Høgre, FrP, Venstre og KrF løyver midlar til Framtida.no og Framtidajunior.no

I Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett blir det sett av 1,2 millionar kroner til Landssamansluttninga for nynorskkommunar (LNK) for tiltaka Framtida.no og Framtidajunior.no.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er veldig glade og takknemlege for støtta. Dette sikrar drifta vår ut året, og gjer at me kan halda fram med å laga eit best mogleg digitalt tilbod på nynorsk som når mange barn og unge, seier Svein Olav B. Langåker, redaktør for Framtida.no og Framtidajunior.no.

– Nynorsktiltak er viktig for dei fire regjeringspartia, seier stortingsrepresentant Terje Breivik (V). Foto: Stortinget

I dag kom pressemeldinga om at Landssamanslutninga av nynorskkommunar får 1,2 millionar i revidert nasjonalbudsjett.

Stortingspolitikar Terje Breivik (V) meiner løyvinga viser at nynorsktiltak er viktig for dei fire regjeringspartia.

– Framtida.no og Framtidajunior.no er gode nynorsktiltak som leverer journalistikk til born og ungdom som ikkje har tilgang på si eiga målform elles, seier Breivik i pressemeldinga.

Viktig satsing for barn og unge

Landssamanslutninga av nynorskkommunar og ABC Startsiden etablerte nyhende- og debattavisa Framtida.no i 2010. I 2017 starta Framtidajunior.no for barn mellom 7 og 13 år.

Tiltaka stod utan støtte etter handsaminga av statsbudsjettet, men fleirtalet i Kulturkomiteen på Stortinget påpeika at dette var viktige tiltak som burde vidareførast.

– LNK er eit tiltak samarbeidspartia har støtta i mange år og det er kjekt at Stortinget med regjeringspartia i spissen nok ein gong bidrar til å fremja nynorsken, seier Helge Andre Njåstad (FrP) i ei pressemelding.

– Ei anerkjenning av det viktige arbeidet som blir gjort, seier Liv Kari Eskeland (H). Foto: Høgre

Etter 2013 har han vore med på å sikra støtta til LNK i fleire statsbudsjett saman med dei Høgre, Venstre og KrF.

Løyvinga gjeld for 2019 og er del av semja om revidert nasjonalbudsjett mellom dei fire partia på Stortinget.

– At støtta no vert vidareført er ei anerkjenning av det viktige arbeidet som vert gjort, og det bidreg vonleg til at born og unge opplever at formidling på nynorsk i seg sjølv har ein eigenverdi, meiner Liv Kari Eskeland (H), som er tidlegare styremedlem i LNK.

Så langt i år har Framtida.no og Framtidajunior.no nådd over 110.000 brukarar kvar månad, noko som er ny rekord.

Tore Storehaug på kontoret sitt på Stortinget. Foto: Runar B. Mæland

Treng meir føreseieleg støtte

Nynorsk Forum sendte i vår eit brev til Kulturdepartementet der dei 17 organisasjonane bad om at det blei løyva midlar for å sikra at tiltaka blir vidareført.

­– Med denne løyvinga kan Framtida.no og Framtidajunior.no halda fram med drifta si i 2019, det er svært gledeleg. Framover er det eit mål å få gjort denne støtta meir føreseieleg, særleg når vi ser at tiltaka har brei støtte blant målorganisasjonane og på Stortinget, seier Tore Storehaug (KrF).

Mållagsjubel

Noregs Mållag spelte òg inn forslag om løyvingar til LNK i revidert statsbudsjett og er nøgde med tildelinga.

– No har nett det skjedd, og vi er glade for at regjeringa skjøner at barn og unge må få eit tilbod om aktuelt lesestoff på nynorsk som ei motvekt mot den store mengda av lesestoff på bokmål, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

Og Målungdomm feirar sjølvsagt med Mozell: