Redaksjonell rapport 2013

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av 2013 har over 300.000 unike brukarar vore innom Framtida.no – det er ein auke på 100.000 samanlikna med i fjor – og ny rekord.

Trafikken har auka både dagleg og vekentleg. I løpet av ei veke er trafikken no på mellom 7500-10000 unike brukarar. Det er sett mange nye vekes- og dagsrekordar. 22. oktober sat me ein ny dagsrekord på over 16.000 unike brukarar. Same veke hadde me nær 50.000 unike brukarar.

Dette var mest populært på Framtida.no i 2013!

Meir eigenprodusert stoff
I løpet av 2013 har Framtida.no hatt ein redaksjon tilsvarande vel 2,5 årsverk. Tidleg på året fekk me støtte frå Vinjefondet til ein språkjournalist. Me fekk mange godt kvalifiserte søkjarar, og tilsette Andrea Nøttveit som vår første språkjournalist. Ho har jobba frå juni.

I tillegg har redaktør jobba i 100 prosent og me har hatt to deltidstilsette journalistar, fire sommarvikarar, fleire frilansarar, kommentatorar, bokmeldarar og andre skribentar som har skrive for oss.

Framtida.no byrja september med eit leselystprosjekt der me har byrja å skriva meir om bøker. Me har bokmeldingar og forfattarintervju – som både har blitt publisert i Framtida.no og i fleire lokalaviser som me samarbeider med.

I løpet desember passerte Framtida.no 6000 artiklar totalt – etter tre år og fire månader i drift.

Journalistikk som blir lagt merke til
I løpet av året har Framtida.no fått omtale eller blitt sitert 78 gonger i papiraviser, ifølgje buyandread.com. Det er ein auke på 6 frå i fjor. Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt 272 gonger i norske medium i 2013 mot 319 gonger i 2012, og 103 gonger i 2011.

ABCNyheter har brukt 36 saker frå oss i år, like mange som i fjor, medan dei brukte 15 saker i 2011. Fleire av sakene har sett dagsrekord for lesne saker hjå dei. Nynorsk Pressekontor og fleire av dei store riksavisene har sitert fleire saker frå oss.

Fleire samarbeidspartnarar
Me helsar Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes og Jærbladet som nye samarbeidspartnarar i løpet av året. Og framleis samarbeider me med lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Ryfylke, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Hordaland, Kvinnheringen, Sogn Avis, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og studentavisene Universitas, Studvest og Under Dusken. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på mykje godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenker til nettavisene deira.

Fleire aviser har i tillegg vald å leggja ut ein nyhendeboks på sidene sine, slik at lesarane deira får høve til å klikka på dei siste overskriftene til Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Med Magasinett har me samarbeidd om to skrivekonkurransar og ein fotokonkurranse i løpet av året. Den eine av skrivekonkurransane samarbeidde me også med Nasjonalt Garborgsenter om.

LES OGSÅ: Vann med innlegg om stemmeretten

Framtida.no har også samarbeidd med Nynorsksenteret og Stavanger Katedralskule om bruk av nynorsk i samfunnsfag.

Økonomi
I 2013 har Framtida.no vore meir avhengig av prosjektstøtte etter at Kulturdepartementet si støtte på 300.000 kroner i året tok slutt. ABC Startsiden har støtta med 200.000 – medan Landssamanslutninga av nynorskkommunar støtta med 400.000 kroner.

I februar blei Framtida.no tildelt 225.000 kroner frå Vinjefondet til eit engasjement som språkjournalist. I desember 2012 blei Framtida.no tildelt 70.000 kroner frå Riksfondet for nynorsk i pressa til dette. Me fekk også 50.000 frå Fritt Ord til ein artikkelserie om det politiske i språket. Pengane har gått både til språkjournalisten vår og til innkjøpte artiklar frå frilansarar og skribentar.

Like etter fekk Framtida.no og Nasjonalt Garborgsenter 170.000 kroner i støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet til eit prosjekt i høve stemmerettsjubileet. Pengane har gått til ein artikkelserie, ein skrivekonkurranse og ein debatt på Garborgsenteret. Barne- og likestillingsdepartementet støtta markeringa vår av stemmerettsjubileet med 50.000 kroner. Pengane gjekk til nettduell, artikkelserie og ein debatt på Litteraturhuset i Bergen. Begge debattane trakk fullt hus.

Kulturdepartementet har gjeve 120.000 i kroner i støtte til leselystprosjektet vårt.

Elles har me auka inntektene frå annonser i 2013, og budsjetterer med auka inntekter i 2014. Framtida.no har òg auka inntektene frå lokalaviser som me har levert stoff til. Me utfører også marknadsundersøkingar og anna konsulentarbeid for nokre lokalaviser.

Abonnement
I 2013 er det fleire aviser som har byrja å leggja ut nyhendeboksar på sidene sine. Me har òg gjort det mogleg for brukarane våre å abonnera på rss-feedar frå kvart enkelt tema, anten det er snakk om politikk, litteratur, film, yrkesval eller siste nytt om fråfall i vidaregåande skule.

Les meir om dette og korleis du klikkar deg til meir nynorsk her!

Planar for 2014
I 2014 vil me markera Grunnlovsjubileet med å skriva om demokratiet vårt, og sjå på korleis dette kan bli utvida ytterlegare. Me vil også halda fram med leselystprosjektet vårt, og skriva endå meir om nynorsk litteratur. Me vil i tillegg halda fram med å invitera til debatt.

Framtida.no har også planar om å spreia nyhenda våre endå meir og gjera det lettare å lesa oss på mobil og nye plattformer.

Me vil òg invitera fleire aviser, skular og kommunar til å samarbeida med oss. Målet er å vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2012 her!

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2011 her!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med Svein Olav Langåker på epost eller del tankane dine i kommentarfeltet under!