har støtta drifta vår i løpet av året som har gått.

ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 250.000 kroner og gratis kontorlokale fram til sommaren.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) støtta med 350.000 kroner direkte til Framtida.no.

Framtidajunior.no har fått 200.000 frå LNK i 2020. Framtidajunior.no har òg blitt støtta av Utdanningsdirektoratet og Magasinett. Utdanningsdirektoratet støttar òg kursa våre i bokbad og debatt.

I 2020 har Framtida.no hatt ansvar for den redaksjonelle drifta av LNK.no, og har fått 350.000 i kompensasjon for dette. Framtida.no-redaksjonen har òg hatt ansvar for drifta av Pirion.no og Magasinett.

Norsk Kulturråd har gjeve Framtida.no 180.000 kroner i tidsskriftstøtte.

Fritt Ord støtta demokratiprosjektet vårt med til saman 75.000 kroner.

Bergesenstiftelsen har støtta eit miljøjournalistikkprosjekt i Framtida.no og Framtida Junior med 75.000 kroner. Vestland fylkeskommune har støtta dette med 50.000 kroner.

Sparebanken Vest har støtta Nesten vaksen-prosjektet vårt med 10.000 kroner.

Framtida.no har òg hatt nokre inntekter frå sal av bilde og artiklar til aviser, debattkurs og leiing av debattar og bokbad.

Spreiing og nyhendebrev

I 2020 er det framleis fleire aviser som har lagt ut nyhendeboksar frå Framtida.no på sidene sine. Me har gjort det lett for biblioteka å leggja ut siste nytt om bøker og siste bokmeldingar frå Framtida.no på nettsidene sine. Så langt har over 30 bibliotek lagt ut dette på nettsidene sine, og det er berre til å ta kontakt om du ønskjer dette.

Framtida.no har òg eit nyhendebrev for boknytt. Meld deg på her!

I serien vår «I klårtekst» har me skrive om antibiotikaresistens og forklart andre aktuelle saker. Denne serien held fram til neste år. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Planar for 2021

Framtida.no skal bli endå betre på å skriva om kultur, politikk, klima, identitet, skule og jobb/yrkesval for ungdom. Me ønskjer å bli oppfatta som ei seriøs avis for unge som tar ungdom og generasjon alvor på alvor. Me vil likevel ikkje berre vera alvorlege – det må vera rom for underhaldning òg.

Framtida.no planlegg fleire nye artikkelseriar. Me har fått støtte frå Fritt Ord til ein artikkelserie om gløymde kriser. Denne vil me starta på rett etter nyttår. Me vil òg halda fram med serien vår med forklarande saker; I klårtekst og serien Nesten vaksen.

Det viktigaste løftet vårt til neste år er å dekkja stortingsvalet på ein måte som engasjerer unge. Som ein del av denne satsinga vil me invitera til debatt både på nett og i fleire bibliotek som me samarbeider med.

Framtida.no vil i året som kjem invitera endå fleire aviser, skular og kommunar til samarbeid. Me vil også arbeida for å bli endå meir brukt i skulen.

I januar startar me kåringa av nynorsktalent me vil sjå og høyra meir av i framtida. Denne kåringa gjennomfører me i samarneid med Norsk Målungdom og Nynorsk kultursentrum.

Framtida.no har to mål: å visa fram og auka engasjementet til ungdom, og vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no, Pirion og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les dei redaksjonelle rapportane våre frå 2019, 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012 og 2011!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med redaktør Svein Olav Langåker på epost!